Panna cotta med bringebær og pasjonsfrukt

10 Flares Twitter 0 Facebook 10 Pin It Share 0 Filament.io 10 Flares ×
Print Friendly

Då eg feira 40-årsdagen min laga eg panna cotta til dessert. Panna cotta er ein utruleg enkel dessert og eignar seg godt til å lage store mengder av. Utfordringa mi var å finne ut korleis i alle dagar eg skulle servere den! Desserten tek seg godt ut i fine porsjonsskåler eller høge glas, men til så mange gjestar som eg hadde vart dette vanskeleg. Løysinga var å kjøpe «porsjonsglas» frå Ib Laursen og så la gjestane få kvart sitt glas i gåve!

Dette er eigentleg ein god idè i mange samanhengar. Det set den berømmelege prikken over i`en og gjestane blir glade for å få med seg ein liten ting heim! På bursdagen min laga eg panna cotta kun med pasjonsfruktsaus, men då eg hadde foreldra mine på middag i går laga eg bringebærlokk i tillegg til pasjonsfrukta.

Panna cotta er ein ganske mektig dessert, så denne oppskrifta rekk til 5-6 personar.

Dette treng du til panna cotta:

2 pakkar fløte (1/3 liter x 2)

1 stor vaniljestang

150 g sukker

skalet frå ein sitron

5 gelantinplater

Slik gjer du det:

Ha fløte, sukker, vaniljestang (del den i to og skrap ut frøa, ha alt i fløteblandinga) og sitronskal i ei panna. La det koke forsiktig opp medan du rører heile tida. La blandinga få koke opp og ta den av plata med ein gong. Legg så gelantinplatene i bløyt i om lag 4 minutt.

Sil fløteblandinga over i ei mugge, ha i gelantinplatene som har vore i vatn (knip forsiktig av overflødig vatn) og rør heilt til gelantinplatene er oppløyst.

Slå fløteblandinga i porsjonsskåler, stettglas eller andre glas som kan eigne seg. Set i kjøleskapet slik at den får stivne.

Medan panna cottaen står i kjøleskapet lagar du gelèlokket. Det er lurt å vente med å lage den til panna cottaen er stiv.

Til dette treng du:

Ca 150 g bringebær

3-4 ss sukker

1 dl vatn

3 gelantinplater

Slik gjer du det:

Ha bringebær, sukker og vatn i ein kjele. Mos med ein gaffel eller ein visp, la det heile få eit oppkok (sukkeret må vere oppløyst). Sil blandinga slik at du slepp å ha bringebærfrøa i gelèen. Ha blandinga i eit desilitermål. Du treng to desiliter væske, som om du ikkje har nok må du berre slå i litt kokande vatn til du får 2 dl. Legg gelantinplatene i vatn i ca 4 minutt. Knip så av vatnet og ha platene i bringebærblandinga. Rør til gelantinen er oppløyst. Når panna cottaen er stiv nok fordeler du den avkjølte gelèen over. Set tilbake i kjøleskapet til gelèen er stiv.

Rett før servering lagar du til pasjonsfruktsausen.

Dette treng du:

6-8 pasjonsfrukter

50 g sukker

Slik gjer du det:

Del pasjonsfrukta i to og skrap ut frøa. Pass på så du ikkje får med det raudt fruktkjøtet. Bland i sukkeret og rør til det har løyst seg opp. Slå det over det stivna gelèlokket. Desserten er no klar til å servere!

Eit alternativ til denne desserten er å lage den utan verken gelèlokk eller pasjonsfruktsaus – desserten er nesten like god utan. Eller du kan lage den kun med gelelokk eller kun med pasjonsfruktsaus, kanskje pynte med litt grønt før servering. Eg meiner likevel at litt ekstra smak på toppen gjer heile desserten til noko mykje meir!

Minikokken fekk servert desserten sin i fint Ib Laursen-glas, medan vi fekk desserten vår i stettglas!

PS! Panna cotta er kanskje eit litt meir «jålete» namn på «fløyterand», som eg er meir van med å bruke.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Dessert, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , | 4 Kommentarer

4 Responses to Panna cotta med bringebær og pasjonsfrukt

  1. Trine sier:

    Jeg mener å ha lest et sted at den store «forskjellen» på panna cotta og fløterand var at fløten kokes opp når man lager panna cotta, og at den ikke skulle varmes opp når man lager en fløterand.
    Uansett, super ide med de små glassene, syntes alltid jeg har problemer med å finne ut hvordan de kan lages (og lagres) i små nok porsjoner, da de er, som du nevner utrolig mektige

  2. Linda sier:

    Den beste desserten eg har smakt nokon gong – som eg var so heldig å få servert i eit sånt fint glas med lok 🙂
    Tusen takk for at du deler oppskrifta!
    Klem frå Linda

  3. Bjørn Jarle sier:

    Noen som kan fortelle hva 2 pakker fløte betyr?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *