Sommarsalat med mangopurè

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg likar veldig godt å ete salat til middag i sommarvarmen. Det er ikkje alltid like populært hos husbonden, som kjem sliten heim etter ein lang dag på jobb. Han vil ha kraftigare kost, gjerne med poteter og kjøt. Denne salaten er difor eit kompromiss; salat for mor og poteter og kjøt for far!

Dette treng du til salaten:

1 kg småpoteter

ca 500 g svinekjøt i bitar (bruk meir eller mindre kjøt om du ynskjer det)

1 bunt reddikar (ca 10 stk)

1 liten paprika

1/2 raud løk

3 vårløk

grasløk, så mykje du vil

Bladsalat (frisè, isberg eller andre salattypar med litt store blad)

Dette treng du til dressingen:

2-3 dl solsikkeolje

1 raus ts Dijon sennep

salt og pepar

1 ts balsamico-eddik

Dette treng du til mangosausen:

1 moden mango

Lag dressingen først, slik at smakane får sette seg. Slik gjer du det:

Ha Dijon-sennep, olje, salt og pepar i ei lita skål og bruk ein visp for å blande alt godt. La skåla stå på benken og la dressingen få godgjere seg.

Slik lagar du salaten:

Start med å koke potetene. Ha dei i ein kasserolle og la vatnet så vidt dekke potetene,  ha rikeleg med salt i vatnet (til 1 kg poteter brukte eg om lag 1 1/2 dl salt, då får du nydelege poteter). Potetene skal koke med skallet på. Bruk ei spiss kniv og kjenn undervegs om dei er ferdige.

Medan potetene kokar steikjer du svinekjøtet. Krydre med salt, pepar og litt chilipulver (berre pittelitt). Når det har fått fin steikjefarge kan det stå på svak varme på panna medan du ordnar dei andre ingrediensane til salaten.

Vask grønsaken og skjær dei i passe store bitar. Dei må ikkje vere for små, det skal vere litt crunch i salaten! Ha dei ferdig grønsakene i ein stor bolle.

Når potetene er ferdige slår du av vatnet og set panna tilbake på panna for å dampe vekk alt vatnet på potetene. Dersom potetene er små, deler du dei i to, er dei større må du dele dei i tre. Ha potetene og kjøtet i salaten i lag med grønsakene. Slå dressingen over salaten og bland godt.

Mangopurèen er superenkel å lage, då den har berre ein einaste ingrediens, nemleg m a n g o !

Slik gjer du det:

Skrell mangoen og skjær av alt fruktkjøttet. Ha det ein ein liten foodprosessor eller bruk stavmiksar og køyr lenge nok til at det vert purè.

Slik anrettar du salaten:

Ta salatbladet og legg på ein tallerken. Legg salaten på salatbladet og legg litt av mangopurèen ved sidan av. Sett gjerne ei skål med ekstra purè på bordet slik at gjestane kan forsyne seg med meir om dei vil.

Den spesielle kraftige og søte mangosmaken passar svært godt til svinekjøt!

Dersom du har mangopurè til overs kan den brukast til mykje:

* Bland den med knuste isbitar og litt eplejuice og du har ein nydeleg tørstedrikk ein varm dag

* Slå den over restane av salaten og spar til neste dag

* Bruk den som saus på vaniljeis eller over assorterte bær

* Drikk den som den er – ein mango er proppfull av A-vitamin, C-vitamin og mineraler!

Men hugs; mango er ferskvare og ein purè kan ikkje stå lenge i kjøleskapet før du brukar den! Bør helst etast same dag. 


 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Salat, Sommarmat | Tagged , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *