Snart helg: 3-retters med ost, torsk og frukt!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er snart helg, og kva er vel kjekkare enn å overraske nokon du er glad i med ein 3-retters meny?

Eg og mannen feira 12-års bryllaupsdag forrige helg. Sjølve dagen var på søndag, men vi tjuvstarta med ein 3-retters meny på laurdagskvelden. Då vi gifta oss hadde vi kveite på menyen. Kvart år sidan, så sant vi har vore heime og det har passa, så har vi hatt fisk på bryllaupsdagen vår. Denne gongen var det Strøm Torsk som lokka oss og så hadde vi ost til forrett og eksotisk frukt til dessert.

Hovudretten og desserten er henta frå Øyvind Hjelle si bok «Gourmet for begynnere». Denne boka er full av gode tips, herlege oppskrifter og tips til korleis ein kan setje i saman menyar. Det eg gledde meg mest til med denne menyen var å smake chorizo-vinaigrette til torsken og limesukkert på frukta! Og så gledde eg meg sjølvsagt til å setje meg ned i lag med kjærasten og nyte god mat og drikke!

FORRETT: GODT LAGRA CHEDDAR MED VALNØTTER OG AKASIEHONNING

Denne forretten er enkel å tilberede og det meste kan gjerast god tid i førevegen. Eg valgte ein godt lagra cheddar, men du kan sjølvsagt ta den osten du vil. Om du ikkje er så glad i sterke ostar kan du godt ta ein mild norvegia, og er du av det meir vågale slaget tek du ein skarp ost som både luktar og smakar! Skjær osten i tjukke og gode skiver med ein kniv, og deretter i små firkantar.

Anrett osten på eit fint fat. Ha ein dråpe akasiehonning på kvar ostebit og legg på på ei valnøtt. Legg ligg grønt på fatet til pynt. Hugs at osten smakar best når den er godt temperert. Ha gjerne ei lita skål med akasiehonning ved sidan av om ein vil ha litt ekstra å dyppe i.

Husbonden er glad i godt øl til maten, så eg tenkte han skulle få smake Slogen-ølet frå Trollbryggeriet som er eit mikrobryggeri i Liabygda på Sunnmøre. Dette skriv Wikipedia om bryggeriet: «Trollbryggeriet er et mikrobryggeri i Liabygda,som ligger i Stranda kommune på Sunnmøre. Bryggeriet startet opp i 2009. Det drives og eies av Kjartan Lied og Jørund Ringset. Bryggeriet produserer fem typer overgjæret ale i butikkstyrke, under varemerket Slogen. Bryggeriet produserte 30 000 liter i 2011″. Slogen er for øvrig eit fjell i mi heimkommune, Ørsta. Det er 1564 moh og i 1884 sa William Cecil Slingsby at fjellet var «…one of the proudest in Europe«.

På baksida av flaska står det at ølet eignar seg godt i lag med ost, og det kan var for så vidt rett. Det mørke ølet var ein fin kontrast mot både cheddar, søt honning og nøtter.

HOVUDRETT: STEIKT TORSK MED CHORIZO-VINAIGRETTE OG BLOMKÅLKREM

Oppskrifta er til fire personar

Chorizo-vinaigrette: 

* 1 bit chorizo-pølse (om lag 10 cm) * 2 ss pinjekjerner * 5 tørka aprikos * 1 ss sitronsaft * 1 ts knuste korianderfrø

* 1 fedd finhakka kvitløk * 1 dl god olivenolje * ei klype salt * 1 vårløk * 1 ss fersk timian

Rist pinjekjernene i ei tørr panne og legg dei til side. Fjern skinnet på chorizoen, kutt den og aprikosen i små terningar. Ha olivenolje i ei varm steikjepanne og la chorizoen surre til den får litt farge. Ha i aprikosterningane og sitronsafta. Knus korianderfrøa (bruk morter eller botnen av ein kjele) og ha dei i panna. 

Mot slutten av steikinga har du i kvitlølken for å gi vinaigretten ein rå kvitløksnyanse. Ha rista pinjekjerner, vårløk og timian i til slutt. Skru ned plata og la alt trekke på svak varme i ca 10 minutt. Chorizo-terningane skal vere gylne og mjuke når dei er klar – ikkje små, harde klumpar! Rett før du serverer klemmer du nokre sitrondråpar over. 

Blomkålkrem:

* 1/2 blomkål * 7 dl mjølk * 2 ss olivenolje * Maldon-salt * 1 ss sitronsaft * 4 klyper rista og knust svart pepar

Del blomkålet opp i mindre bitar og legg dei i ein kjele. Hell over mjølka og la blomkålet småkoke til det er mørt, 10-12 minutt. Mjølka sørger for at blomkålet held seg ekstra kvitt og mildnar smaken. Løft ut blomkålet og legg det i ei skål/litermål. Ha i olivenolje, sitron og ei god klype salt i lag med blomkålet. Køyr med stavmiksaren til det blir ein heilt jamn og fin purè. Er purèen for mjuk, spe på med litt olivenolje og litt av mjølka du kokte blomkålen i. Mjølka du løyver kan du sette i kjølskapet eller fryse i ei boks eller ein plastpose og bruke som base til blomkålsuppe seinare!

Steikt torsk:

* 4 bitar skinn- og beinfri torskefilèt (Strøm Torsk backloin) à 180-200 g per person * 6 uskrella kvitløksfedd * Maldon-salt

* solsikkeolje go 2 ss usalta meierismør til steiking * svart pepar, persilleblad og steikte kvitløksfedd som garnityr

Sørg for at panna er skikkeleg varm, ha i solsikkeolje og steik filètane på den «fine» sida først (skinnsida). La fisken få fin steikeskorpe. Unngå at fisken set seg fast i panna ved at du skyv litt på filètane medan dei steiker og sørg for at det er fersk olje under. Du treng ikkje å ha panna på fullt heile tida. 

Snu filètane og legg dei uskrella kvitløksfedda i panna. Skru ned varmen litt. Tilsett smøret. Dryss over 4 klyper Maldon-salt og gi fisken nokre runder med peparkverna. Set panna til side. Bruk ei skei og aus smøret som er i panna over filètane. Legg over aluminiumsfolie og la fisken trekke i panna til den er ferdig, 3-5 minutt avhengig av tjukkelsen på filètane. 

Om du ynskjer tilbehør kan du godt servere potetbåtar: skjær poteter i båtar og slå over olivenolje, maldonsalt, grovkverna pepar og rosmarin. Steik i ovnen i om lag 30 minutt. 

Før ein inntek desserten kan det vere lurt å strekke på beina, setje seg i sofaen og mimre om bryllaupet, koke god kaffi og tenne fleire stearinlys. Desserten er det forresten lurt å lage før ein startar med middagsførebuingane. Den eksotiske fruktsalaten blir best om han får stå og marinere i inntil to timar. Den må i alle fall stå og trekke i minimum 30 minutt.

DESSERT: EKSOTISK FRUKTSALAT MED LIMESUKKER

Oppskrifta er til fire personar

* 1 mango * 1 banan * 1 papaya * 1 liten ananas * 1 grapefrukt * 10 jordbær * rive skall frå 2 lime * 200 g sukker *

Skrell frukta, skjær den opp i grove bitar (chunks) og legg dei i eit djupt fat eller ei vid skål. Riv skalet av to lime. Ha 200 g sukker i ein hurtighakkar og tilsett limeskallet. Køyr blandinga til sukkert blir grønt og «kladdete». Dryss limesukkert over frukta og la det stå og godgjere seg i ein halv time, maks tre timar. Limesukkeret vil smelte og trekke væske ut av frukta, noko som vil danne ein deilig fruktlake. Dersom det blir restar til overs kan du bruke laken i eit glass med god rom og isbitar eller du tek frukta og laken i ein blender i lag med isbitar og lagar smoothie. 

Denne kjekke karen her fekk seg eit herremåltid denne laurdagskvelden. No har han holdt ut med mine krumspring på kjøkkenbenken i 15 år og aldri klaga på noko eg har laga. Han har av og til vore skeptisk, kan hende, men ete maten og skrytt av måltidet likevel. Han gløymer nok aldri den gongen eg jobba litt for raskt og hadde massevis av kanel i stroganoffgryta i staden for pepar, eller då eg ein litt for tidleg søndagsmorgon hadde bakepulver i kakaoen i staden for vaniljesukker. Desse uhella har vi flira mykje av, men heldigvis er det sjeldan det er så gale når eg lagar mat!

«Dette er en bok for alle som har kjøkken – og som ønsker å kaste seg ut i matkunstens verden», seier Øyvind Hjelle i boka si, «Gourmet for begynnere» . Han gjer det i alle fall enkelt for kvardagskokkar som meg å lage mat som er god, spennande og ein smule eksklusiv. Boka kjøper du på haugenbok.no ved å klikke på denne lenkja


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Middag - fisk | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Snart helg: 3-retters med ost, torsk og frukt!

  1. Lisa sier:

    hvor mye kosta dette? og hva er næringsinnholdet på denne 3- retters middagen? håper jeg får svar:) trenger det:)

    • Tove sier:

      Hei Lisa!

      No har eg finrekna litt på pris for ingrediensane til denne retten. Det er ein del ting du må kjøpe inn, men mykje av det har du kanskje i skap og skuffer likevel! Til to personar ligg forbruket på om lag 250,-. Du vil ha til overs ingrediensar som du kan bruke seinare. Desserten kan du gjere billegare ved å velje meir vanlege frukter. Om du ikkje er så glad i chorizo kan du evt utelate dette frå retten.

      Næringsinnhald har eg ikkje rekna på, men om du brukar ein matvaretabell kan du rekne deg fram til det.

      Håper dette var eit OK svar!

      Mvh ToveHD

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *