Mormors fiskekaker

7 Flares Twitter 0 Facebook 6 Pin It Share 1 Filament.io 7 Flares ×
Print Friendly

Ingen kunne lage fiskemat som mormor. Ho hadde eit heilt eige lag med mat. Alt ho laga vart godt. Alt ho trylla fram vart vellukka. Og ingenting var som å få sitje på mormor sin kjøkkenbenk og ete nysteikt fiskekake på gaffel. Kanskje er mormor si fiskekakeoppskrift lik mange andre oppskrifter. Men for meg er den heilt spesiell. Så spesiell at det nesten er litt rart å skulle dele den med alle på bloggen min.

Mormor si oppskrift er ei helt vanleg farseoppskrift.  Det fine med den er at den er god som den er, eller du kan variere med å tilsette smakar som du måtte like, t.d. grasløk, kvitløk, pepar, soltørka tomat etc – det er berre fantasien som set grenser!

Dette treng du:

250-300 g rå fisk (gjerne ei blanding av lyr, sei og torsk. Dersom du ikkje er så heldig at du har tilgang på ferskfisk, kan eg anbefale å bruke Strøm Torsk i staden for)

2 1/2-3 dl heilmjølk

1 ss potetmjøl

1 ss kveitemjøl

1 ts salt

litt muskat

¼ stor løk, finhakka

(oppskrifta kan godt doblast mange gongar om du lagar til mange)

Bruk kjøkkenmaskin og køyr fisken litt før du har i resten av ingrediensane. Putt alt i på ein gong og køyr til du har fått ein smidig og fin farse. Når det gjeld mjølka så kan du ha i 2 ½ dl til å byrje med og evt regulere med resten av mjølka om du meiner farsen vert for kompakt. Smak gjerne på farsen før du steikjer den og kjenn om den er passe salt. Farsen må ikkje vere for laus.  Form små fiskekaker og steik i smør på middels varme.

Server med kokte poteter, grønsaker, smelta smør med grasløk og tyttebærsylte. Fiskekaker i brun saus er også godt! For ikkje å snakke om varm fiskekaker på godt, heimelaga brød med litt majonnes på! Herleg…..

Tenk på at det det alltid gjer noko ekstra med maten om du pyntar med litt grønt. Vi er no inne i ein herleg sesong med grøne spirar og urter overalt. Om du ikkje er så heldig at du har dei i kjøkkenhagen, så kan du kjøpe dei på butikken til ein slikk og ingenting. Eg har alltid ulike urter på kjøkkenbenken og brukar dei både i mat og som pynt. Oregano er eg særleg glad i når det gjeld å pynte mat.

Lukke til med fiskekakene! Og hugs; du kan bruke same oppskrifta om du vil lage fiskebollar. I staden for å steikje farsen, lagar du små, fine bollar som du legg i nesten kokande vatn. Bollane skal ikkje koke, men berre trekke. På min steiketopp er 9 maks styrke på kokeplatene, og eg skrur ned til 6 eller 7 når fiskebollane skal trekke. La dei trekke i om lag 10 minutt. Lag fiskebollar i kvit saus til middag eller frys dei til seinare bruk.

PS! Denne oppskrifta er også med i Strøm Torsk si nye kampanje for Strøm Torsk Belly Loin. Den kjem i eit flott oppskriftshefte i daglegvarebutikkane i løpet av sommaren. Strøm Torsk si side kan du besøke her for å lese meir om produktet. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk, Sommarmat | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , | 22 Kommentarer

22 Responses to Mormors fiskekaker

  1. Synnøve sier:

    Må nesten prove dette alltså…. det er bare så trist at eg får eite alle sjöl da gubben IKKJE spiser slikt.. Han er ju svensk da :))

  2. Torill sier:

    Eg har høyrt at fisken ein brukar til fiskekaker ikkje kan vere frossen. Og at den helst skal vere fersk, men ligge over natta i kjøleskap for å få stivelsen i fisken. Derfor vert det aldri fiskekaker på meg då eg bur på ei øy(!) med mangel på ferskvaredisk. Har du denne erfaringa eller er det mogleg å bruke anna fisk? Skal lese om Strøm.

    • Tove sier:

      Hei Torill! Du har heilt rett når det gjeld frossen fisk; det eignar seg dårleg til fiskekaker! Men du som bur på ei øy kan vel berre kaste ut snøret og fiske??? Eller finne ein lokal fiskar??? Uansett, Strøm Torsk kjem snart med eit nytt produkt som heiter Belly Loin. Det er bukstykket på fisken og ein rimelegare variant av Back Loin, som er ryggstykket. Den rimelege varianten er super til fiskekaker. Fiskekaker laga berre av torsk er godt, men eg brukar som regel å blande sei, lyr og torsk. Som du skriv, så sløyar eg fisken, tek av skinnet og fjernar beina – så får den ligge i kjøleskapet natta over. Då har filètane vorte litt «fastare i fisken» og er klar til å bruke i fiskemat.

      Håper du får deg tak i fisk slik at du kan prøve å lage fiskekaker… Lykke til!

      ToveHD

      • mokka68 sier:

        Det funker med frossen fisk også, men ta vare på alt vatnet fra fisken. Tin alt i en bolle , så er du sikker på å få med alt du trenger av de nyttige stoffene, virkelig rubbbel og bit

  3. Bra blogg, Tove!

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett!

    Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [@] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

  4. Kjellaug E Fosaaas sier:

    Hei !! Dette ser vel ut til å være ei grei oppskrift. Nå skal jeg til sommerhuset på øya i vest og fiske , så da blir det både fiskekaker og fiskeboller. Jeg lager aldri fiskemat av frossen fisk, men prøv dette hvis du ikke har tilgang på fersk fisk. Som Tove skriver lønner det seg absolutt å la fiske ligge natta over og renne av seg. Bruker du frossen fisk må du la den tine og renne av seg, ellers blir fiskematen «kort og kornete «. Lykke til med fiskematen.

  5. Hege B sier:

    Det går fint an å bruke frossen fisk til fiskekaker, du må bare sørge for at vannet som fisken avgir ved tining SKAL være med i farsen. Jeg bruker ikke annet enn torsk og sei i blokk.

    Hege B

    • Tove sier:

      Blokkfrosen fisk er nydeleg til mykje – også fiskekaker! Eg er så heldig at eg ofte har tilgang til fersk fisk og då brukar eg sjølvsagt det. Onklane mine er hobbyfiskarar og kjem ofte med godsaker til meg. Men av og til, når lysta på fiskekaker vert for stor og eg ikkje har fersk fisk, har eg òg brukt frosen fisk. Og då er det som du seier, kjempeviktig å bruke vatnet som renn av fisken i fiskekakene.

      Tusen takk for innspel!

      ToveHD

  6. Lillian sier:

    Eg har brukt frossen fisk til fiskekaker og det gikk heilt fint:) Men er viktig at den er heilt tint før den blir brukt. Så det er håp for oss som ikkje får tak i heilt fersk fisk:)

    Lillian

    • Tove sier:

      Hei Lillian! Eg blir så glad når eg får slike kommentarar; at ein set pris på heimelaga mat og går i gang med fiskekakelaging sjølv om ein ikkje har ferskfisk! Det er mange som ikkje har tilgang til fersk fisk og som meiner det er for dyrt å kjøpe fersk, og då kan ein så klart lage av frossen fisk. Og då er det, som du skriv, viktig at den er heilt tint, og at du brukar krafta som har rent av fisken når du lagar fiskefarsen. Bytt då ut mjølka med tilsvarande mengd fiskekraft. Det er mykje stivelse i den krafta.

      Ha ein fin kveld!

      ToveHD

  7. marit sier:

    mmm- disse så gode ut! Jeg bruker nesten nøyaktig samme oppskrifta! Gubben bestilte hyse av en hobbyfisker for noen uker siden- «jeg tar alt du får», sa han, og fiskeren kom med 40 kg….det ble mange fiskekaker!

    • Tove sier:

      Så herlig, Marit! Ein kan jo ikkje takke nei til fisk! Når eg har hyse blandar eg med torsk, det blir nydelege fiskekaker! Eg har justert mormor si oppskrift med 10 gram, det vil seie at eg skriv 300 gram med fisk, medan ho hadde skrive 290 gram med fisk! Mormor hadde heilt sikkert funne ut at dette var beste kombinasjonen 😉

      Ha ein fin kveld!

      ToveHD

  8. Eli sier:

    Hei,

    Et veldig dumt spørsmål: Er fisken kokt eller rå?

    Takk for svar 🙂

    Hilsen Eli

    • Tove sier:

      Hei Eli!

      Spørsmålet ditt er slettes ikkje dumt – tusen takk for at du spør! Når du skal lage fiskekaker skal fisken du brukar vere rå. Filètane må vere romtempererte før du brukar dei.

      Om du får tak i litt fisk må du gjerne prøve å lage ein porsjon med fiskekaker. Det er mykje enklare enn folk trur! Lykke til!

      Mvh ToveHD

  9. Lisa sier:

    Hei! Takk for fin oppskrift 🙂

    Jeg har prøvd å lage fiskekaker flere ganger, da med frossen «blokk-fisk», men det blir alltid for «blaute» og melka jeg heller i fiskeblandingen «renner av» og skiller seg fra resten av massen/kakene. Oppskriften jeg har brukt tidligere er 600 g seifielet, 1 ts salt, 1ss potetmjøl og 2 dl lettmjølk, men jeg skal prøve din oppskrift nå (bortsett fra at jeg ikke kan bruke helmelk – håper det ikke ødelegger?) og ta vare på fiskekraften som renner av!

    • Tove sier:

      Hei Lisa! Eg trur kanskje det kan vere at du har brukt frossen fisk som gjer at dei har vorte blaute og litt annleis enn dei skal vere. Med oppskrifta mi trur eg du får gode og fine oppskrifter. Om du ikkje kan bruke heilmjølk, så går det heilt fint! Då eldstesonen vår var liten hadde han mjølkeallergi, så eg laga alltlid utan mjølk i det store og det heile. Då hadde eg alltid litt frossen fisk som eg blanda i lag med den ferske fisken, og så brukte eg krafta som rann av fisken under tining. Om du har annan fisk så er det fint å blande med sei. Ein litt kvitare fisk, som td. lyr eller torsk er supert!

      Håper du får bruk for svaret mitt!

      Mvh ToveHD

  10. Åse Britt sier:

    Det er fint å ha evnen til å dele! På den måten lever din mormors fiskekaker enda mer videre rundt om i landet. Jeg har tenkt å prøve! 😉

  11. Hege sier:

    Hvor mange fiskekaker får du av denne oppskriften? 250-300 gr. fisk virker lite?

    • Tove sier:

      Hei Hege! Ja, dette er ei lita oppskrift! Det kjem litt an på storleiken på fiskekakene, men meiner at eg får 8-10 fiskekaker av denne. Når eg lagar fiskekaker mangedoblar eg denne oppskrifta. Når ein først set i gang og lagar fiskekaker, kan ein like godt lage ein stor porsjon og ha ekstra til å fryse ned.

  12. anita sier:

    Hei.
    Vi har lage fiskekaker av torsk og sei i dag og de ble helt nydelige. Brukte 2 kg sei og 2 kg torsk. Fulgte oppskriften din,men brukte bare 2 l melk. Kjempegod oppskrift. Vi fikk ca 120 stk. Gleder meg til middag i morgen !

    Anita

  13. Lars sier:

    Fiskekaker kan lages av frossen, saktetint fisk. Helst hyse. tinevannet må være med, og fisken skal være skikkelig kald, før den males. Det gjeld både fersk og frossen. I f.prosessor: Kjør med salt og krydder først, så resten av det tørre, så speing. Hyse blir nesten utelukkende brukt til fiskemat, her oppe i ø.finnmark. Henger godt sammen, er kvit og fin og smaker godt. Frossen bli aldri like bra som fersk fisk, men de duger. Spe litt å litt, kanskje trengs det mindre væske til frossenfisk

  14. Jeg dobbler oppskriften, 700 g. frossen kolje, det er det beste!Hos LIDL har de pakker på 700 gr. Kolje, Torsk, eller sei. Det blir bra med torsk og sei også, evt blanding.
    Langsom opptining, frysevannet erstater en del av melken. Jeg foretrekker gressløk, men det er en smaksak. Til denne porsjonen bruker jeg 2 egg! Ved bruk av frossenfisk kann du bruke 50% mer potetmel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *