Schakendasnurrar og videopremiere!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

I dag blir det ein aldri så liten skål på kjøkkenbenken! Vi skålar rett nok i nylaga ripssaft og grunnen til at vi skålar er at eg har laga min aller fyrste matvideo! Det er nesten så eg må åtvare mot sterke scener, for dette er på lukkelege amatørar sitt vis! Håpet er at eg vert flinkare med tida…. Heile filmen er filma av husets 13-åring og han brukte iPhonen min.

Men før eg startar trommevirvelen og introduserer den aller fyrste videoen frå “På kjøkkenbenken-productions”, så må eg skrive litt om oppskrifta eg brukar. Dette er ei grunnoppskrift på søt gjærdeig som eg har brukt i mange, mange år. Til ein liten deig (ca 30 passe store bollar eller kanelsnurrar) treng du:

150 g margarin

7 del mjølk

50 g gjær

180 g sukker

2 ts kardemomme

ca 1 kg kveitemjøl (eg brukar alltid litt meir)

Slik gjer du det:

Sett omnen på 250 grader og lag klar steikjebrett med bakepapir. Bland først alt det tørre. Smelt så margarin og tilsett mjølka. Vent til væska er fingervarm før du blandar med det tørre. Væska blir varm nok fortare enn du trur… Elt saman deigen, bruk gjerne kjøkkenmaskin. Dekk deigen og la den heve til dobbel storleik (1/2-1 time).

Ein porsjon av denne grunndeigen passar til to steikjebrett med småbakst, t.d. bollar, kanelsnurrar, horn, skulebrød etc.

Når deigen er ferdigheva kan du sjølvsagt lage heilt vanlege kanelsnurrar, slik du alltid har gjort, eller du kan bruke Schakendamåten der du snurrar og vrir, for deretter å lage ein knute.  Korleis du gjer dette viser eg (på amatørmessig vis) på videoen. Når du har laga ferdig “knutane” legg du dei til heving, penslar før du set dei i omnen og så kan du alternativt drysse med sukker før du set dei i omnen. Steik kanelsnurrane i ca 13 minutt. Følg med så dei ikkje blir brent.

Men då, folkens, er det klart for lansering av “På kjøkkenbenken-production” sin aller fyrste matvideo! Du får kike på den med eit overbærande blikk og tenke at “ja, ja, ho vert nok flinkare med tida”… 

ER DU KLAR????

Dersom alt klaffar, er det nok at du klikkar på denne lenkja for å kome til den berømmelege matavideoen min!

OK! Då var det gjort! Eg har vist fram amatørprosjektet mitt…. Det blir kanskje fleire videoar på kjøkkenbenken min etterkvart, men ikkje om eg får for mykje pepar for denne, he, he…..

Då ynskjer eg alle ein fantastisk fin fredag og riktig god helg! 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Matvideo | Tagged , , , , | 7 Kommentarer

7 Responses to Schakendasnurrar og videopremiere!

  1. Synnøve says:

    For en bra video! Dette må du gjöre mere av.
    Disse bollane såg så goe ut, men idag får eg ikke bakt. Vi skal reise om noen timer.
    Men etter helga.. da du 🙂
    Ha ei fabelaktigt flott helg nå.
    Klem Synnöve.

  2. May Kristin says:

    Jeg har laget kanelsnurrer på denne måten i et par års tid, og folk blir så mye mer imponert enn om de får “vanlige” snurrer 🙂 De ser skikkelig lekre ut da, og veldig fin og informativ film synes jeg 🙂

  3. Pingback: Grunndeig, søt gjærbakst | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  4. Sissel says:

    Må så absolutt lage fleire videoar, enkel, grei og informativ, ikkje noko problem å sjå kva du lagar og korleis ein skal gjere det 🙂 Eg må øve meg meir på gjerbakst, noko min kjære nok ikkje akkurat kjem til å bli lei seg for 😉 Klem

    • Tove says:

      Tusen takk for utruleg koseleg tilbakemelding, Sissel!!!

  5. Anne-Mari says:

    Super video. Tusen takk !
    Eg held på å lage kanelsnurrar til barnebarnet som skal ha klassa si i 7 årsselskap, har alltid laga dei tradisjonelle, men
    fekk lyst til å prøve knutefasongen.
    Godt eg fann bloggen din 🙂

    Helsing Anne-Mari

    • Tove says:

      Så kjekt at du fann vegen innom bloggen min, Anne-Mari!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *