Firedobbel sjokoladekake

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Nigella Lawson sine kakeoppskrifter er 100 % «fool proof». Det er i alle fall mi erfaring. Uansett kva for ei av hennar kaker eg har laga, så har dei vorte vellukka. Både når det gjeld sjølve bakeprosessen og ikkje minst; dommen frå smakspanelet etterpå! Mange av oppskriftene hennar er av typen «putt alle ingrediensane i ein bolle og rør». Slike framgangsmåtar likar eg; enkelt, lett og for gjort.

Denne kaka har fått namn etter dei fire sjokoladeelementa som gjer kaka så praktfull; kakao til deigen, sjokoladebitar i deigen, sjokoladesirup som kaka skal dynkast med og til slutt; spon av mørk sjokolade til å pynte med på toppen. Kaka smakar godt til ein kopp te, ein sterk kaffi, til seine kveldstimar eller etter ein lang og god søndagsfrukost! Og den passar sjølvsagt godt på eit festdekka kakebord! Server gjerne med ei skål creme fraiche og sesongens bær!

Etter å ha smakt kaka skulle ein kanskje tru at dette er ein kombinsjon av mange avanserte ingrediensar, men det meste som skal i denne kaka er nok ting du heilt sikkert har i skuffer og skap allereie.

Dette treng du til kaka:

200 g kveitemjøl

1/2 ts natron

50 g bakekakao

275 g sukker

175 g mjukt, usalta smør

2 egg

1 ss vaniljeessens (eller ekstrakt, om du har)

drøyt 3/4 dl seterrømme

1 1/4 dl kokande vatn

175 g mjølkesjokolade i bitar

Til  sjokoladesirupen:

1 ts bakekakao

1 1/4 dl vatn

100 g sukker

25 g mørk sjokolade til pynt

(lag gjerne dobbel porsjon, slik at du har litt sirup til å evt pynte kakefatet med)

Ta alt du skal bruke ut av kjøleskapet slik at alle ingrediensane får romtemperatur (tips: ha alltid ei skål med egg på kjøkkenbenken slik at der alltid er nokre som har romtemperatur; praktisk og dekorativt!). Set steikeomnen på 170 grader. Kle ei brødform med bakepapir (Nigella anbefaler plastfolie og påstår at det ikkje smeltar, men det har eg ikkje prøvd). La noko av bakepapiret stikke over kanten slik at det er lettare å løfte ut kaka.

Ha mjøl, natron, sukker, smør, egg, vaniljeessens og rømme i ein foodprosessor og køyr til ei jamn, silkemjuk røre. Min foodprosessor er framleis (!) i ustand, så eg måtte bruke mixmaster. Det gjekk supert det òg. Skrap røra ned frå kantane og køyr igjen medan du heller i det kokande vatnet. Bland godt. Ta kniven ut av foodprosessoren og tilsett sjokoladebitane. Rør.

Hell den deilige røra i forma, skrap godt ut av bollen og steik kaka i ca ein time. Når den er ferdig, har kaka heva seg, toppen har sprukke langs midten og ein prøvepinne er omtrent rein når du trekk den ut. Men dette er ei fuktig kake, så ikkje bli redd om du ser at det heng att spor av kliss – vær berre glad for det!

Ein halvtime før du tek kaka ut av omnen, startar du på sjokoladesirupen. Ha alle ingrediensane i ein liten kjele; vatn, kakao og sukker. Kok opp medan du rører og la blandinga koke i 15 minutt. Eg kokar min sirup lenger enn det, for eg meiner blandinga ikkje har vorte sirupsaktig nok etter 15 minutt. Kok gjerne så lenge at sukkeret blir karamellisert, slik at all sirupen får ein skikkeleg intens, mørk sjokoladekarakter. Denne sirupen er forresten svært god på is og mykje, mykje betre enn sjokoladesausar du får kjøpt i plastflasker på butikken!

Ta kaka ut av omnen og sett den på ei rist. Medan kaka framleis er i forma prikkar du den over det heile med prøvepinnen eller ein trancheringsgaffel (gaffel med laaange tindar). Den herlege sjokoladesirupen skal trekke ned i desse små hola! Hell sirupen sakte over og fordel den så jamt som mogleg. Noko kjem kanskje til å renne ned langs sida på forma, men det meste blir absorbert gjennom hola.

PS! Det flotte fatet som kaka ligg på er laga av Hilde Renate Aam Veraas, som driv nettsida Det kreative hjørnet. Ho  lagar nydeleg keramikk i verkstaden sin heime. Hilde bur i Kongsgberg eg er veslesyster til ei av mine gode venninner! Ta gjerne turen innom nettsida hennar

La kaka verte heilt kald og løft den så forsiktig ut av forma. Fjern bakepapir/folie og legg den på eit avlangt fat. Så tek du ei plate mørk sjokolade og brukar ein skarp kniv eller grønsaksskrellar og skjær spon som du legg på toppen av kaka. Det står 25 gram i oppskrifta, men ta så mykje eller lite som du vil!

Server kaka som den er, eller pynt med sesongens bær. Dette er heilt sikkert den saftigaste sjokoladekaka du nokon gong har ete! Her i huset klarer dei ikkje å forstå at det går an å lage så god kake!

Oppskrifta finn du i boka «Nigellas fest – en hyllest til livet». Boka er full av gode oppskrifter, anekdoter og herlege bilete. I innleiinga skriv Nigella:

«Mat er ikke bare omsorg, det omfatter alt: mat er kanskje bare en del av livet, men samtidig selve fundamentet. Det ligger i menneskenaturen å bruke mat for å markere viktige begivenheter i livet. Derfor handler denne boka ikke bare om hva og hvordan vil tilbereder mat til religiøse høytider eller store merkedager, men om mat som selve uttrykket for feiringen av alt som er viktig for oss – en fødselsdag, en ny jobb, et  jubileum; det er slik vi markerer nærheten mellom oss, det er slik vi feirer selve livet».

Eg er så glad i denne boka, ikkje fordi Nigella er «in» eller svært populær, men fordi oppskriftene hennar er enkle å forstå, maten er svært god, ho framelskar det rause og hjertelege og eg er så glad i matfilosofien hennar!

Om du ikkje har denne i bokhylla di, så er det kanskje ein idè å ønske seg denne! Du får kjøpt den på haugenbok.no. Klikk her for å lese meir om boka eller bestille den! 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker, Kokebøker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Firedobbel sjokoladekake

  1. sigrid sier:

    Dette såg farleg godt ut!
    Takk for at du deler 🙂

  2. Tilbaketråkk: KAKESPESIAL – 10 favorittar! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *