London Cheesecake

2 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 2 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Det er noko med meg og ostekaker. Eg har laga mange ulike ostekaker i det siste, men varianten som skal steikast i omn har vorte heilt klare favorittar her i heimen. For litt sidan laga eg New York Blueberry Cheese Cake, den finn du her, og no har eg bevega meg til ein annan storby og laga London Cheese Cake. Oppskrifta poppa opp på Nigella Lawson sin facebookstatus for litt sidan, og sidan den inneheldt sitron måtte eg berre prøve!

Dette treng du til sjølve kaka:

  • 150g Digestive kjeks
  • 75g usalta smør, smelta eller veldig mjukt
  • 600g kremost, gjerne Philadelphia
  • 150g sukker
  • 3 store egg
  • 3 store eggeplommer
  • 1 1/2 ss vaniljeekstrakt
  • 1 1/2 ss sitronsaft
  • 20cm springform (rund kakeform)
  • tjukk aluminiumsfolie

Dette treng du til toppingen som skal på til slutt:

  • 1 1/2 dl lettrømme
  • 1 ss sukker
  • 1/2 ts vaniljeekstrakt

Slik gjer du det:

Forvarm steikjeomnen til 180 grader. Legg bakepapir i botnen av springforma. Ta dobbelt lag med aluminiumsfolie og pakk rundt forma (fordi den skal i vannbad). Knus kjeksa til smular eller køyr dei i ein minihakkar. Bland dei med det smelta/mjuke smøret. Fordel kjeksblandinga i botnen av forma og set til kjøling i kjøleskapet.

Pisk kremosten til den er mjuk og tilsett sukkeret. Pisk inn egga og eggeplommane, og til slutt har du i vaniljeekstrakt og sitronsaft. Leit opp ei langpanne eller stor, eldfast form med høg kant. Den aluminiumskledde springforma skal stå opp i denne. Set på kjelen og kok opp vatn som du skal ha i langpanna.

Slå osteblandinga over kjeksblandinga og sett springforma ned i langpanna. Slå kokande vatn i langpanna, om lag halvvegs opp på springforma. Set alt midt i omnen og steik i 50 minutt. Kaka er ferdig når den er fast og fin på toppen.

Pisk rømme, sukker og vaniljeekstrakt og slå på toppen av den steikte kaka. Set tilbake i omnen og steik i 10 minutt til.

Når du tek ut kaka fjernar du forsiktig aluminiumsfolien som har vore på utsida av springforma. Set forma på ei rist. La avkjøle ei lita stund før du forsiktig skjer rundt kanten av forma og tek av ringen. La den kjøle seg ned. Pass på at du ikkje legg noko på toppen av kaka, då det vil ødelegge rømmetoppingen. Set kaka kaldt, men ta den ut ein halv time før du skal servere den.

Bruk gjerne sitronskiver og sitronmelisse som garnityr når du serverer. Pass berre på at du ikkje legg sitronskivene på toppen av kaka, då safta frå sitronen vil øydelegge rømmetoppingen. Dette skriv Nigella sjølv om kaka si:

«This is one of the best sort of recipes – a family hand-me-down. My paternal grandmother instructed me in the art of adding the final layer of sour cream, sugar and vanilla towards the end of the cooking time: and it’s true, it does finish it off wonderfully. I cannot tell you how much the velvety smoothness is enhanced by cooking the cheesecake in the water bath. It’s not hard, though you really must wrap the tin twice in extra-strength tin foil. Once you’ve tried it this way, you won’t even consider cooking it any other.»

Oppskrifta finn på på engelsk på Nigella si heimeside. Klikk her for å kome direkte til oppskrifta.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *