Lat start på late dagar

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Når du les dette har det kanskje blitt formiddag. Og eg er heil sikkert ikkje komen lenger enn til frukosten. Ikkje ein overdådig og nøye gjennomtenkt frukost, men ein «ta det som tek minst tid»-frukost. Det har i grunnen blitt litt slik i det siste; husbonden har byrja på ferie, vi søv lenge alle mann (inkl. ungane våre med store sovehjarte), vi slumrar oss gjennom formiddagen og tek frukosten slik det passar seg. Eg trur ikkje vi er åleine om å ha det slik. Heller ein lett og enkel frukost medan vi gnir svevnen ut av augene og så slår vi heller til med ein lang og deilig lunsj.

Det går heilt fint å starte dagen med gode flatbrød med godt smør på. Enkelt og godt. Er du skikkeleg heldig så har du kanskje tilgang til heimelaga flatbrød. Eg har planar om å bake flatbrød, men ikkje før til hausten. Eg må ha meg ei takke først. Og så må det verte litt mørkare ute. Og lauva skal flyge i vinden. Då er det flatbrødtid. Enn så lenge kosar eg meg med slike som eg får kjøpt i butikken.

I dag vart den late frukosten litt meir eksklusiv enn berre flatbrød; eg hadde nemleg restar av ein eksotisk fruktsalat (oppskrift kjem seinare i dag eller i morgon). Dette putta eg i blenderen i lag med isbitar, køyrde det i stor fart og VIPS så hadde vi ei energibombe som verkeleg fekk fart på trøtte morgonkroppar!

Når det gjeld smoothie, så er det fine med det at ein kan lage det slik at alle likar det. Og så kan ein bruke det ein har! Du har sikkert noko mjuk og trist frukt på benken som ingen vil ha; putt det i blenderen i lag med litt juice eller yoghurt og du har ein supert frukost! Du kan også tilsette ymse frø, havregryn, kruskakli etc.og så får du den så sunn som berre det! Ein gong hadde eg til og med restar av havregraut i smoothien!

Vi veit alle kor viktig det er med frukost. «Det er dagens viktigaste måltid», bruker eg å seie til ungane. Men for all del; når ein har ferie og ligg litt frampå, så er det fullt lovleg å gjere det enkelt – og likevel godt!

Kva frukostrutiner har du i ferien?


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost, Frukt | Tagged , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Lat start på late dagar

  1. Synnøve sier:

    Her går det i god te, hjemmebakt bröd og masse godt pålegg… ost og kjöttpålegg… en go juice og så litt lys og musikk i bakrgunden…
    Men skal jammen det pröve den smothien eg… har en blender på kjökkenmaskina som eg aldrig brukt…
    Ha ei fin tirsdag nå.
    Klem Synnöve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *