Fårikål; ekte tradisjonsmat

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Her i huset blir haustsesongen alltid innvia med fårikålmiddag. Det blir ei heilt eiga stemning i huset når fårikållukta spreier seg i huset. Eg trur alle har eit forhold til fårikål og det er sikkert fleire måtar å variere denne tradisjonsrike og norske retten. Eg lagar fårikål akkurat slik det har vore vanleg å gjere det i Halse/Digernes-familien; enkelt og greit med kål, lam, peparkorn og salt. Tilbehøret er òg klassisk; poteter og gulrot. Det er alltid lurt å lage ekstra mykje slik at ein kan ha restemiddag neste dag. Fårikål smakar, om mogleg, bertre dagen etter! Pass berre på at du kjøler ned fårikålen raskt dersom du skal ha den til neste dag.

Dette treng du  (stor porsjon, nok til 6-8 personar)

3 kg fårikålkjøt av lam

1 1/2 stort hodekål

svarte peparkorn

3-4 ss salt

kokt vatn (nok til å nesten dekke kålet og kjøtet)

Slik gjer du det:

Kjøt og kål skal ligge lagvis. Start med kjøtet. Dersom kjøtstykka varierer i storleik kan du legge dei største nederst. Bruk nok kjøtstykker til å dekke botnen av gryta. Skjær kålet i «båtar» eller store skiver og legg eit lag over kjøtet. Strø med svarte peparkorn og 1 ss salt. Hald så fram med kjøt, kål og krydder. Denne oppskrifta er stor nok til at du får tre lag i gryta. Kok opp vatn i vasskokaren og slå det forsiktig ned langs kanten av gryta. Det skal ikkje vere meir vatn enn at det så vidt når over det øvste kjøtlaget. La kjøtet stå og småkoke (så vidt det putrar) til kjøtet er mørt, 1-2 timar. Smak gjerne litt på krafta undervegs, kanskje treng du å ha i meir salt.

Server fårikålen medan den er rykande varm. Pass på å få med litt av krafta. Poteter og gulrot er naturleg følge til fårikål. Mange likar også tyttebær til. Då eg serverte haustens fyrste fårikålgryte hadde eg invitert foreldra mine på middag. Mannen i huset hadde vore ute og plukke rognebær til meg, som også er fast tradisjon når vi innviar hausten! Fatet på biletet er frå eit middagsservise eg har arva etter mormor. Ho kjøpte tallerkenane på den lokale «alt mogleg»-butikken då ho og morfar var nygifte. Det betyr mykje for meg å ha slike skattar!

Kva er typisk haustmat for deg?

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Fårikål; ekte tradisjonsmat

  1. Fårikål er høstmat i denne heimen også 🙂 Med restene pleier jeg: renser kjøttet, koker opp kraften med poteter, kålrot og gulrot i biter – når dette er mørt…har jeg i kjøttet og kålen – la alt bli gjennomvarmt. FÅRIKÅLSUPPE 🙂

  2. Lisa sier:

    Takk for fin blogg, er stadig innom å leser 🙂
    Fårikål er skikkelig høstmat for oss og, og det sto på menyen igår. Vi har som tradisjon å ha gulroten oppi i gryten, ja den blir helt overkokt, men den smaker veldig godt 🙂 Og selvfølgelig kokte poteter til, gjerne med en kald øl som følge :))

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *