Ostekake med sjokolade og bringebær

5.4K Flares Twitter 0 Facebook 5.4K Pin It Share 0 Filament.io 5.4K Flares ×
Print Friendly

Denne ostekaka er ein slags variant av New York Blueberry Cheesecake (den oppskrifta finn du her). Eg har gjort nokre få endringar; kvit sjokolade er bytta ut med mørk sjokolade, vanleg kesam er bytta ut med vaniljekesam og blåbær er bytta ut med bringebær.

Dette treng du til kaka:

Kjeksbotn:

300 g Digistive-kjeks

150 g smør, smelta

Fyll:

600 gram Philadelphiaost eller mascarponeost

2 1/2 dl vaniljekesam

1 dl sukker

1 dl maisenna

2 ts vaniljesukker

3 egg

1 dl kremfløyte

200 g mørk sjokolade

1 1/2-2 dl friske eller frosne bringebær

Slik gjer du det:

Forvarm omnen til 175 grader.

Knus kjeksen i ein hurtigmiksar og bland smulane med smelta smør.

Trykk blandinga ned i botnen av ei rund form (springform, 24 cm). Steik omnen i 10 minutt. Avkjøl. PS! Det er lurt å leggje bakepapir i botnen av forma slik at du lettare klarer å ta ut kaka når den er ferdig.

Pisk Philadelphiaost og kesam til det får ein kremaktig konsistens.

Bland sucker, maisenna og vaniljesukker og ha opp det i osteblandinga. Bland godt.

Pisk inn egga, eitt om gangen. Ha så i fløte (skal ikkje vere piska).

Brekk sjokoladen i mindre bitar og smelt i vannbad. Rør sjokoladen inn i fyllet.

Hell fyllet over kjeksbotnen og dryss bringebær på toppen.

Steik midt i omnen i rundt 40 minutt. For å hindre at ostekaka blir brent, kan du dekke med aluminiumsfolie når den blir gyllenbrun.

Når det har gått 40 minutt skrur du av omnen og let ostekaka stå i restvarmen i 30 minutt.

Eg har framleis ikkje bestemt meg for om eg likte denne varianten betre enn den med kvit sjokolade og blåbær. Kaka med mørk sjokolade minte meg kanskje litt for mykje om mousse, medan den med kvit sjokolade vart veldig ostekake-aktig. 

Uansett; det er kjekt å ekspermimentere med ulike kaker og særleg spennande når ein tek nokre ingrediensar og byttar ut med andre.

Kunne eg ha gjort noko annleis? Tja, om eg skal lage denne ein gong til vil eg bruke mørkaste sort sjokolade go kanskje tilsette finhakka chili for å gi eit ekstra kick til kaka.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker | Tagged , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *