Rørt jordbærsylte

4 Flares Twitter 0 Facebook 3 Pin It Share 1 Filament.io 4 Flares ×
Print Friendly

I dette innlegget mimrar eg meg tilbake til barndomsdagar. Oppskrifta kjem litt lenger nede. 

Eg sat på mormor sin benk og kjende alle dei gode luktene på kjøkkenet. Ein kunne framleis lukte kva mormor hadde servert til middag, og den gode lukta av heimelaga brunsaus og kjøtkaker med ingefær og muskat, blanda seg med lukta av bær. Nyplukka jordbær. Eg hugsar ikkje om morfar hadde plukka dei i eigen hage eller fått tak i dei på anna vis, men dei fylte fleire plastbaljar og var sjølve symbolet på sommarlukke for ei jente på fem år. Eg skulle hjelpe mormor å lage sylte. Den sylta eg likte aller, aller best; rørt jordbærsylte som alltid smakte sommar og sol.

Mormor sett fram nokre ingrediensar på benken. «No skal du sjå kor enkelt det er», sa mormor. Ho leitte fram sukker og Certo. Det var alt ho trengte sa ho. Var det verkeleg så lett å skape sommarlukke? Eg fekk meg ein liten kniv og skar vekk dei grøne stilkane og blada. Heilt forsiktig, slik at vi ikkje sløsa med bæra go skar vekk for mykje. Det var noko høgtideleg over denne stunda. Det kribla i magen. Vi heldt på å skape lukke, og eg fekk vere med!

Så vart sukker blanda med Certo og strødd over bæra. Eg fekk ein stor gaffel med lange tindar. Slik gaffel som morfar likte å ete middag med. Eg fekk mi eiga skål med bær. Eg jobba iherdig med bæra og sukkeret og Certoen. Mosa bæra slik at den varmt jamn og fin. Etterpå blanda eg det med mormor si bær. Og så var sylta ferdig sa ho. Så fort? Tenk at lukka kunne kome snikande inn på eit mormorkjøkken så fort. Og eg hadde vore med og skapt den! Sylta vart fordelt på glas og tome plastbokser, og så rett i frysaren. Og så hadde mormor sommarlukke heile året….

No skal denne sommarlukka formidlast til mine born, så for nokre dagar sidan gjekk vi i gang og laga sylte. Det er sjølvsagt enkelt; alt du treng er bær, sukker, Certo og noko å ha sylta i. Kor mykje eller lita du lagar er opp til deg! Eg har laga ein stor porsjon, dvs av 8 kg bær.

Grunnoppskrift, rørt jordbærsylte

2 kg bær

500 g sukker

1 pose Certo frysepulver

Slik gjer du det:

Fjern stilk og grøne blad frå bæra. Store bær deler du i fire, mindre bær deler du i to. Legg dei i eit romsleg kar eller balje.

Bland sukker og Certo i ei skål, rør forsiktig (Certo-pulveret «støvar» litt).

Slå sukker og Certo over bæra, rør godt om før du byrjar å mose bæra. Nokre vil ha bitar i syltetøyet; då kan det vere nok å mose med gaffel eller det du har å røre med. Om du vil ha den litt meir mosa, kan du bruke ei stappe eller stavmiksaren.

Slå den ferdige sylta over på glas eller plastbokser og sett dei rett i frysaren. Hugs på å ikkje fylle heilt opp, sylta utvidar seg når den vert frosen.

Gode tips!

  • Bruk gjerne plastbokser (du kjøper til ein rimeleg penge på butikken, 3 dl eller 6 dl), er lettare å stable i frysaren.
  • Dersom du har syltetøyglade ungar i hus, så kan det kanskje vere lurt å ha sylta litt tjukkare for å hindre at den renn av skive før den når munnen. Trikset då er å tilsette litt meir Certo. Dersom du lagar av 2 kg bær, kan du tilsette 1/4 pose ekstra med Certo. Eg laga av 8 kg bær og tilsette nesten ein pose ekstra med Certo. Då blir syltetøyet litt tjukkare og er lett å handtere for små hender som skal ete sjølv!
  • Du kan godt eksperimentere med ulike smakar i sylta, mine favorittar er stjerneanis eller sitron. Dersom du vil ha stjerneanis koker du ein tjukk sukkerlake med 1-2 stjerneanis i og så blandar du sukkerlaken i sylta. Dersom du vil prøve sitronvarianten, er det berre å skvise litt sitron i sylta når du mosar.
  • Denne oppskrifta er godt eigna til anna bær også; rørt blåbærsylte og rørt bringebærsylte er store favorittar i heimen!
  • Du kan også blande litt rabarbra i lag med jordbæra. Berre pass på at du har mest jordbær og at det blir 2 kg totalt.


Kva kan ein så bruke dette syltetøyet til?

Fyrst og fremst bør du prøve rørt jordbærsyltetøy på vafler. Og så er det godt på grovt brød, gjerne i følge med kvitost eller brunost. Du kan også ha rørt jordbærsyltetøy på is.

«Doubtless God could have made a better berry than the strawberry, but doubtless God never did!»

* William Allan Butler *

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukt, Sommarmat, Tips og idèar, Ukategorisert | Tagged , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Rørt jordbærsylte

  1. Jeg håper det er økologiske jordbœr for de vanlige er så full av sprøytemidler at det begynner å bli direkte farlig å spise dem. 
    Støtt økologisk dyrket mat .

    • Tove sier:

      Jordbæra eg brukte til denne sylta var plukka med kjærlege hender i eigen hage! Dei har aldri vore i nærleiken av sprøytemiddel!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *