Enkel iskake med raude og blå bær

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

I dag ligg Sunnmøre bada i sommarsol og det kan ein sjølvsagt feire med  ei enkel og kjapp iskake; heilt fri for fiks-fakseri, maskiner og anna fancy utstyr!

Denne oppskrifta har eg eigentleg kalla “Torill spesial”, då eg har fått den med ein god kollega som heiter Torill.

Dette treng du:

To pakkar kremfløte

To ss melis

Ein pakke ferdig vaniljekrem

To pakkar pikekyss

Tips: dersom du har eggekvite til overs frå andre bakverk,så kan du enkelt lage marengstoppar (pikekyss) sjølv. Oppskrift på heimelaga marengs finn du her. Er du av den avanserte sorten lagar du sjølvsagt vaniljekremen sjølv! Her er ei enkel oppskrift på det.

Slik gjer du det:

Bland fløte og melis og pisk mjukt. Pass på så ikkje kremen blir altfor piska.

Bland vaniljekremen og knuste pikekyss i kremen. Bland forsiktig.

Hell halvparten av blandinga i ei kakeform. Kle den gjerne med bakepapir i botnen.

Legg på frossen bær. Mine favorittar er bringebær og blåbær. Hell så over resten av blandinga. Dekke med plastfolie og set kakeforma i frysaren.

Dette er ei svært takknemleg kake å lage, då den nesten ikkje tek tid og at den er så enkel at ungane kan hjelpe til med å lage den.

Kaka treng om lag 4-6 timar i frysaren før servering. Pynt gjerne med frosne bær og litt marshmellows når du set den på bordet til gjestane!

Ynskjer alle ein fantastisk sommardag!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Sommarmat, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Enkel iskake med raude og blå bær

  1. Kakeboksen sier:

    Så deilig den høres ut! KJempe enkelt også. Tror jeg prøver meg på den 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *