Frå arkivet: Rocky Road

2 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 2 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Ein lesar spurte meg om eg ikkje kunne publisere Rocky Road-oppskrifta mi på nytt. Ho hadde skrive den ut ein eller annan gong, men fann den ikkje. Og så hadde ho ei venninne som også ville ha den! Og det er klart eg publiserer den på nytt når nokon spør – skulle berre mangle!

Det er mange år sidan eg åt Rocky Road-kake. Faktisk heilt tilbake til då eg budde og jobba i Santa Cruz, California. Etter litt surfing på matprat-bloggane  (der det forøvrig er SVÆRT mange flotte matbloggar!!!), landa eg hos Sukkerfeen og der låg Rocky Road-kaka og gliste mot meg! Minna kom strøymande på og eg måtte sjølvsagt lage den! Bileta er tekne på vakre Flø og heime på trappa mi!

Kaka er enkel å lage, faktisk så laga eg heile røra i ei kasserolle!

Rocky Road Brownies ( ca 16 bitar)

115 g smør
300 g mørk sjokolade – hakka
120 g sukker
70 g brunt sukker
1/3 ts salt
2 egg
130 g mjøl
Mini marshmallows (eller vanlege som er delt i mindre bitar), nok til å strø raust over kaka
Salte peanøtter, så mykje som du meiner er nødvendig.

Det fyrste du må gjere er å leite fram alle ingrediensane, setje omnen på 175 grader og lage klar ei form til å ha røra i. Sukkerfeen brukte ei form som var 21 x 21 cm, men eg har ikkje ei slik. Eg brukte difor ei eldfast form som hadde omlag same «arealet», samla sett. Ha litt smør på kantane av forma slik at bakepapiret limer seg fast til forma.

Slik gjer du det:

Smelt smøret saman med 200 g av sjokoladen på svak varme.  Rør vanleg sukker, brunt sukker og salt inn i lag med den smelta sjokoladeblandinga. Tilsett egga og bland godt. Til slutt har du i mjølet og rører godt.

Hell røra i forma og steik i omnen på 175 grader i 30-35 minutt.  Bruk gjerne ein bakepinne (eller ein strikkepinne!) for å sjekke om den er steikt. Kaka skal ha ein litt seig konsistens, så om det er kakesmular på bakepinnen er kaka ferdig! Ta kakaut av omnen, strø over resten av den hakkea sjokoladen, marshmallows og peanøttene.

Du skal no setje kaka tilbake i omnen, same temperatur. Steik til du ser at marshmellowsane har puffa seg litt opp og fått fin farge. Det tek om lag 5-10 minutt. Følg med heile tida slik at det ikkje blir for steikt. Ta kaka ut, set den til kjøling (løft den gjerne ut av forma om du får det til). Det er viktig at den før kjølt seg heilt ned før du deler den i serveringsstykker.

Då dette er mektige saker, er det nok best at bitane er passe små! Då kan ein heller forsyne seg fleire gongar! Om ein verkeleg vil gå «over board» med kaloriar, så kan ein sjølvsagt servere ein god vaniljeis til!

Det verkar kanskje litt rart å ha fotosession med Rocky Road-kake på ei badestrand (eg var glad for at vi var åleine på stranda, for å seie det slik, he, he….), men eg veit at måten maten er fotografert på er av stor betydning for dei som les blogginnlegg – anten det er mat eller interiør. Eg er framleis på øve-stadiet og då er det kjekt å eksperimentere!

Heilt til slutt kjem eit bilete av verdens beste kakaosmil! Minikokken eg gjerne maten sin ute og kosar eg når ho kan sitte på ein stein i fjøra med ein kopp kakao!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Frå arkivet: Rocky Road

  1. Synnøve sier:

    Skal lage denne en dag. Såg meget god ut 🙂
    Flotte bilder Tove og eg liker at du har den flotte naturen din i bakgrunden. Så fortsett med det 🙂

  2. Bollefrua sier:

    Veeeeeeldig fine bilder og kaken ser himmelsk ut! 🙂 God helg fra Bollefrua.

  3. Tilbaketråkk: Matåret 2012 | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *