New York Blueberry Cheesecake

15 Flares Twitter 0 Facebook 11 Pin It Share 4 Filament.io 15 Flares ×
Print Friendly

Eg har berre vore i New York ein gong. I tre dagar. Eg budde på Columbia University, på eit noko slitt og herja studentrom. Det var tre hekstiske dagar med kurs og seminar. Vi åt og sov på campus. Men eg rakk å ete cheesecake. Ekte, amerikansk cheesecake. Eg hugsar ikkje kva slags cheesecake det var. Men den var så god at den gav evigvarande lukke, med smakar og konsistens som eg aldri kan gløyme. Midt i hjartet av New York, for mange år sidan; eg og eit stykke cheesecake. Fyrst i går prøvde eg meg på ei etterlikning – til ære for min kjære som hadde bursdag!

Oppskrifta på denne herlegheita har eg funne i Leila Lindholm si bok, «A Piece of Cake». Ho skriv at det er ei originaloppskrift frå ein «etestad» i New York.

Dette treng du til kaka:

Kjeksbotn:

300 g Digistive-kjeks

150 g smør, smelta

Fyll:

600 gram Philadelphiaost

2 1/2 dl kesam

1 dl sukker

1 dl maisenna

2 ts vaniljesukker

3 egg

1 dl kremfløyte

200 g kvit sjokolade

1 1/2-2 dl friske eller frosne blåbær

Slik gjer du det:

Forvarm omnen til 175 grader.

Knus kjeksen i ein hurtigmiksar og bland smulane med smelta smør.

Trykk blandinga ned i botnen av ei rund form (springform, 24 cm). Steik omnen i 10 minutt. Avkjøl. PS! Det er lurt å leggje bakepapir i botnen av forma slik at du lettare klarer å ta ut kaka når den er ferdig.

Pisk Philadelphiaost og kesam til det får ein kremaktig konsistens.

Bland sucker, maisenna og vaniljesukker og ha opp det i osteblandinga. Bland godt.

Pisk inn egga, eitt om gangen. Ha så i fløte (skal ikkje vere piska).

Brekk sjokoladen i mindre bitar og smelt i vannbad. Rør sjokoladen inn i fyllet.

Hell fillet over kjeksbotnen og dryss blåbær på toppen.

Steik midt i omnen i rundt 40 minutt. For å hindre at ostekaka blir brent, kan du dekke med aluminiumsfolie når den blir gyllenbrun.

Når det har gått 40 minutt skrur du av omnen og let ostekaka stå i restvarmen i 30 minutt.

Når du tek ut kaka set du heile springforma på ei rist og let den kjøle seg ned. Kjenn forsiktig på kaka om den har vorte kjølt ned og så fjernar du ringen rundt forma. Det skal ikkje vere nødvendig å losne kaka med kniv, den slepp kanten fint. Så ser du om du klarer å dra i bakepapiret slik at du får kaka over på ei rist. La den stå der og kjøle seg meir ned.

Sjølv om denne kaka heiter Blueberry Cheesecake, så kan du heilt sikkert bytte ut blåbæra med t.d. bringebær, eller om kaka skal ha eit litt meir haustleg preg; moltebær. Det kan hende at den kvite sjokoladen kan byttast ut med lys kokesjokolade, men det har eg altså ikkje prøvt. Då ville eg i så fall brukt bringebær i kaka, som er ein god smak i lag med sjokolade.

Som du ser av biletet over, befinn eg meg langt får New York. Men i går, på sjølvaste bursdagen til mannen min, fekk eg drøyme meg vekk til dei tre dagane eg tilbrakte i NY. Det er ikkje det triste, brune romet eg budde på som vert hugsa best. Heller ikkje maurfamilien vi fann bak senga, eller forelesningane på kurset. Men ostekaka… Åhhh, så godt eg hugsar ostekaka… Målet er å ta med meg heile familien tilbake til USA, slik at ungane får besøke New York og ete ekte, amerikansk ostekake, og til vestkysten for å sjå skulen eg jobba på. One of these days… Enn så lenge så får vi lage våre eigne ostekaker og mimre om ei tid som var!

Leila Lindholm si bok, «A Piece of Cake», har eg skrive om før. Den er full av gode oppskrifter, både på kaker, brød, muffins, pai og mykje meir. Og så har den svært lekre og tiltalande illustrasjonar. Dette er verkeleg ei bok eg vil anbefale! Akkurat no får du den på supertilbod hos haugenbok.no til kr 169,- (ordinærpris: kr 339,-). Boka bestiller du enkelt her!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , , , | 13 Kommentarer

13 Responses to New York Blueberry Cheesecake

  1. May Kristin sier:

    Denne har jeg også laget, og den er nydelig. Jeg byttet ut litt av philadelphiaen med mascarpone, det anbefales veldig 🙂

  2. Sukkerfeen sier:

    Samme her, har laget den flere ganger – en stor hit hver gang! Kan generellt anbefale Leila Lindholms oppskrifter, jeg har prøvd veldig mange og alle er kjempegode 🙂

  3. Kokken Thor sier:

    Oj, den var god!! Serverte den til dessert i går, kjempesuksess!!

  4. Egil Jens Pettersen sier:

    Oppskrifta var uimotståelig. Akkurat nå står kaka i ovnen, den skal få godgjøre seg til i morgen og severes til venner på hyttebsøk i Malangen (Troms). Venter i spenning på de nye variantene. Takk skal du ha.

  5. Tilbaketråkk: London Cheesecake | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  6. Tilbaketråkk: Ostekake med sjokolade og bringebær | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  7. Siv-Marit Røyset Kaldhol sier:

    Tusen takk for oppskrift på verdas beste ostekake! Eg laga, og serverte den i gårkveld, og denhausta mykje ros! Lurte meg til å smake ein liten rest som har stått i kjøleskapet no i dagtidleg – og kaka smaka altså endå betre! Takk igjen! Gjett om eg kjem til å fylgje deg ved kjøkenbenken 🙂

    • Tove sier:

      Tusen takk for skryt, Siv! Du er sjølvsagt velkomen til å kike innom kjøkkenbenken min så ofte du kan! Og du har heilt rett; ostekaka er gjerne betre dagen etter….og etter…og etter 😉

  8. Tilbaketråkk: Matåret 2012 | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  9. Marin sier:

    Hvilken krem er servert ved siden av??

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *