Sommarfavoritt: vinaigrette med sennep

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Salat er stort sett tilbehør til alle måltida om sommaren. Det er ikkje alltid eg lagar dressing eller vinaigrette til, men eg meiner likevel at salaten smakar betre når den har vorte «dressed». Dressingar og vinaigrette kan lagast på mange ulike måtar, men i sommar har ege stort sett laga ein vinaigrette med dijonsennep.

Dei som er faste lesarar av bloggen min veit at eg av og til brukar cirka-mål i oppskriftene mine. Mykje mat lagar eg sjølvsagt på ein slump og tenkjer ikkje over kor mykje eg brukar av det eine og det andre. Denne oppskrifta er også slik, men eg har prøvt å lage nokre retningslinjer når det gjeld mål og mengd.

Vinaigrette med Dijonsennep, dette treng du:

1 raus ts Dijonsennep

1 ss mild eddik eller balsamicoeddik (gjerne lys)

1 lita klype salt

1 lite dryss med pepar

olje til passe tjukk (kanskje 1-2 dl) – evt valnøttolje eller olivenolje

Slik gjer du det:

Ha sennep, eddik, salt og pepar i ei lita skål. Sett gjerne skåla på ein våt klut slik at den ikkje forflyttar seg når du skal piske. Finn ein liten visp eller ein gaffel og pisk samstundes som du heller i olje (eg har brukt valnøttolje i det siste, for den har ein fin og rund smak).

Til å byrje med vil sennep og olje dele seg litt, men det er berre å piske meir slik at vinaigretten får ein fin, litt tjukk og mjuk konsistens. Du vil kanskje sjå at vinaigretten er litt tjukk, men når du har den over salaten vil den av ein eller annan grunn verte flytande. Fordel vinaigretten over rett før servering og bland alt.

Medan eg ordnar med middag gjer ungane bordet klart for middag. Maten er ekstra god når sollyset fløymer over bordet!

Denne gongen fekk vinaigretten omfamne ein «ta det du finn i kjøleskapet»-salat. Salaten var tilbehør til lasagne.

Som sagt; det er mange måtar å lage vinaigrette, både med og utan sennep. Dersom du har ei favorittoppskrift som du vil dele med meg, så blir eg glad for det! Legg gjerne att ein kommentar med gode tips og råd!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Salat, Smårettar, Vegetar | Tagged , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Sommarfavoritt: vinaigrette med sennep

  1. Trine sier:

    Jeg er altså virkelig misunnelig på utsikten din!
    Og angående din vinaigrette, så er den omtrent identisk med den jeg har brukt her i sommer, den er virkelig god!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *