CREAMY SALMA

6 Flares Twitter 0 Facebook 6 Pin It Share 0 Filament.io 6 Flares ×
Print Friendly

Salmalaks er sunt, godt og passar både til kvardags og til fest. Denne oppskrifta er basert på «noko eg hugsar å ha sett, noko eg meiner å ha smakt og noko av det beste eg veit»-metoden!

Dette treng du (4 porsjonar):

1 filet salmalaks

Smørklatt til steiking

3 vårløk

1/2 chili utan frø

1 beger creme fraiche

salt

pepar

Tilbehør:

Det er mykje som passar til denne retten. Ovnsbakte poteter og pasta er mest brukt hos oss. Salat passar også godt, men ein må ikkje gløyme blomkål, brokkoli eller rotgrønsaker.

Slik gjer du det:

Lag klar alle ingrediensane  først. Vask vårlåk og hakk dei i passe bitar, finhakk chilien og set pastaen på kok. Dersom du vil ha poteter som tilbehør må du ordne med det litt før. Lag klar salaten dersom du vil ha det, eller legg grønsaker til damping i ein kjele. Skjær salmalaksen i rause bitar. Steik den lett på panna med ein liten klatt godt smør. Slå over creme fraiche, skru ned varmen og la det stå og putre forsiktig. Strø over vårløk chili, krydre med salt og pepar og vend forsiktig. Laksen treng ikkje mange minutt før den er ferdig, så retten er klar etter ca fem minutt etter at alle ingrediensane er plass.

 

Eg har servert dette både som kvardagsmat og som festmat. Med pasta kan du kjapt lage middag til familien på 20 minutt. Dersom du har meir tid og kanskje vil servere dette som søndagsmiddag eller til gjestar, kan du godt lage ovnsbakte poteter.

PS! Eg blir kjempeglad om du klikkar på «Tweet»-knappen øvst i innlegget! Det er kjekt om «På kjøkkenbenken» kan vekse fordi DU deler med andre! 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk, Sommarmat | Tagged , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *