Verdens eggdag – «Egg Cocotte»

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Visste du at andre fredagen i oktober er Verdens eggdag? Dette vert heilt sikkert markert på matbloggar både i inn- og utland; og sjølvsagt på kjøkkenbenken heime hos oss!

Eg tjuvstarta litt i går og laga ein lette lunsjrett til meg og husbonden. «Egg Cocotte» er ein enkel, men svært smaksrik rett som eg aldri hadde laga før. Oppskrifta og insiprasjonen fann eg på matprat.no sine sider. «Egg Cocotte» er eigentleg ein klassisk, fransk frukostrett, men eignar seg godt som lunsj, venninnemat eller klubbmat. Det er så enkelt å lage at ein lett kan ordne eit matbit i ein fei!

Til fire personar treng du:

4 porsjonsformer (smør dei med margarin)

4 egg

2 dl riven ost (eg vil anbefale vellagra Norvegia)

4 ss creme fraiche (ei per form)

12 små cherrytomatar

salt og kverna peppar

Timian, fersk eller tørka

Slik gjer du det:

Varm opp omnen til 220 grader.

Smør formene med margarin.

Fordel riven ost i botnen av formene.

Legg i 1 ss creme fraiche i kvar form.

Del cherrytomatane i to og fordel likt i formene (seks halve tomatar i kvar form). Trykk dei litt ned i creme fraiche´en.

Knekk eit egg i kvar form og strø med salt og pepar

Set formene på rist midt i omnen, steik i 10-15 minutt (hos meg må dei steike i 15 minutt – prøv deg fram).

Tilbehør

Det einaste tilbehøret denne retten treng, er rista brød. Varm opp olivenolje på steikjepanna, skjær skorpa av brødskiver og legg dei i den varme oljen. Steik på begge sider til dei vert gylne og sprø – pass varmen! Ta dei av plata når dei er ferdige, strø over litt fingerknust maldonsalt og skjær skiva i to – lag gjerne triangel!

Anrett brødskivene på ein tallerken, gjerne i lag med litt salat. Eg brukte berre ruccola og tomat. Server i lag med «Egg Cocotte».

Variasjon

Om du søkjer etter «Egg Cocotte» på nett, vil du sjå at retten lett kan varierast. Etter det eg har forstått er det mest rett å lage «Egg Cocotte» med fløyte. Hovudsakleg består den av riven ost, fløyte og egg. I denne varianten, som matprat.no har laga, har dei bytta ut fløyte med creme fraiche og tilsett cherrytomatar. Creme fraiche gav smaken ein lett syrleg smak som gjorde retten fantastisk god. Du kan også tilsette spinat eller paprika. Men sidan det er ein enkel rett, trur eg det er lurt å unngå så altfor mange smakskombinasjonar.

I dag kosa eg og kjærasten oss med «Egg Cocotte» for aller fyrste gong; men absolutt ikkje den siste! Dette var så utruleg godt at det kan hende det står på menyen både til frukost, lunsj og kvelds!

Om du skal unne deg litt fredagskos i kveld, så kan eg verkeleg anbefale «Egg Cocotte»!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Frukost, Haustmat, Smårettar | Tagged , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Verdens eggdag – «Egg Cocotte»

  1. Svein Vatne sier:

    Hei. Eg såg eit bilete av denne retten som Linda la ut på instagram. Det såg så godt ut ! Og så enkelt at sjølv far kan lage det 🙂 Så denne retten gler eg meg til å smake. Elles fortener du mykje skryt for matbloggen din. Eg er no inn på og kikar litt innimellom. Mange gode tips til både enkel og meir avansert mat som det er kjekt å lære å lage.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *