Kvit pizza med kylling og mozzarella

1 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 1 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

«Rått, mamma – tenk at det går an å lage så godt mat!», sa eldstemann etter å ha smakt på pizzaen som han tidlegare hadde kasta skeptiske blikk på! Eg har ikkje laga det mange kallar «kvit pizza» før, så augene rundt kjøkkenbenken var noko skeptiske og tvilande… Men då pizzaen vart servert, midt under gullfinalen til handballjentene, var det berre lovord å hauste! Pizzaen er laga etter ei oppskrift på bloggen til min gode matbloggkollega, Trine. Oppskrifta er endra litt for å tilpasse seg huset sine smakar!

Pizzabotn:

2,5 dl lunka vatn
25 gram gjær
ca 1/2 ts Maldonsalt
2 ss olivenolje
5-6 dl pizzamjøl eller kveitemjøl

Pizzasaus:

1 boks creme fraiche (du brukar ikkje alt på pizzabotnen, resten brukar eg til dip når pizzaen er ferdig)
2 fedd kvitløk, finhakka

Pizzafyll:

kjøttet av ein ferdig grilla kylling eller 3 steikte og krydra kyllingfilètar i skiver
1 boks cherrytomater, delt i to (sil tomatane slik at safta renn av, frys gjerne safta til seinare bruk i t.d. pastasaus)
1 rødløk i båtar eller skiver
mozzarella (fersk i skiver eller ferdig riven i pose – det er ikkje alltid ein får tak i den ferske når ein treng den…)
litt olivenolje
pepar, maldonsalt og fersk oregano

Eg brukar langpanne når eg steikjer pizza, men er du så heldig å ha ein pizzastein så brukar du sjølvsagt det!

Bland alle ingrediensane til pizzadeigen og køyr i kjøkkenmaskina i 10-15 minutt. Då vert deigen glatt og smidig. Hald tilbake litt av mjølet slik at du kan justere undervegs. Dekk bollen med plast og la heve til dobbel storleik.

Finhakk kvitløk og bland med creme fraiche. La pizzasausen stå  på benken slik at smakane kan sette seg.

Gjer klar ingrediensane til det som skal på toppen av pizzaen.

Legg bakepapir i ei langpanne og kjevle ut deigen slik at du får ein tynn og fin botn. Pass på å bruke nok mjøl når du kjevlar ut. Legg botnen på den bakepapirkledde langpanna og fordel pizzasausen over. Fordel kylling, cherrytomatar, løk og mozzarella over pizzaen. Risle over litt god olivenolje, grovkverna pepar og litt maldonsalt. Legg nokre kvistar fersk oregano på toppen.

Set midt i omnen og steik på 250 grader i ca 15 minutt. Eg steikjer med over- og undervarme i 10 minutt og deretter med berre undervarme i 5 minutt. Pass på så den ikkje vert altfor steikt – steikjetida kan varierer frå omn til omn!

VELBEKOMME!

PS! Etter å ha smakt pizza med kvit pizzasaus er det ikkje sikkert du vil tilbake til den klassiske varianten med tomatsaus! Den kvite sausen smakar heilt fantastisk på pizza!!!! I staden for kylling kan du godt brukt t.d. spekeskinke! 



Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Pizza, Tips og idèar, Ukategorisert | Tagged , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Kvit pizza med kylling og mozzarella

  1. Tale Maria sier:

    Hei Tove. Den pizzan så god ut. Tror du den fungerer like fint om man bytter ut kyllingen med laks? Eller ville du gjort en annen vri på oppskrifta da? Vi er glad i fiskepizza her i huset 🙂 Hilsen venninna til Linda <3

    • Tove sier:

      Hei Tale Maria! Eg har ikkje prøvt med vanleg laks, men med røykalaks fungerte det heilt fint! Då dryssa eg raust med vårløk over pizzaen!

  2. Tilbaketråkk: Matåret 2012 | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *