Den store kanelbolledagen!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Visste du at svenskane feirar den nasjonale «kanelbullens dag» i dag? Eg er veldig glad i kanlebollar, så dette høyrest ut som ein flott dag å feire! Eg har gått i arkivet frå min gamle blogg og funne fram favorittoppskrifta mi som eg gjerne vil dele med dykk!

Eg har dobla den opprinnelege oppskrifta og du får sikkert 50 rause kanelbollar med denne oppskrifta.

Dette treng du:

300 g smør

12 dl mjølk

100 g gjær (helst ferskgjær)

2 egg

3 dl sukker

2 ts kardemomme

ca 2 kg kveitemjøl

Slik gjer du det:

Smelt smøret, ha i all mjølka og varm til 37 grader. Rør gjæra ut i mjølkeblandinga og ha alt over i ein stor bakebolle. Tilsett samanpiska egg, sukker, kardemomme og mjøl. Elt deigen i ca 5 minutt i kjøkkenmaskin. Tilsett evt meir mjøl slik at deigen vert smidig.

Dekk bakebollen med plast og set til heving på ein lun stad i 30-40 minutt.

Deigen kan brukast til minst tre ulike bakverk:

  • vanlege bollar
  • skillingsbollar
  • kveitekrans/klippekrans med fyll

Den ferdig heva deigen vart delt i to. Eine delen laga eg skillingsbollar av og den andre halvdelen vart til ein stor kveitekrans med fyll.

Slik laga eg skillingsbollane:

Den eine halvparten eg hadde tatt unna til skillingsbollar vart delt i to ein gong til. Kvar halve vart kjevla ut til rektangel i passe tjukkelse. På toppen av kvart rektangel smurte eg eit lag med mjukt, godt smør og strødde over sukker og kanel. Så rulla eg det heile saman og skar skiver (om lag 1 cm tjukke).

Skillingsbollane vart lagt på bakepapirkledd bakebrett og fekk etterheve i om lag 30 minutt. Rett før steiking trykte eg ned midten på nokre av skillingsbollane og fylte dei med vaniljekrem. Det er som regel desse skillingsbollane som vert oppetne fyrst!

Eg steikte dei i ovnen på 230 grader i 12-14 minutt. Følg med undervegs, for alle omnar er ulike! Bollane skal ikkje vere for mørke!

Slik laga eg kveitekransen:

Eg tok den eine halvparten av deigen og kjelva den ut til eit stort rektangel. På midtfeltet smurte eg eit lag med makronfyll. Det kan du lage sjølv eller du kjøper eit halvfabrikat på butikken. På toppen av dette la eg eit tjukt og godt lag med vaniljekrem. Så bretta eg fyrst deigen inn frå den eine sida og så bretta eg inn deigen frå den andre sida. Du må altså tenkje deg at rektangelet skal delast i tre delar på langs. Pass på at du brettar inn endane så ikkje fyllet lek ut.

Få hjelp av eit par hender til og løft kransen over på bakepapirkledd bakebrett. Dersom du ikkje har nokon til å hjelpe deg klarer du det fint sjølv om du gjer det kontrollert og forsiktig. Kransen skal ligge med brettane ned, d.v.s. at den delen av kransen som låg ned mot benkeplata skal ligge opp når den har kome på bakebrettet.

Når eg har fått lagt kransjeken over på steike- brettet, tek eg ei rein saks og rett og slett klipper ned i kransen.

Du kan gjere mykje eller lite ut av dette. Eg gjorde ikkje annan enn å klippe. Dei klipte hòla opnar seg fint opp når kransen vert steikt.

La kransen på etterheve under eit klede på ein lun stad.

Pensle den godt med egg før du steikjer den.

Kransen skal steikjast på 225 grader i omlag 30 minutt. Følg nøye med under steikjeprosessen og sjå til at den ikkje vert steikt for mykje.

Kransen kan pyntast med melis før servering.

Oppskrifta fann eg i eit bilag i Allers.

Nokre viktige råd til bollebakarar:

  • Sørg for at alle råvarene ha romtemperatur
  • Elt lenge nok!
  • Hev lenge nok!
  • Pass på at deigen er dekt til under heving så ikkje deigen vert tørr!
  • Kna deigen godt etter heving, før du startar å lage bollar
  • Etterhev lenge nok!
  • Dekk til bollane så godt som råd når dei står til heving.
  • Gjærdeig har det absolutt best i lune omgjevnader! Unngå at der er trekk frå vindauge, dører etc der gjærbaksten står til heving.

TIL LUKKE TIL MED KANELBOLLEDAGEN!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Den store kanelbolledagen!

  1. RagnhildK sier:

    Takk for at du minnet meg på ‘kanelbolledagen’ i morges:) Kanelbullens dag må selvsagt feires – og oppskriften skal prøves ut!

  2. Tilbaketråkk: Sticky Cinnamon Buns – søtt og syndig! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *