Pizza Bianca

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Som matbloggar er det diverse kokkar og matpersonlegheiter eg tillet meg å ha eit aldri så lite crush på. Sweet Paul, eller Paul Løwe, er ein av dei som gir meg aldri så lite hjartebank når det gjeld matkunnskap. I fjor haust hadde han eit bilag i KK (34/11) med herleg oppskrifter som smakte av haust. Eg likar Paul sitt røffe og kvardagslege uttrykk når det kjem til mat. Ei av oppskriftene i «Sweet Paul Magazine – det beste i livet» er ei oppskrift som heiter Pizza Bianca. Det er eigentleg meir eit foccaciabrød enn ein pizza, men godt er det uansett!

Pizza Bianca – til to middels store pizza

1 ss tørrgjær (Idun har gjær i pulverform, men du kan godt bruke 50 g tørrgjær eller vanleg gjær)

2 dl lunka vatn

1 ss honning

3 ss olivenolje

5 dl kveitemjøl

1 ts salt

Olivenolje, rosmarin (frisk eller tørka) og Maldonsalt til å ha på toppen før steiking.

Rør saman tørrgjær og vatn. La blandinga stå i 2 minutt. Tilsett honning, olivenolje, salt og mjøl. Elt deigen godt. Dersom du brukar vanleg tørrgjær blandar du først gjæra og alt det tørre før du har i det som er flytande. Mi erfaring er at Pizza Bianca vert best med vanleg tørrgjær eller fersk gjær. 

Dekk deigen med plast og la den heve i 1 1/2 time.

Del deigen i to go ha på ei smurt bakeplate . Hell over olivenolje og bruke fingrane til å presse ut deigen til to pizza. Dryss over salt og rosmarin. Steik pizzaen ved 220 grader i ca 15 minutt, eller til den får gyllen og fin farge. Skjær i bitar og server.

Pizza Bianca passar perfekt til supper, pasta eller salat. Eller du kan legge på godt  pålegg og friske tomatar og ete som ein sandwich.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Pizza, Sommarmat | Tagged , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Pizza Bianca

  1. Det ser og høres godt ut!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *