Sticky Chicken

10 Flares Twitter 1 Facebook 8 Pin It Share 1 Filament.io 10 Flares ×
Print Friendly

Matrettar av kylling er noko av det som er kjekkast å lage og som smakar best. Det er eit utal ingrediensar som let seg kombinere med kylling, og resultatet blir stort sett bra uansett korleis ein miksar og blandar.

Denne retten er USA-inspirert, og kan lagast med ulike ingrediensar. Men du må ha med ein eller fleire ingrediensar som gir det klissete og søte sluttresultatet. Ein god og smakfull marinade er den store løyndomen med denne oppskrifta.

Dette treng du:

Kylling i ulike bitar eller rå kylling som du deler opp i små, høvelege stykker. Nokre er krydra/marinerte frå før, dei brukar eg å legge i kaldevatn slik at krydderet vert vaska vekk. Det passar ikkje ilag med marinaden eg brukar. Dersom du kjøper frosne lår/vingar, må dei vere godt tint før du har på dei marinaden.
sticky chicken

Til marinaden treng du:

  • 2-3 dl søt chilisaus
  • 1-2 dl søt soyasaus (helst Kecap Manis, det får du på Eurospar)
  • 5 ss flytande honning
  • litt salt
  • litt kyllingkrydder
  • 2 lime
  • 1 sitron (skal skal raspast over kyllingen før servering)
  • ca 2 dl god olivenolje
  • 3 ss lys sirup

Slik gjer du det:

Bland alle ingrediensane til marinaden. Du må raspe skalet av limen (finraspa) og skivse i all safta. Eg gjer merksam på at eg stort sett lagar denne marinaden på slump og har aldri tenkt særleg over kor mykje eg har brukt av dei ulike ingrediensane.

Slå blandinga over kyllingbitane og la det stå og marinere på kjøkkenbenken i 1-2 timar (alt etter kor god tid du har!).

Slå det heile over i ei langpanne og steik på 200 grader i ca 1 time. Då er all krafta frå marinaden kokt inn, og ligg som eit klissete lag rundt kyllingen. Dersom du synest det er mykje marinade att i langpanna, så er det berre å steikje det litt til, gjerne på varmluft. Rasp over sitronskal før servering. Dette er mat som må etast med fingrane, og då er våtserviettar obligatorisk på bordet!

sticky chicken1

Ovnssteikte poteter er supert følge til denne retten. Dersom ein berre har ein steikjeovn, kan det kanskje vere litt utfordrande å servere slike poteter som tilbehør. Eg flyttar kyllingen nederst i omnen etter ein halvtime og så set eg inn potetene. Då slår eg på varmlufta og aukar temperaturen litt.

ENJOY!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Smårettar, tapas | Tagged , , , , , , , , | 16 Kommentarer

16 Responses to Sticky Chicken

  1. Anne sier:

    Hei!

    Så virkelig spennende ut!
    Har du forslag til annet tilbehør enn poteter? Salat? Kanskje som en del av et tapasbord, mer enn en middagsrett?
    Leser forøvrig jevnlig bloggen din, syns den er svært inspirerende!
    God helg!

    • Tove sier:

      Sticky chicken er supert på tapasbordet! Om du har det som middag er salat naturleg følge! Ha gjerne i appelsinskiver/filetar, ruccola og elles det du likar i ein salat.

  2. Bra blogg, Tove!

    Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett!

    Er det noen som har tips om gode blogger jeg bør anbefale så send meg en link på magne.antonsen [@] vg.no Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

  3. Torill sier:

    Dette skal eg prøve. Eg elskar sausar og marinadar på kylling. Og potetene ved sida av er akkurat slik eg likar dei, perfekt 🙂 God helg til deg!

  4. Tone sier:

    Hva slags kyllingkrydder bruker du?

    • Tove sier:

      Eg har brukt det krydderet som rett og slett heiter kyllingkrydder. Trur du får det i alle daglegvareforretningar!

  5. Lena sier:

    Så godt ut! Går det like fint å bruke kyllingfilet kuttet i biter?

  6. Julie sier:

    Takk for en supergod oppskrift! Nydelig helgekos:)

  7. Kyrre Tamber sier:

    Hei!

    Prøver denne idag, men hvor mye kylling(-filet) passer en porsjon marinade til?

    Tenker vi prøver den med hjemmelaget potetmos, med godt med fløte og smør 🙂

    • Tove sier:

      Eg har brukt å kjøpe Prior sine posar med kyllingklubber/vingar og det er nok til vår familie på fem, og marinaden er berkna ut i frå det. Om det vert for lite marinade er det fort gjort å lage litt til. Når det gjeld mengd av marinade og kyllingfilèt, så ville eg nok ha brukt 6-7 kyllingfilètar til vår familie. Det vert litt mindre av dei når ein skjær dei i bitar og steikjer dei på denne måten. Pass på å korte ned steikjetida om du brukar filèt.

      Det høyrest fortreffeleg ut med heimelaga potetmos til!

      Ynskjer deg og dine ein fortreffeleg laurdagskveld!

      ToveHD

  8. Mona sier:

    Dette MÅ prøves, kjente jeg ble sulten:) Takk for oppskrift:)

  9. Martin sier:

    Denne skal prøves!

  10. hanne sier:

    dette såg himmelsk ut!! lurre på om det er noe vi kan erstatte honningen med?? for oss som ikke liker/tåler honning?;-)

    • Tove sier:

      Hei Hanne! Dersom du ikkje likar honning kan du godt bytte ut det med vanleg, lys sirup. Du får på mange måtar samme effekt. Det er berre å prøve seg fram; feil blir det uansett ikkje!

      Mvh ToveHD

  11. Rune sier:

    Hei.

    Tusen takk for en knalloppskrift. Spiste så mye at jeg måtte ligge i fosterstilling på sofaen i en time etterpå.

    Rue.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *