Eggepanne

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det var verdens eggdag i går og det vart grundig feira i heimen! I dag vart det eggepanne med squash, vårløk og tomat til brunsj. Oppskrifta har eg funne på matprat.no sine nettsider.

Når du skal lage eggepanne, eller omelett, kan ein bruke det ein har i kjøleskapet. Dersom du har egg i hus kan du lage det meste! I denne eggepanne kan du ha ulike sortar grønsaker eller du kan nytte middagsrestar og påleggsrestar.

Dette treng du (4 porsjonar):

6 egg

6 ss vatn

salt og pepar

1 fedd finhakka kvitløk (kan sløyfast)

8 cherrytomatar i skiver

1/4 grøn squash i skiver

1-2 dl riven ost

2 vårløk, snitta på skrå

Slik gjer du det:

  • Fres vårløk og squash i litt olje eller smør på steikjepanna. Ha det over på ein tallerken når det er ferdig. Skal vere gyllent og mjukt.
  • Visp lett saman egg, vatn, salt, pepar og evt. kvitløk.
  • Slå eggeblandinga i ei middels varm steikjepanne. La eggeblandinga stivne litt.
  • Legg på ost, squash, vårløk og tomat.
  • La eggepanna stivne heilt. Du kan gjerne skru ned varmen litt og legge på eit lokk. Dersom du kan ta handtaket av steikjepanna, kan du setje den i ein forvarma ovn på 200 grader i 8-10 minutt.
  • Server med rista brød (skjær av skorpene og sprøsteik skivene i olivenolje i steikjepanna) eller rundstykker. Dersom du skal serverer egge panne til lunsj smakar det godt med salat til.

Variasjon

Som sagt er utgangspunktet for ein god omelett egg og vatn. Fyllet, eller toppingen, kan du variere i massevis! Her er nokre alternative ingrediensar som du gjerne kan fiffe opp omelette med:

  • bytt ut vatn med fløte eller mjølk
  • paprika
  • raud løk
  • sopp
  • gulrotstrimlar
  • kokt skinke
  • spekeskinke
  • bacon
  • kyllingbitar
  • fetaost
  • kremost frå tube

Server gjerne omelett som mat til gode klubbvenninner, snacks til gutta boys som skal sjå fotballkamp, til svoltne småindianarar som kjem heim etter jakt i skogen, eller rett og slett som frukost, mellommåltid eller kvelds. Om du har restar til overs er det berre supert; det tek du med som niste på jobb neste dag!

Følg gjerne «På kjøkkenbenken» på Facebook, på Twitter, på Instagram (søk på tovehd) og kik gjerne innom kvardagsbloggen min!

…og om du er klar for julegåvehandel, må du gjerne kike innom haugenbok.no sine matboksider og bestille i veg! Mange flotte bøker, mange gode tilbod, rask levering og god service! Der er tusenvis av bøker å velje blant – her finn du litt for ein kvar smak! Meir om mitt samarbeid med haugenbok.no kan du lese om her

PS! I kveld skal vi feire ein feiande flott 40-åring og då skal eg lage med meg Rocky Road-kake! Dette er absolutt kaka å lage dersom du vil servere noko søtt og godt til laurdagskosen i kveld! Oppskrifta finn du her.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Frukost, Smårettar | Tagged , , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Eggepanne

  1. Torill sier:

    Deilig! Eg har nettopp fått 60 egg frå frittgåande høner på Hareid. Så her et vi egg til vi ser gult 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *