Hylleblomstersaft

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Om du har eit hylletre i hagen din eller på tunet ditt så er du heldig. Svarthyll er den «bærbuska» som har vore dyrka lengst i Noreg, heilt sidan vikingtida. Det vart også sagt at Frøya, kjærleiken og heimen si gudinne, budde i svarthyllen. Dersom ein verna og passa på svarthyllen sin ville Frøya verne om hus og heim, sjukdomar og annan vondskap. Svarthyll og hylleblomster har vore brukt medisinsk i hundrevis av år og der er mange kjerringråd om ein slår opp hyll på nett. Te eller saft av svarthyll og hylleblomster skal kurere både forkjøling og influense, vere febernedsettande og sveittedrivande. Det skal også minske smertene for revmatikarar.

I alle fall; eg har som mål å hauste frå naturen i år, og då var hylleblomstersaft noko av det fyrste eg ville lage. Sjølv  har eg ikkje hylletre på tunet, så eg måtte ut på friarføter. Svigermor til ei venninne av meg inviterte meg heim til seg for å plukke slik t eg skulle få meg nokre klasar til «Operasjon matauk».

Minikokken var sjølvsagt med på hylleblomstereventyret og fekk korga fulle av herlege og velduftande klasar i ein fei. Då vi kom heim slo vi opp i Gunda Djupvik si nyaste bok, «Sylting og safting heile året», for ho hadde sjølvsagt med oppskrift på hylleblomstersaft.

Når du har fått alle hylleblomstrane i hus, legg du dei i eit kar av plast og slår vatnet over. Skjer sitronane i skiver og ha dei i karet i lag med hylleblomstrane. For å få dekt alt med vatn, sette eg i ei stor skål med vatn for å lage litt press. La blandinga stå i to dagar.

I løpet av dei to dagane kan du bruke tida di på å skaffe til veie alt du treng:

  • sørg for at du har nok sitronsyre og at du har fått tak i Atamon (flytande konserveringsmiddel). Her eg bur er det berre Mega og Coop Marked som har det.
  • Leit fram nok glasflasker (kanskje har du kjøpt fransk lemonade eller har andre glasflasker? Du kan også kjøpe glasflasker eller finne på ein bruktbutikk). Flaskene må vere godt vaska og så skal dei i steikjeomnen for sterilisering, men det gjer du ikkje før du skal til med sjølve saftinga.
  • Sørg for at du har eit klede eller koppehandduk som du kan sile safta gjennom. Det er viktig at dette kledet ikkje har vorte vaska med skyllemiddel! Det er for seint å kome på det når du står der og skal sile safta!
  • Oppskrifta gir om lag 4 1/2 liter ferdig saft, så sørg for at du har nok flasker. Dersom du er skikkeleg i beit, kan du bruke godt vaska brusflasker og fryse ned safta.
  • eit lite tips til slutt; når sjølve saftinga er over, kan det vere lurt å ta resten av prosessen utandørs. Det kan fort verte mykje kliss når du skal helle safta over på flaske og då er det greit å rigge seg opp eit bord ute.

Då blandinga med hylleblomster, vatn og sitron hadde stått i to dagar starta den kjekkaste delen av prosessen. Eg var så heldig å få frøken midtimellom som medhjelpar, og ho gjorde vel strengt tatt mesteparten av jobben.

Det fyrste du må gjere er å sile blandinga. Eg grovsilte fyrst gjennom ei sil, deretter tok eg all safta og silte gjennom eit klede. Ha all «safta» over i ei gryte. Kok opp og ta av skum og evt restar av rusk som kjem til overflata. Du kan godt sile safta ein gong til etter at den har kokt opp.

Når safta har kokt opp har du i sukkert og sitronsyra. Dersom du doblar oppskrifta, noko eg gjorde, så treng du ikkje å doble mengda med sukker. Til dobbel oppskrift brukte eg 5 kg sukker i staden for 6 kg. Etter at du har hatt i sukker og sitronsyre kokar du opp på nytt og skummar av (bruk ei lita tesil eller ause og ta av skummet). Du kan godt smake til safta for å kjenne om du treng meir sukker eller sitronsyre. Mål opp kor mykje saft du har og tilsett Atamon (1 kryddermål per liter saft: eitt kryddermål er 1/5 ts).

Ta med deg panna ut og hald fram med saftinga ute! Hell safta på reine, nykokte flasker (eller at du har hatt dei på høg temperatur i steikeomnen i ein halv time). Kork flaskene med ein gong. Oppbevar saftflaskene mørkt og kjølig. Dersom safta skal frysast, må du ikkje ha for fulle flasker.

Den flinke saftkokaren måtte sjølvsagt reservere ei saftflaske til bestemor! Med eigen etikett vert ei slik flaske ei personleg og koseleg gåve å gi vekk!

Når ein først har laga hylleblomstersaft, kan ein også lage hylleblomstergelè! Den oppskrifta kjem i eit anna innlegg!

Om du vil kjøpe boka til Gunda finn du den hos haugenbok.no. Klikk på denne lenkja for å lese meir om boka eller kjøpe den.

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukt | Tagged , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Hylleblomstersaft

  1. Tilbaketråkk: Matauk: hylleblomstergelè og bokomtale | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *