Sjokoladepopcorn a´la Olav

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Når det er laurdag er det lov å kose seg litt ekstra! I kveld skal vi ha sjokoladeglasert popcorn, akkurat slik Hobbykokken Olav har lært meg! Hobbykokken sin fantastiske matblogg finn du her.

Sjokoladepopcorn har vorte ein favoritt her i huset og blir laurdagssnacks for store og små i kveld!

Ha olje i ein tjukkbotna kjele; akkurat nok olje til at det dekker botnen. Så slår du i maiskorn slik at heile botnen er dekt. Ha på lokk, skru på høg varme og vent på poppinga! PS! Ikkje la dei yngste minikokkane gjere dette utan at vaksne er tilstades! Løft opp gryta og rist litt med jamne mellomrom. Juster varmen dersom du ser at det vert for varmt. Når det går 1-2 sekund mellom kvart popp løftar du gryta av plata og så er popcornet ferdig. Slå det over i ei stor skål eller ein balje og salt etter ynskje.

Medan popcornet kjøler seg ned, smeltar du sjokoladen. Dersom du vil dekkje popcornet heilt med sjokolade, brukar du 150 g sjokolade per liter popcorn. Dersom du berre vil risle sjokoladen over, slik eg har gjort på bileta, kan du bruke litt mindre.

Ha sjokoladen i ei glasskål og smelt den i vannbad. Set sjokoladeskåla i ei panne med vatn, la vatnet gå litt opp over skåla, skru på svak til middels varme og rør medan sjokoladen smeltar forsiktig.

Dersom du vil dekkje popcornet heilt, slår du den smelta sjokoladen over popcornet og blandar godt. Viss ikkje legg du popcornet på eit serveringsbrett og rislar sjokoladen over. La gjerne popcornet stå kaldt til sjokoladen stivnar.

Eg kan love at dette er snadder! Berre eit lite tips; ha gjerne tørkepapir eller våtserviettar innan rekkevidde. Det kan fort verte litt kliss….

Y n s k j e r   a l l e   m i n e   l e s a r a r   e i n   f l o t t   l a u r d a g !


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Søtt og godt | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *