Juledråpar…

3 Flares Twitter 0 Facebook 3 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly

Eg veit at det er lenge til jul. Veldig lenge til jul. Men nokre julegåver må ein rett og slett førebu no. Heimelaga likør av bær er ei fin gåve å gi vekk til dei som likar slikt. I år er eg i rute og flasker og glas står på kjøkkenbenken og blir snudd dagleg.

Hittil har eg laga likør av moreller og rips. Eg skal også lage av solbær. Eg brukar ikkje oppskrift når eg lagar likør (det har gått bra kvar gong…), men brukar heller ein svært enkel framgangsmåte:

  • Fyll eit syltetøyglas, ei glasflaske eller eit Norgesglas med bær. Ikkje press bæra saman.
  • Fylll så på med sukker. Sukkert vil tette alle hola mellom bæra.
  • Slå over sprit. Eg bruker 40% sprit og det går heilt fint! Dersom du brukar bær med stein (t.d. moreller, plommer eller kirsebær, kan det også vere godt å bruke Captain Morgan, brun rom). Spriten må dekke all bæra. 

Skru godt på lokket og set glasa/flaskene på benken. Snu kvar dag heilt til du ser at alt sukkeret er oppløyst. Då set du glasa på ein mørk og litt kjøleg stad til det nærmar seg jul. Glasa som eg laga no skal få stå til litt ut i desember.

Når likøren har stått lenge nok (gjerne 3-4 månadar) silar du innhaldet. Sil gjerne fleire gongar. Pass på at du ikkje pressar bæra, då kan likøren få litt uklar farge.

Smak på likøren før du har den på fine flasker. Dersom den ikkje er søt nok, kan du koke ein sukkerlake og blande med det. Heimelaga likør på ei fin, pynta flaske er kjekt å gi vekk til venninner eller som ei lita gåve når du blir invitert i juleselskap!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Jul, Tips og idèar | Tagged , , , | 1 Kommentarer

One Response to Juledråpar…

  1. Hei.
    Ej har laga likør av bringebær 🙂 Nydelig godt <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *