Middag i fjøra

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Mat smakar aldri så godt som når ein et den ute. Det koslegaste er sjølvsagt å lage mat på bål. Ta med seg litt ved heimanfrå, finne oppfyringsved i fjøresteinane, tenne på og kjenne den gode bållukta spreie seg. Og den gode, sprakande lyden….

Å lage mat ute er ikkje så komplisert som ein kanskje trur. Det meste handlar om kor godt ein førebur seg. Bestem deg for kva du vil lage, lag klart alle ingrediensane heime, legg alt i ziplock-posar og ta med det du treng av utstyr til å lage maten.

I dette blogginnlegget kan du sjå nokre stemningsbilete frå ein ettermiddag i august, då vi tok med stort og smått for å lage middag i fjøresteinane.

Om du vil prøve deg på ein «nybegynnarmiddag» i fjøresteinane så kan eg absolutt anbefale grønsakssuppe med pølsebitar!

Desse ingrediensane treng du (til om lag 6 personar):

5 store poteter

3 gulrøter

1/2 løk

1 purre

Pølser etter smak og behag og så mykje som ein vil ha

Vatn (ta med vatn på 1 1/2-liters flaske

Salt

Pepar

Ein liten klatt smør

Dette utstyret treng du:

Ved til å lage bål

Ei bålpanne, stor eller liten (bruk gjerne ei panne som høyrer til stormkjøkken, om du har det)

Noko å røre med (ta med aller lag av ein kvist du finn i fjøra)

Klype til å løfte panna av bålet

Fyrstikker til å fyre på med (evt tennbrikettar)

Noko til å ause opp suppa med

Pappkoppar og skeier

Slik gjer du det:

Smelt smørklatten i panna og ha i alle grønsakene. La grønsakene verte litt gylne før du slår i vatnet. Bruk nok vatn til at det akkruat dekker grønsakene, ha heller i meir seinare. Dersom du har fått god fyr på bålet vil det ikkje gå lenge før vatnet kokar. La grønsakene koke litt før du har i pølsene. Krydre med salt og pepar, smak for å sjå om suppa er passe krydra. Du må kanskje flytte panne på bålet for å sikre at den heile tida står stødig.

Dei mest svoltne måtte grille seg ei ventepølse medan suppa kokte! Spiddepinnar finn ein overalt i fjøra! Dersom du er lur lagar du ei deig med pinnebrød som du kan ta med, så kan dei steikje brød på bålet og ha som tilbehør til suppa!

Medan suppa kokar er det plenty med tid til leik og kos i fjøresteinane! Kanskje kan ungane finne krabbe? Kanskje kan dei bade litt? Denne gjengen her hadde i alle fall ikkje problem med å få tida til å gå medan dei venta på mat!

Server suppa i pappkoppar eller små skåler. Ungane kan ete med skei, eller dei ventar til suppar er så lunka at dei rett og slett kan drikke den rett frå koppen! Etter eit kaldt sjøbad smakte det fantastisk godt med suppe, kunne gjengen fortelje!

Ein slik middag smakar godt uansett kva ein putrar i suppa. Her er det fantasi, smak og behag som er viktig! Kanskje kan du lage heimelaga tomatsuppe på bål? Eller fiskesuppe? Tenk så deilig med fiskesuppa laga på bål, av fisk som ein har fiska sjølv! Eller ein kan ta med seg ungane i fjøra rundt barneTV-tid og koke havregraut til kvelds! Det gjer ingenting om det regnar eller bles; det er berre forfriskande! Og tenk så deilig det er å legge seg etter å ha ete kveldsmaten ute i frisk luft!

Medan eg rydda opp etter måltidet fekk gjengen boltre seg i fjøra. Når ein er ute på tur og lagar mat på bål, så er det viktig å rydde opp etter seg og ikkje etterlate for store «sår» i naturen.

  • la bålet brenne heilt ned
  • sløkk det med sjøvatn eller vatn
  • plukk opp rusk og rask
  • dersom du er på ein plass med fast bålplass, må du ordne til bålet slik at det er klart til neste som vil kome og bruke det
  • lagar du bål på ein annan plass, må du fjerne alle steinar og bålrestar slik at ein ikkje kan sjå at der har vore eit bål

Håper du vart inspirert til å ta med deg familien og lage middag ute! 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Middag - kjøt, Vegetar | Tagged , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Middag i fjøra

  1. Tilbaketråkk: Matåret 2012 | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *