Solbærsaft – edle dråpar!

23 Flares Twitter 0 Facebook 23 Pin It Share 0 Filament.io 23 Flares ×
Print Friendly

Av og til kan lediggang rett og slett vere rota til alt godt! Frøken midtimellom kjeda seg ein dag og hadde ingenting å finne på. Eg lokka med det eine og det andre, men ingenting var bra nok. Så kom ho brått på at vi har eit gammalt solbærtre. Vi hadde eigentleg mange solbærtre, for då vi tok over garden var det solbærbusker som laga allè langs den lange, smale gardsvegen vår. Men dei fleste buskene måtte vike veg då gravemaskiner kom til gards for å utvide vegen. Men der står altså att eitt tre.

Og kom frøken midtimellom på at ho kunne plukke bær og selje. Ho skulle sjølvsagt selje dei til meg og det var stive prisar ho opererte med! Så for å gjere ei lang historie kort, så enda eg opp med å kjøpe solbær for kr 200,- per kilo (!) og då fekk eg pittelitt rips og nokre blåbær med som bonus!

Ho visste nok kor desperat eg var etter solbær, for eg har så lenge prata om at eg vil lage solbærsaft. Eg fekk berre dette eine kiloet, så det vart ikkje så mykje saft. No står dei edle dråpane mørkt og kaldt i kjøleskapet. Dette er saft slik det var i gamle dagar, den vart spart til fest og til best!

Det er enkelt å lage solbærsaft. Den varianten eg har laga krev ikkje utstyr som saftkokar og anna avansert utstyr. Du treng bær, sukker, vatn og noko å ha safta på. Det aller beste er glasflasker som du kan vaske og sterilisere i steikjeomnen. Sidan eg brukte alle glasflaskene mine til hylleblomstersafta, måtte eg bruke sylteglas denne gongen. Og det går heilt fint, altså! Vi har vel alle skapa fulle av tome syltetøyglas og desse kan godt brukast til saft. I tillegg treng du ei sil, eit reint koppehandkle og nokre kleklyper.

Dette treng du og slik gjer du det:

1 kg bær (ein sort, eller bland)

350 g sukker

5 dl vatn

Syltetøyglas eller glasflasker

Start med å sterilisere glasa/flaskene: sette steikjeomnen på 140 grader og la glasa stå i varmen i 30 minutt. Lokka til syltetøyglasa koker du i ca 10 minutt. Lag til ei sil eller det du brukar når spaghettien skal renne av seg (eit dørslag). Legg i eit koppehandkle, fest det til kanten med kleklyper. Når safta er ferdigkokt skal den renne av seg der.

Ha bæra m/stilk og vatn i ei panne. La det koke opp og småkoke i ca 10 minutt. Bæra har då løyst seg litt opp og dei gode saftene har blanda seg med vatnet. Set dørslaget du har laga klart i ei litt større skål slik at all safta får renne ut. La gjerne stå i inntil ein time. Til slutt tek du av kleklypene og vrir litt på koppehandkleet for å få ut mest mogleg av det som er att av saft i bærmassen.

Slå safta over i ei panne i lag med sukkeret og kok opp. La småkoke. Undervegs må du ta av skummet som kjem til overflata. La småkoke heilt til det ikkje er att meir skum.

Slå den varme safta over på dei reine glasa, la dei stå ca 10 minutt for å dampe av seg litt av varmen  og set så lokka på. Safta er no klar til å sette på ein kald og mørk plass. Det kan vere lurt å klistre på små lappar som fortel kva som er i glasa og når du laga dei. Eg trur alltid at eg klarer å hugse kva alt eg lagar er for noko, men har funne ut at det luraste er å ha på lappar med info. Bruk gjerne ein ekstra fin etikett og gi vekk litt heimelaga saft i gåve!

Storeguten fekk seg eit glas iskald solbærsaft som belønning for godt utført malearbeid! Vi er i gang med oppussing/restaurering av låve og fjøs, så då må ein friste med litt godsaker til arbeidskarane! Den aller beste attesten for safta er når både små og store ropar at det er den aller beste safta dei nokon gong har smakt og du ser at dei sit og nyt dei dyrebare saftdråpane!!!

Har solbæra mista sin popularitet?

Eg har ofte lurt på om solbær ikkje er så populært lenger. Det er i alle fall ein av dei bærsortane ein ikkje får kjøpt i lausvekt på butikkane. Dei som er heldige og har solbærbusker i hagen, brukar kanskje bæra. Eg mistenkjer likevel at mykje bær kjem vekk. Er det forresten vanleg med bærbusker i «moderne» hagar?

Det har vore solbær i Noreg sidan 1600-talet og i byrjinga vart den mest brukt til medisinske føremål. Seinare oppdaga dei at det gjekk an å bruke solbær til matlaging og vin. I dag vert den mest brukt til saft, sylte og gelè, og sjølvsagt naturell i dessertar og paiar. Det er også godt å lage likør og vin av solbær. Plukk gjerne all bæra du har på treet, og det du ikkje brukar kan du fryse ned og ta opp att midt på vinteren og koke god sommarsaft!

Solbær inneheld mykje antioksidant, m.a. C-vitamin, flavonoider (eit samlenamn på antioksidant som sitt rett under skalet på frukt, bær og nøtter) og anthocyanin (vassløyselege pigment i blad, blomster og frukt).

Kjelde: frukt.no


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukt, Sommarmat, Vegetar | Tagged , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Solbærsaft – edle dråpar!

  1. Synnøve sier:

    Her har vi både solbær, rauderips og kvitrips, så eg plukker og bruker det til saft, syltetøy, gele og bare å spise…
    Må nok ut og plukke litt bær nå, for det begynner å modnes..
    Det einaste eg savner er en stikkelsbærbusk…
    Det skulle eg gjerne hatt meg en…

    Kos dere med safta nå.
    Klem Synnøve.

  2. Birgitte Ulstein sier:

    Eg brukar å lage saft og sylte av alt eg har i hagen og evt finn på fjellet. Eg har slutta heilt med å koke saft, lagar bare råsaft. Den må frysast, men smakar mykje betre, og eg trur nok den er sunnare også. Ikkje mange vitaminar som blir kokt vekk i alle fall. I går fraus eg ned 9 liter rå solbærsaft; kom utav tellinga på kor mange flaskar det blei 😉 Snart står ripsa for tur, det blir veldig frisk og god rips-saft som smakar av sommar! Eg brukar å spare på oljeflaskene som er 4-kanta, dei er så greie å sette ned i frysern. Og plastflasker er veldig greie, for dei vert ikkje sprengt om eg har for mykje saft i flaska. Då bular bare botnen ut.
    Vil ikkje tru folk har slutta med solbær i hagen sin, for no er det nye gode sortar. Dei er mykje søtare og betre enn dei vi hadde i min barndoms hage. Og meir resistent for skimmelangrep.
    Nok av det beste eg veit til kaffien no, er vaniljeis med rørt solbær, rett frå buska, oppå. Mmm
    Mvh
    Birgitte

  3. Elisabeth A. Kaasa sier:

    Herlig blogg!!!
    Søkte på oppskrift på solbærsaft, da jeg er så heldig å ha flere busker i det som kanskje kan kalles en hage. Disse er rønninger etter busker fra hagen til min mor, som igjen en eller annen gang på åttitallet ble kjøp fra Brumunddal frø eller noe slikt… Vi har hatt hagen vår siden 2000, og hvert år har det kommet mer og mer, både rips og solbær, jordbær, bringebær, i år har vi til og med fått oss et stikkelsbær. (ETT, altså…) Men de kommer jo ikke helt av seg selv. Solbær vil gjerne klippes litt hver vår, akkurat like før lauvet begynner å sprette. Buskene mine er riktbærende og gode, så hvis du gjerne vil ha egen, i stedet for å kjøpe til 200 kr pr kg(!!!) så kan jeg se om ikke en grein eller to har rotet seg. Det er nemlig lett å formere solbær!Og høsten skal jo være en fin tid å plante på. Takk for super oppskrift. Jeg har nemlig opplevd å lage solbærgele på flasker… Det var litt mer plundrete enn saft på syltetøyglass…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *