Bjørnekake – mat for tøffingar!

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Det var syster mi, Linda, som introduserte meg for Bjørnekake. Eg hadde ikkje høyrt om det før, men skjønte fort at dette måtte vere god turmat. Ho hadde sett den fantastiske Ut i naturen-dokumentaren om Elise Theoline, ei fantastisk jente som elskar friluftsliv, og det var ho som hadde laga bjørnekake. Grunnen til at det heiter Bjørnekake, er fordi ein av hovudingrediensane er Bjørn Havregryn, og difor kallar ho det altså Bjørnekake.

Ein kan sjølvsagt lage bjørnekake heime på kjøkkenet. Det er god og mettande kveldsmat for svoltne ungar eller kosemat for vaksne som vil ha seg eit sunt og mettande mellommåltid. Men, det passar absolutt best å lage Bjørnekake ute. Det er slettes ikkje vanskeleg; bland ta med deg alle ingrediensane du treng, ta med ei  steikjepanne du kan bruke på bål, fyr opp bål og la det stå til!

På bloggen sin skriv Elise Theoline korleis du skal lage Bjørnekake:

«Bland sammen egg og en del Bjørn havregryn til ei røre. Ha oppi det du vil av mais, sopp, løk, purre, gulrøtter, osv. Jo flere grønnsaker, jo bedre! + litt salt. Så bruker jeg en skje for å legge noen klumper av røra på stekepannen. Etter hvert blir de nesten som lunsjkaker. Veldig godt å drøsse på litt chilikrydder når de er ferdige. Av og til har jeg oppi litt store havregryn for at de skal bli litt sprøere og mer snacks aktig.» (sitat frå Elise Theoline sin blogg).

Eg hadde med meg ein gjeng med tanteungar og laga Bjørnekake på bål i fjøra. Vi gjorde det enkelt. Ingrediensane vart kutta opp heime; vi tok ein enkel variant med 3 egg, 1 stor gulrot i små bitar, 1/2 løk i små bitar, salt, pepar, nok havregryn til at det vart tjuktflytande konsistens og så vart bjørnekaka steikt i smør på panna. Supert turtips: ziplock-posar kan brukast til det meste! Det er heilt supert å bruke dei til å blande ingrediensar i; putt i alt du skal ha i røra, rist posen eller knip forsiktig på den slik at alt blir blanda. Ein kan også lage kakerøre på denne måten! 

Elise Theoline hadde røra så tjukk at ho forma små kaker, medan mi røre var litt tynnare slik at den dekte heile panna og så delte eg den i små bitar etterpå. Bjørnekakene kan etast akkurat slik som dei er, eller du kan servere ein god salat til.

Midt i bølgeskvulp, barnelatter og måseskrik sette eg meg på ein stein i fjøra og kosa meg med Bjørnekaka mi. Det er ikkje til å kome vekk i frå at mat smakar fantastisk godt ute. Ein skulle berre ha gjort det litt oftare. Det er ikkje så vanskeleg og avansert som ein trur. Ikkje tidkrevjande heller. Eg har bestemt meg for at vi må verte flinkare. Gjere det oftare. Eksperimentere meir. Elise Theoline er eit fantastisk føredøme for barn og unge – og ikkje minst oss vaksne! Bloggen hennar finn du her, og den er vel verd eit besøk!

Ut i naturen-dokumentaren som NRK laga om Elise Theoline, Min ungdoms vår,  er både rørande, inspirerande og tankjevekkjande.

Om du vil sjå heile dokumentaren, finn du den her.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Haustmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Bjørnekake – mat for tøffingar!

  1. Linda HD sier:

    Bjørnekakene mine!! Dokumentaren om Elise Theoline bør sjåast av ALLE.

  2. Så artig å se at dere liker bjørnekakene, og takk for koselig ord 😀 Det varmer!!
    Innmari bra blogg du har, fine bilder, godt beskrevet oppskrifter og bra tips! Denne vil jeg bruke mer fremover 🙂

    Takk Tove 🙂

    • Tove sier:

      Så kjekt at du fann vegen innom bloggen min, Elise Theoline! Du er hjarteleg velkomen på bloggen min anytime!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *