Omelettrull med salma og avokadosalsa

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Om ein inviterer gjestar til middag er det alltid ein god idè å starte måltidet med forrett. Eg veit at mange hoppar over forretten, men forretten har sin funksjon. Den er både ein apetittvekkjar og så inkluderer ein fleire smakar og opplevingar inn i måltidet. Og så gir det ein lang og god midag med plass til mykje god prat og kos kring bordet!

Denne forretten har eg funne bladet Tara Smak. Eg har gjort nokre små justeringar, men følger stort sett oppskrifta slik dei presenterer den. Forretten er enkel å lage og kombinasjonen av dei ulike smakane gir ei god matoppleving!

Omelettrull med salmalaks og avokadosalsa (nok til 6-7 rullar)

Til omeletten:

3 egg

1 dl vanleg fløte eller matfløte (kan også byttast ut med mjølk)

1 vårløk, fint kutta

salt

grovkverna pepar

olje/smør til steiking

Til fyllet:

1 avokado

100 g salmalaks

1 ss sitronsaft

grasløk eller dill til pynt

Slik lagar du omeletten:

Pisk saman egg og fløte og tilsett finhakka vårløk, salt og pepar. Oppskrifta i bladet legg opp til at ein skal steikje omeletten på steikjepanne, men eg brukte ei lita langpanne og steikte den i steikjeomnen! Eg tenkte det ville vere mykje enklare å skjære i avlange strimlar om ein brukte ei firkanta form – og eg hadde heilt rett! Slik gjorde eg det: eg smurte langpanna godt med smør, slo i eggerøra og sette det i omnen på 150 grader. Der fekk omeletten stå i 10-15 minutt. Om du vil gjere det på denne måten må du passe på tida, for omeletten er ferdig når overflata har sett seg og den har fått ein fin, gyllen farge. Min omelett hang litt fast, så det kan vere at olje hadde vore betre å smørje med. Uansett; det var ikkje vanskeleg å få omletten ut av forma. Eg skar først strimlane og så brukte eg ei steikjespade til å løfte dei ut med.

Slik lagar du fyllet:

Skjær avokadokjøtt og salmalaks i små terningar og ha det i ein bolle. Vend inn sitronsafta.

Slik anrettar du forretten:

Skjær opp den avkjølte omeletten på langs i passe store bitar. Ta ei raus skei med fyllet og legg på strimlen (sjå bilete øvst). Rull forsiktig saman. Bruk ein tannpirkar og stikk gjennom rullen for å halde den saman. Eller endå betre; Skjær strimlar av sitronskalet og bruk det i staden for tannpirkar. Det ser mykje meir delikat ut og kan endåtil etast (då bør sitronen helst vere økologisk, i alle fall godt vaska). Ta ein grasløk og knyt rundt rullen, legg litt grasløk eller dill på toppen og set på eit serveringsbrett eller anrett porsjonsvis.

Alternativ til anretting og servering

  • Om ikkje ynskjer å lage rullar, kan du skjære kvadrat som du legg fyllet på. Pynt med grasløk.
  • Lag ein rømmedressing og legg på fatet ved sidan av omelettrullen. Lag gjerne av rømme eller creme fraiche med finhakka dill eller grasløk.
  • Salmalaksen kan byttast ut med røykelaks.
  • Du kan også bruke lange strimlar v vårløk til å knyte rundt rullen. La vårløken ligge nokre minutt i varmt vatn slik at den blir mjukare og lettare å knyte.
  • Om du serverer forretten porsjonsvis, lag gjerne litt meir fyll og legg noko av det ved sidan av omelettrullen når du serverer.
  • Omelettrullane eignar seg godt på tapasbordet.

V  E  L  B  E  K  O  M  M  E  ! 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Smårettar, Sommarmat, tapas | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *