Ny 3-retters på familieverden.no

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

For ei tid tilbake vart eg kontakta av familieverden.no som lurte på om eg ville kome med eit bidrag ein 3-retters sommarmeny på sida deira. Eg sette saman ein meny med dei smakane eg sjølv er gladast i om sommaren; asparges, kylling og frukt. 

Det er litt rart dette med sommarsmakar. For mange blir det ingen sommar uten reker og skalldyr, medan andre igjen kunne ha levt på jordbær heile sommaren. Sjølv er eg allergisk mot reker og skalldyr, så eg må difor ty til andre smakar som minner om sommar. Eg likar godt dei norske smakane, dvs. norske grønsaker (gjerne frå ein åker i nærleiken), norske bær, lyst kjøtt, fisk og masse frukt!

I menyen eg har sett saman til familiverden.no, foreslår eg asparges og skinke til forrett. Det er ein slager, også for ungar. Det er i alle fall mi erfaring. Eg likar best aspargesen når den er surra i godt smør med salt og grovkverna pepar. Oppskrifta på min variant av asparges med skinke finn du her.

Til hovudrett meiner eg at kylling med brie og bacon må passe fint å servere ein varm sommardag. Kombinasjonen av kyllingen, osten og det salte baconet er super. Om du vil prøve deg på dette finn du oppskrifta her.

Kva passar vel betre ein sommardag enn å servere is til dessert! Dersom du er heldig og har iskremmaskin, er det lett å lage is. Men for all del; du kan godt bruke framgangsmåten min, men passe på å røre to gongar i halvtimen under sjølve innfrysingsprosessen. Eg har laga ein bringebæris med søt pesto som tilbehør. Dette er ein uslåeleg smakskombinasjon! Oppskrift og framgangsmåte finn du her!

Begge bileta i innlegget er saksa frå familieverden.no

Om du vil ha alle tre oppskriftene på ein gong, kan du gå inn her og finne dei samla. Det tre bloggarar til som har kome med gode sommarmenyar på familieverden.no. Dei tre er: 

Klikk gjerne på bloggnamna deira og sjå kva godt dei har å by på!

Ynskjer alle ein fin sommardag – kvar du enn er! Her eg bur er det altfor kaldt til å vere sommar, men vi håpar stading at sommarvarmen skal finne oss!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Middag - kylling | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *