Matauk: hylleblomstergelè og bokomtale

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

For litt sidan laga eg hylleblomstersaft. No har eg fleire flasker kaldt og mørkt i kjøleskapet og nokre i frysaren. Dersom du er heldig og framleis har tilgang til hylleblomster og vil lage safta, finn du oppskrifta her. Når du først har laga safta er det enkelt å lage gelèen.

Det er Gunda Djupvik som har inspirert meg til å hauste av det naturen har å by på. I boka si, «Safting og sylting heile året», kjem ho med mange gode oppskrifter. Nederst i innlegget kjem eg med ein liten omtale av boka!

Hylleblomstergelè kan brukast som vanleg syltetøy på skiva, eller du kan flotte deg og servere det til viltpatè og gåseleverpostei. Den smakar fantastisk godt på kvitost og burde difor vere eit naturleg tilbehør til ost & vin. Mannen min vil gjerne at eg sparer nokre glas til ut på hausten, for han trur at hylleblomstergelèen vil smake godt til viltkjøt. Eg har smakt hylleblomstergelè til både Norvegia, Cheddar og Brie – alt kan anbefalast! Cheddar og hylleblomstergelè enda likevel opp som favoritt!

Dette treng du:

1,5 liter ferdig hylleblomstersaft

1 pakke fruktpektinpulver (Certo)

50 g sukker

Slik gjer du det:

Det aller fyrste du treng å gjere er å leite fram syltetøyglas som du skal bruke (unngå dei aller største glasa). Fyll ei stor panne med vatn, legg i glasa og la dei koke skikkeleg i 20 minutt for at dei skal verte reine og sterile. Løft dei ut av panna med eit matpinsett eller ein gaffel (som er kokt i lag med glasa). Set dei opp ned på eit reint kjøkkenhandkle til du skal bruke dei.

Kok så opp safta. Bland saman sukker og fruktpektin som du har i den kokande safta. La blandinga fosskoke i eitt minutt. Helle gelèen på dei reine og sterile glasa og skru på lokket med ein gong. La gelèen stå kaldt i kjøleskapet nokre dagar før du smakar på den.

Av og til kan ein kanskje oppleve at gelèen ikkje vert heilt stiv, men då er det berre å ha godt tolmod og la den stå nærare ei veke i kjøleskapet.

Heimelaga gåve

Eit glas med heimelaga hylleblomstergelè er ei kosleg gåve å gi vekk. Eg har ikkje hatt tid til å dekorere mine glas så mykje, men om du har lyst å gi vekk heimelaga syltetøy eller gelè kan du ved hjelp av enkle hjelpemiddel lage ei fin gåve:

  • Klipp eit kvadrat, anten av eit fint stoff du har liggande, litt tjukt gråpapir eller annan fint papir som du måtte ha tilgang til. Legg kvadratet over lokket og knyt hyssing, grovt hamptau eller silkeband rundt toppen av sylteglaset.
  • Om du skal gi vekk gåva med ein gong og framleis har tilgang på hylleblomster, kan du ta ein blomst og  sette mellom hyssingen og glaset. Dersom det har vorte haust når du treng ei slik gåve, kan du kanskje finne svarte hyllebær og dekorere med.
  • Lim gjerne på ein fin etikett og skriv på kva som er i glaset, eller du kan bruke grovt papir, skrive på innhaldet og feste som ein til/frå-lapp i hyssingen.
  • Om du vil gjere litt ekstra ut av det kan du kjøpe nokre gode ostar og gi i lag med gelèen. Kanskje har du litt hylleblomstersaft i ei lita, fin glasflaske som du kan supplere med. Pakk det fint i cellofan, eller legg det i ei lita korg eller boks. Om du brukar ei korg kan du godt la gelèen og ostane ligge på ei seng av hylleblomster, hyllebær eller høy for den saks skuld!
  • Det er berre kreativiteten som begrensar deg! Det er sjølvsagt heller ingenting i vegen for å gi vekk glaset akkurat slik det er! Det vil garantert verte sette pris på uansett!

Oppskrifta er henta frå Gunda Djupvik si bok, «Sylting og safting heile året». Den kom ut på Samlaget i år. Boka er full av gode oppskrifter på saft og sylte som du lett kan lage sjølv. Vi er kanskje ikkje så flinke til å lage slikt lenger, men det er heilt sikkert fleire enn meg som har barndomsminner fulle av dei gode luktene på kjøkkenet då mor eller bestemor laga jordbærsylte, heimelaga blåbærsaft eller andre gode saker. Denne boka forklarer på ein svært enkel måte korleis ein fint kan gjere dette sjølv.

Det fine med boka er at den er delt inn i alle årstidene; vinter, vår, sommar og haust. Alle årstidene har sine særeigne produkt som kan eigne seg til safting, sylting eller konserverast på andre måtar. Og du må ikkje tru at du må bu på landet, ha stor hage og skog i umiddelbar nærleik for å kunne safte og sylte! Gunda bur sjølv midt i Oslo og skriv dette i boka si;

«Eg som bur midt i byen, med avgrensa fryse- og lagaringskapasitet og utan eigen hage, kunne ikkje gjere det slik mor mi gjorde. Etter kvart kom eg til at eg må skape min eigen safte- og syltetradisjon. No lagar eg to-tre glas av noko eg synest er godt, og eg kan godt kjøpe bær i butikken eller frå ein lokal bonde om eg ikkje får tak i frå ein hage eller skogen. Eg syltar andre ting enn mor og bestemor og tilset krydder og andre smakar som gjer at mykje av det eg lagar, smakar annleis enn det dei laga. Men noko er som det alltid har vore, og vaflar med nyrørte jordbær er framleis det beste eg veit.» 

Eg har vorte veldig glad i denne boka. Litt fordi eg kjenner Gunda litt og fordi ho er frå mine trakter, men også fordi det kjem så tydeleg fram kor genuint oppteken ho er av mat og mattradisjonar, samstundes som ho tør å eksperimentere for å skape nye smakar. Eg har bestemt meg for å verte flink til å bruke det eg finn i naturens spiskammers og då er Gunda si bok midt i blinken.

Her er eit lite utval av oppskriftene ho presenterer i boka:

Vinter: Whiskeymarmelade, nøttekompott, fiken i konjakk, pære- og pinjechutney

Vår: Løvetannsirup, rabarbrasaft- og sylte, ruccolapesto, myntegelè

Sommar: Rosegelè, mangomarmelade med kardemomme, rørt jordbærsyltetøy, heimelaga urtesalt

Haust: sylta sopp, eplegelè, soppmjøl, sylta grøne tomatar, rørte molter, plommesaus, rognebærgelè

I tillegg til oppskrifter kjem Gunda med mange gode råd og tips og generell bakgrunnskunnskap om korleis ein skal safte og sylte.

Dersom du vil kjøpe boka har dei den på haugenbok.no. Klikk på denne lenkja for å kome direkte til boka for bestilling. Boka er forresten ei super gåve til alle du kjenner som er opptekne av mat! Denne burde ligge på mange bursdagsgåvebord eller under juletre – når den tid kjem!

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kokebøker, Matauk, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *