Banankake – slik Gunda gjer det!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Ingen her i huset likar å ete dei brune bananane. I staden for å kaste dei er det fleire lure ting ein kan gjere med dei, til dømes å fryse dei heile for så å bruke dei i smoothies ved eit seinare høve. Eller du kan lage banankake. Gunda har ei supergod oppskrift i matboka si «Smalhans».

Dette treng du (10-12 porsjonar):

2 egg

3 dl sukker

2 overmodne bananar

130 g smelta smør

4 1/2 dl mjøl

3/4 dl mjølk

2 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

1 ts natron

   Glasur:

125 g naturell kremost (Tine eller Philadelphia)

Rive skal av ein sitron

125 g melis

Litt vaniljesukker med ekte vanilje

Set omnen på 180 grader.  Smør ei brødform og legg ein strimmel med bakepapir i botnen (gjer det lettare å ta ut kaka etterpå). Lag eggedosis. Mos bananane og bland dei i eggedosisen. Ha alt det tørre i ein eigen bolle. Rør det tørre inn i eggedosisen vekselvis med mjølka. Rør inn smøret til slutt.

Ha røra i forma og steik kaka i 45-50 minutt. Sjekk med ei kakenål om den er ferdig. Rør saman glasuren og smør den over kaka. Pynt gjerne med det du måtte ha i hus av kakepynt. Vår kake fekk nydelege haustblad til pynt.

Vi gjorde nokre få endringar på Gunda si oppskrift. Det låg ei plate kokesjokolade i skuffa som vi kutta i små bitar og putta i røra til slutt. I tillegg mangla vi vaniljesukker og måtte bruke ekte vanilje i stadenfor. Vi kutta ei halv vaniljestang i to og skrapa ut vaniljefrøa.

 Boka «Smalhans» er skriven av Gunda Djupvik og gitt ut på Samlaget i 2011. Tove Breistein har illustrert boka. Den Norske Bokdatabasen seier dette om boka:»Boka inneheld oppskrifter på sunn og rask mat som ikkje kostar så mykje, både tradisjonsrike norske rettar og eksotisk mat som er lett å lage sjølv.» Alle oppskriftene i boka er nøye utarbeidde og gir rom for variasjon. Dersom du vil lese meir om boka eller kjøpe den, kan du klikke på denne lenkja – då kjem du direkte til haugenbok.no. Boka eignar seg godt om ein treng å snu litt på kronene, eller at ein rett og slett berre er litt økonomisk og vil lage mat som kostar mindre, men som likevel smakar godt. Det eg likar best med boka er at den er ujålete, oppskriftene er lette å forstå og har ingrediensar som ein kan få tak i overalt. Eg veit mange som kjøper denne boka til ungdomar som har flytta heimanfrå for fyrste gong og som lite pengar å bruke på mat. Og der er sjølvsagt dei som brukar boka rett og slett fordi den er så full av god kvardagsmat!
Eg samarbeider med haugenbok.no og denne bokanbefalinga kan knyttast til det samarbeidet. Du kan lese meir om dette samarbeidet med haugenbok.no her
Haugenbok.no – største og raskaste nettbokhandelen, billege bøker og best på service!

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under haugenbok.no, Kaker, Kokebøker | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *