Trifle – olympisk dessert!

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Trifle er ein engelsk dessert med røter langt tilbake i tid. Allereie i 1596 skreiv Thomas Dawson om denne desserten i ei bok som heitte “The Good Housewife´s Jewell”. Han brukte ordet trifle om ein tjukk, piska krem smaksett med ingefær og rosevatn. Om lag 60 år seinare hadde desserten utvikla seg til å verte slik som vi kjenner den i dag. I desse OL-tider kan ein godt lage ein engelsk dessert som er godt forankra i England si dessert-historie!

Trifle kan lagast på fleire måtar. Nokre ingrediensar er likevel heilt nødvendige: “sponge cake” (bløtkakebotn), piska krem og vaniljekrem. Bær er vanleg som fyll, men kan også byttast ut med hermetisk frukt, frukt i gele, lemon curd m/bær osv.

Det fine med trifle er at det er ein perfekt dessert å lage om du har mislukkast med sukkerbrød/bløtkakebotn. Eg skulle lage ein til kaffeselskap hos svigermor og den vart sjølvsagt mislukka… Då laga eg ein ny botn som heldigvis vart fin, og så vart den mislukka botnen gjenbrukt som herleg dessert!

Dette treng du for å lage ei stor skål med trifle:

Ein kakebotn (oppskrift på sukkerbrød heilt nederst i innlegget)

1-2 pakkar vaniljekrem

1-2 pakker kremfløte, stivpisk

2 ss sukker

Assortert utval av bær, skjær i bitar

Appelsinjuice til dynking av kakebotn

Slik gjer du det:

Prinsippet med denne desserten er “lag på lag”. Du treng ei stor skål, gjerne med rette kantar, og aller helst i glas slik at gjestane kan sjå dei ulike laga i desserten. Du skal bygge opp laga slik: eit lag med sukkerbrød, eit lag med vaniljekrem, eit lag med piska krem, eit lag med bær – og så startar du med ny runde. På den måten vert øvste laget fløte med bær på toppen.

Start med å dekke botnen av skåla med eit lag bitar av sukkerbotnen. Dynk bitane med appelsinjuice. Dersom du lagar dessert til vaksne, kan du godt dynke med portvin, ein god likør eller sherry.

Så legg du på eit lag med vaniljekrem og deretter krem, som du har piska med 2 ss sukker (du kan sløyfe sukkeret). Strø raust over med bær. Deretter gjer du alt dette ein gong til; bitar av sukkerbotn dynka med juice, vaniljekrem, piska krem og bær. Pynt desserten med litt grønt. Set kaldt med ein gong og ta fram rett før servering.

Som du ser, er dette ein dessert som kan varierast i det uendelege. Du kan ha kakao i sukkerbrødet og lage ein søt variant med hakka sjokolade, nøtter, sjokolademousse og toppe med tjukk, flytande sjokoladesaus. Kanskje fristar det meir å lage ein eksotisk variant, med bær og frukt frå framande strender. Uansett kva du gjer, så må treng du ein sukkerbotn. Her er ei enkel og kvalitetssikra oppskrift som er henta frå Henriette Schønberg Erken si kokebok:

Sukkerbotn:

6 egg

200 g sukker

160 g kveitemjøl

40 g potetmjøl

1 raus ts bakepulver

Start med å varme opp steikeomnen til 180 grader og smør ei 26-cm form med smør (det er kun botnen som skal smørast).

Pisk egg og sukker til eggedosis. Egga ha romtemperatur og du får beste resultatet om du piskar eggedosisen lenge. Bland dei tørre ingrediensane i ei skål, sikt så det tørre over eggedosisen. Bland forsiktig med ein slikkepott. Det må vere godt blanda, men du må ikkje piske. Då slår du ut all lufta. Slå røra over i forma og sett den midt i omnen. Skal steikjast i om lag 45 minutt. Du kan godt legge over eit bakepapir etter 30 minutt for å hindre at kaka blir for brun.

Når kaka er ferdig gjer du følgande: ta den ut av omnen, la den stå på ei rist i ti minutt, legg så eit bakebrett over toppen og kvelv kaka opp ned. La den stå opp ned i langpanna utan å ta av forma. Slik kan det stå kaldt til du skal bruke kaka, gjerne både ein og to dagar. Når du skal pynte kaka snur du den, tek forsiktig av ringen (kanskje du må skjære rundt kanten med ein kniv) og botnen. Kaka er klar til bruk! Del den i så mange lag du vil – fyll den med det du vil – pynt den slik du vil!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Sommarmat, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Trifle – olympisk dessert!

  1. sigrid says:

    Dette såg herleg ut!
    Kanskje noko å lage til Sølvbryllaupet vårt no i august 🙂

    Ha fin veke!

  2. Synnøve says:

    Ser nesten ut som tilslörte bondepiker…
    Lurer på om man skifte ut flöten til is…
    Må nesten pröve.
    Takker for oppskrifta 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *