Venninnesmørbrød

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Det blir altfor sjeldan tid til gode, lange venninnelunsjar. I går fekk eg heldigvis ei god venninne på besøk og måtte sjølvsagt nytte anledninga til å eksperimentere med ein smørbrødvariant. Utgangspunktet for smørbrødet var ein kombinasjon av favorittsmakar og favorittkonsistensar (likar godt at det er god crunch i eit smørbrød).

Dette treng du til to gode venninner:

1 olivenbrød (fint brød med bitar av oliven, vanleg brød om du ikkje får tak i anna)

2 ss majonnes (bruk den du likar best)

2 kvitløksfedd

3 kyllingfilètar

1 mjuk og god brie

1 handfull små, søte tomatar

1/2 paprika (desse smale, lange, litt søte)

1 pose baby leaf salat (eller ta det du har av salat, eg likar godt dei ulike smakane i baby leaf-salaten)

3 skiver bacon

1/2 raudløk, stor

olivenolje

smør til steiking av kyllingfilètane

balsamicoeddik

maldonsalt og vanleg salt

grovkverna pepar og vanleg pepar

Slik gjer du det:

Start med å lage kvitløksmajonnesen: finhakk eit kvitløksfedd og bland det med majonnesen. Ha ei ei lita klype maldonsalt og pittelitt grovmalt pepar. La majonnesen stå i ei skål på benken slik at smakane får sette seg.

Steik kyllingfilètane. La dei få fin steikjeskorpe og verte gyllenbrune på begge sider. Krydre med vanleg salt og pepar. Filètane må vere gjennomsteikte. Legg dei til side på eit fat på kjøkkenbenken slik at dei får kjøle seg litt ned. Steik baconskivene og legg dei på tørkepapir til du skal bruke dei.

Skjær tomatane i fire båtar. Legg dei i ei skål og risle over olivenolje og balsamicosirup. Strø på litt maldonsalt og grovkverna pepar. La tomatane stå og marinere på benken.

Del olivenbrødet på langs (ikkje skjær skiver som vanleg, men motsett veg slik at du får skiver av heile lengda av brødet). Ta til side botnen og toppen, slik at du står att med to gode, store slicar av midtdelen av brødet. Risle god olivenolje i ei varm steikepanne og legg i skivene. Kanskje vert skivene så store at at du må steikje ei i gongen. Pass på at skivene ikkje vert brune, dei skal verte gylne og sprø. Skivene må steikjast på begge sider. Ha i litt meir olje når du snur skiva. Legg skivene på eit klede eller tørkepapir når dei er ferdige.

Når alt dette er gjort er du klar for å montere smørbrødet. Det gjer du akkurat som du vil, eller du kan bruke framgangsmåten min:

  • Del eit kvitløksfedd på langs og gni det på brødet.
  • Smør med kvitløksmajonnes.
  • Legg raust over med baby leaf-salat.
  • Fordel brie over salaten, så mykje eller lite som du likar.
  • Bruk ei skei og legg raust på med dei marinerte tomatane. Slå over litt av marinaden som er att i skåla.
  • Legg på raudløken, skoren i ringar eller skiver.
  • Ta tre baconskiver og legg over løken.
  • Fordel paprikaringar på toppen av baconet.
  • Skjær kyllingfilètane i skiver på skrå, fordel likt på dei to smørbrøda.
  • Ta pittelitt olivenolje på toppen av kyllingen og avslutt med å risle over litt balsamicosirup.

Server smørbrødet med kald, god drikke. Eg hadde iskald hylleblomstersaft som eg hadde blanda med vatn frå Soda Stream-maskina.

Alternativ

Du kan sjølvsagt bruke dei ingrediensane du vil på dette smørbrødet. Du kan også lage det heilt utan kjøt. Det viktigaste er likevel at du er raus med ingrediensane. Smørbrød kan godt vere litt overdådige, bugnande og smekkfulle av gode smakar. Kanskje kan du også ha melon eller mango på smørbrødet! Og du kan kutte ut majonnesen om du vil ha det så magert som råd. LUKKE TIL! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Salat, Smårettar, Sommarmat, Vegetar | Tagged , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Venninnesmørbrød

  1. Sissel sier:

    Skal så absolutt prøvast, no i kveld 🙂 Eigentleg ein super ide til klubbmat også dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *