UTEMAT med Cecilie Skog

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no.

Matboka «UTEMAT» av Cecilie Skog og Esben Johansen inspirerer meg. På ein enkel måte klarer Cecilie og Esben å formidle både turglede og matglede. Eg er glad i å ta med meg familien i fjøra og lage eit enkelt måltid. Vi har alltid bål, men det er ikkje alltid vi lagar noko. Av og til er det berre pølser. Eller marshmellows. Det er det absolutt enklaste, men «Utemat» overbeviser når dei prøvar å formidle at det kan vere enkelt å lage sjølv litt avansert mat ute.

Vi kjenner Cecilie som fjellklatrar og ekspedisjonsfarar. Ho er kjent for turane sine til Mount Everest, Sydpolen og Nordpolen, men er òg godt kjend i Sunnmørsalpane (…og eg er så heldig at eg bur midt mellom desse vakre tindane…) og har vore fjellførar for Tindesenteret. Esben Johansen er utdanna kokk og har vore kjøkkensjef med lang erfaring frå både storkjøkken og restaurant. Esben er ein aktiv friluftsmann.

Eg deler fullt og heilt Esben sin filosofi når det gjeld å lage mat ute; «I disse dager skal alt være så lettvint og alt skal gå så fort, selv når du drar på tur. Det er et paradoks, for de fleste har jo egentlig ganske god tid da. Det er som regel mange timer til du skal legge deg når du har kommet frem og slått leir, så hvorfor ikke bruke tiden til å lage et måltid du ikke kommer til å glemme så lett? …Jeg håper boka kan inspirere store og små til å dra på turer der maten er et av høydepunktene»seier Esben i forordet.

Boka er delt inn i 12 kapittel: bruken av boka, bålet, brød og kjeks, supper, søtt og godt, matpakker og salat, drikke, fisk, frokost og pannekaker, helgetur, kokeklar og langturmat.

I det fyrste kapitlet, «Bruken av boka», gir forfattarane ei god innføring i korleis ein best mogleg kan gjere seg nytte av boka. Dei seier noko om porsjonar og mengd, om å førebu seg førehand, tips til raske løysingar, korleis ein best kan oppbevare mat og brensel når ein er på tur, litt om hygiene og kva utstyr ein treng for å kunne lage rettane i boka. Det fine med oppskriftene er at det ikkje er så mykje utstyr ein treng. Dersom du har ein kjele, ei steikepanne, kaffikjel og ein god kniv, ja då skal du klare deg godt som kokk når du er ute på tur.

Alle oppskriftene vert innleia med å seie noko om kva du eventuelt må førebu heime og kva utstyr du treng å ta med deg på tur. Dersom ikkje noko anna er oppgitt, er alle oppskriftene berekna til to skrubbsvoltne personar på tur. Instruksjonane er så enkle at boka også er godt eigna for barn og ungdom som vil prøve seg som friluftskokkar. Det er rett nok ikkje alle oppskriftene som vil appellere like mykje til den yngre garde, men her er meir enn nok å velje i – sjølv for dei mest kresne!

Eg har til dømes ikkje tenkt over at ein kan lage «sylta fisk» når ein er ute på tur, på ein enkel og grei måte! Det du treng for å lage dette er: beinfri filèt av feit fisk, sukker, 7% eddik, heil svart pepar, sennepsfrø, heil nellik, salt, laurbærblad og løk. Alt dette skal ei boks eller ein ziplock-pose og oppbevarast kaldt i seks timar. Om det er sommar, kan du legge posen med fisk i ei myr, t.d. 

Tenk så deilig å lage fiskesuppe på bål i fjøra, uansett kva tid på året det er! Kanskje har du fiska fisken sjølv? Dette er ein enkel rett å lage, men du må berekne å førebu litt heime før du reiser på tur. Det luraste er å skjære opp alle ingrediensane heime og putte dei i ein ziplock-pose. Då er det berre å putte alt i gryta når ein har fått fyr på bålet.

Kapittelet med søtt og godt  er fullt av herlege dessertar, både for store og små. Eg kan godt tenkje meg å slå leir ein plass i skogen og steikje camembert eller brie på bål, for så å toppe det heile med søte molter eller blåbær. Ungane har allereie funne sinn favoritt;

Neste gong vi tek med oss mat og utstyr for å lage mat ute, står bananpanne heilt klart på dessertmenyen! Så enkelt – så godt; banan, sukker, litt vatn og nøtter. Nøttene må ein sjølvsagt utelate om ein har allergikarar i turfølget. Det er forresten det som er så fint med oppskriftene i denne boka; ingrediensar kan lett sløyfast eller byttast ut med noko anna.

Boka «Utemat» er ei bok for alle som er glade i å vere på tur eller som har lyst til å verte inspirerte til å reise på tur. Oppskriftene er tilpassa både dagsturar og lengre turar, du kan reise langt til fjells eller fyre opp bål i hagen. Etter å ha lese denne boka frå perm til perm, er eg overbevist om at den kan inspirere alle og ein kvar til å verte flinkare til å tenkje at ein like godt kan lage maten ute. Det handlar om å vere godt budd og ha det naudsynte utstyret. Ein vil raskt sjå at ein kan lage ganske så avanserte rettar ute utan at det verken er vanskeleg eller tek altfor lang tid. 

Du kan kjøpe boka på haugenbok.no. Akkurat no er boka på tilbod til kr 305,-. På ordre over kr 249,- får du boka tilsendt fraktfritt. Dersom du vil kjøpe boka eller lese meir om den, kan du klikke på denne lenkja: UTEMAT. Boka er utgitt på Gyldendal Norsk Forlag.

Boka er ei flott gåve til alle som er glade i å vere ute på tur, eller ei gåve til nokon som burde ta beina fatt og kome seg ut på tur! Og for all del; ALL MATEN KAN DU LAGE HEIME PÅ KJØKKENET, men då går du sjølvsagt glipp av den fantastiske turkjensla! 

Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no. Du kan lese meir om samarbeidet mitt med dei her

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under haugenbok.no, Kokebøker | Tagged , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to UTEMAT med Cecilie Skog

  1. Fin anmeldelse av «Utemat». Skrev nettopp om den i en sak om høstens kokebøker, kom gjerne med innspill om du vil! http://blogg.nrk.no/bok/2012/10/05/h%c3%b8sten-kokeb%c3%b8ker-oppskrifter/

  2. Irene sier:

    Denne ramla ned i postkassa mi sist ute, har bare fått testa pinnebrød oppskriften så langt, men gleder meg til å få bladd mer i den og få testet ut fler av oppskriftene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *