Haugenbok.no er trygt plassert på kjøkkenbenken!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er ei STOR glede for meg å kunne fortelje lesarane mine at eg har vore så heldig å få til eit samarbeid med haugenbok.no. Dei aller fleste kjenner godt haugenbok.no og har handla bøker der.

Då eg var lita jente kjøpte eg mine aller fyrste viskeler og blyantar på Haugen Bok i Volda. For ei bokelskande og leseglad jente var det som å kome til paradis når ein fekk rusle langs bokhyllene og sjå på alle dei flotte bøkene. Då eg fleire år seinare var student i Volda, var eg heilt avhengig av ein oppegåande bokhandel som kunne levere dei bøkene eg trengte, så fort som råd. Allereie då utpeika bokhandelen seg. Samanlikna med andre var dei best på service, best på pris og best på levering. Alle bøkene kom når dei skulle og til prisar som ein student kunne leve med.

For fleire år sidan vart den levande bokhandelen Haugen bok gjort om til den pulserande nettbutikken haugenbok.no. Dei var blant dei fyrste aktørane på marknaden og har halde stand sidan. Haugenbok.no har eit utal gongar vorte kåra til den desidert beste nettbutikken for  bøker.

Bileta nedanfor er klipt ut frå ymse artiklar, nettaviser etc.:

 

Kva går samarbeidet ut på?

Samarbeidet mellom «På kjøkkenbenken» og haugenbok.no gjer det mogleg for meg å hente bøker på haugenbok.no som eg har lyst til å lese og anbefale for lesarane mine. Det er juridisk rett av meg å fortelje korleis samarbeidet skjer:

  • Haugenbok.no legg ikkje føringar for kva bøker eg skal anbefale.
  • Eg får fritt velje blant bøker dei har tilgjengeleg.
  • Det skal kome fram i alle innlegg som kan knyttast til samarbeidet mitt med haugenbok.no at innlegget er sponsa.
  • Innlegga knytt til samarbeidet med haugenbok.no har lenkjer knytt til den aktuelle boka.
  • Alle innlegg knytt til samarbeidet med haugenbok.no vil ha ei lenkje til dette innlegget, slik at lesaren kan lese kva samarbeidet går ut på.
Haugenbok.no har fri frakt på ordre over kr 249,- og kr 39,- i porto for ordre under kr 249,-. Om du bestiller bøker frå haugenbok.no kan du vere så heldig at du har boka i postkassa di dagen etterpå! Er det noko du lurer på, kan haugenbok.no svare deg både på nett og over telefon.
I morgon kjem eg med omtale av boka «Utemat» av m.a. Cecilie Skog.
PS! Biletet av dei tilsett ved haugenbok.no har eg lånt frå Twittersida til haugenbok.no
Du finn haugenbok.no si heimeside her, og du kan følge dei på Twitter og på Facebook.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kokebøker | Tagged , , , , , | 10 Kommentarer

10 Responses to Haugenbok.no er trygt plassert på kjøkkenbenken!

  1. Tilbaketråkk: UTEMAT med Cecilie Skog | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  2. Tilbaketråkk: Banankake – slik Gunda gjer det! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  3. Tilbaketråkk: Eggepanne | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  4. Tilbaketråkk: Gåvepakke frå Haugenbok.no! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  5. Tilbaketråkk: Feelgood-bok av Maria Hovtun | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  6. Tilbaketråkk: Nigellakake – søtt og syndig! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  7. Tilbaketråkk: «Enestående» besøk på kjøkkenbenken – Chicken Satay! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  8. Tilbaketråkk: Lefse og søst - sunnmørsk festmat! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause målPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  9. Tilbaketråkk: Heimelaga is - rein nytelse! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause målPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  10. Tilbaketråkk: Heimelaga is - rein nytelse (basisoppskrift) | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause målPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *