Blåbæreksperiment: norsk vs utanlandsk!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg har ikkje lange vegen å gå for å finne blåbær, men då eg såg store, billege bær i butikken vart det lettare å kjøpe blåbær enn å ha på seg regnkle og gå ut for å plukke blåbær. Dei utanlandske har ikkje akkurat same smaken som dei norske. Minikokken meiner utanlandske blåbær smakar meir parfyme enn bær!

Blåbæra vi kjøpte skulle brukast til å lage blåbærsylte. Så skulle vi samanlikne med sylte laga av norsk blåbær. Ville vi merke forskjell? Eg brukte denne enkle oppskrifta:

1 kg bær

250 g sukker

3/4 pose Certo frysepulver

(det var ikkje meininga å bruke meir enn ein 1/2 pose Certo, men sylta såg så flytande ut at eg tilsette litt meir)

Framgangsmåten er enkel; vask bæra, tørk den litt i eit kjøkkenhandkle og ha dei i ei skål eller ein balje. Bland Certo og sukker, slå det over bæra og rør godt. Bruk stavmiksar eller ein mosar for å lage ei jamn og fin sylte. Rør i litt meir Certo viss det ser ut til at sylta blir litt tynn. Ha sylta i glas eller bokser som eignar seg for frysing. Frys ned med ein gong. Du må sjølvsagt ha litt sylte i eit glas i kjøleskapet slik at du kan smake den og nyte den med det same!

Smakspanelet denne kvelden bestod av eigne ungar og tanteungar som åt meir brødskive enn eg nokon gong har sett! Dommen deira var klar: blåbærsylta smakte fantastisk! Sjølv smakte eg sylta litt seinare på kvelden og var ikkje heilt sikker på kva eg skulle meine. Ja visst var den god, men altfor søt etter min smak. Det søte vart meir intentst enn i sylta laga av bær frå den norske skogbotnen. Fargemessig var den òg annleis; nesten meir brun enn blå. Det kjem vel av at den utanlandske bæra ikkje er heilt blå tvers gjennom, som den norske. Og så må eg innrømme at eg kjende den karakteristiske parfymesmaken som minikokken påpeikte.

Konklusjon: sjølv om den utanlandske bæra var superbilleg, så er det mykje betre å ta på seg støvlar og regnkle og skaffe seg kortreist blåbær med norsk smak og djup, blå farge. Den norske bæra er absolutt best.

Det var forresten ikkje berre ungane som likte sylta! Mannen min kosa seg med kjeks med «White Castello» med blåbærsylte på.

Har du gjort deg erfaringar med å bruke utanlandske blåbær til sylte? 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost, Frukt, Sommarmat | Tagged , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *