Grunndeig, søt gjærbakst

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Ein lesar spurte om eg ikkje kunne poste ei grunnoppskrift på søt gjærbakst på bloggen min. Det skal eg sjølvsagt gjere! Denne oppskrifta finn du i fleire av innlegga min, m.a. i dette. Det er så fint med slike grunnoppskrifter som funkar så godt. Eg har brukt denne i mange år og med små variasjonar kan ein lage dei mest fantastiske bakverk!

Grunnoppskrift, gjærbakst:

150 g margarin

7 del mjølk

50 g gjær

180 g sukker

2 ts kardemomme

ca 1 kg kveitemjøl (eg brukar alltid litt meir)

Slik gjer du det:

Sett omnen på 250 grader og lag klar steikjebrett med bakepapir. Bland først alt det tørre. Smelt så margarin og tilsett mjølka. Vent til væska er fingervarm før du blandar med det tørre. Væska blir varm nok fortare enn du trur… Elt saman deigen, bruk gjerne kjøkkenmaskin. Dekk deigen og la den heve til dobbel storleik (1/2-1 time).

Når deigen er ferdigheva lagar du det du vil; bollar, kanelsnurrar, kveitestang etc.

Du kan også bytte ut mjølka med vatn og lage rundstykker. Tilsett tørka urter, litt ost, fetaost, etc. Dette er supre rundstykker til supper, gryter eller å servere til lunsj med deilig pålegg på!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , | 1 Kommentarer

One Response to Grunndeig, søt gjærbakst

  1. Tilbaketråkk: Verdens beste bollar - faktisk! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause målPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *