Vaniljeis med bringebær og søt pesto
Å kombinere is og pesto høyrest kanskje rart ut for dei fleste. Basilikumis er derimot veldig godt, så då tenkte eg at eg kunne eksperimentere litt med ein søt pestovariant til is.
Som grunnoppskrift til denne isen brukar eg Eyvind Hellstrøm sin vaniljeis. Oppskrifta finn du her. Det du treng i tillegg er heimelaga, rørt bringebærsylte eller berre knuste bringebær.
Slik gjer du det:
Lag is etter oppskrifta i dette innlegget. Når ismassen er kald har du den i iskremmaskinen og set den i gang (ps! det er lurt å starte maskinen før du har i ismassen, slik at ikkje vispen i maskinen frys fast i bollen). Vent til isen har softiskonsistens før du har i mosa bringebær eller rørt bringebærsylte. Eg brukte om lag 2 dl rørt bringebærsylte, men du kan ta så mykje eller lite som du vil. La ismaskinen gå til isen har fått tjukk konsistens.
Ha iskremen i ei boks med tett lokk og set ei stund i frysaren for å verte litt fastare. Medan den står og godgjer seg der, lagar du den søte pestoen.
Dette treng du:
blada frå ei halv basilikumplante
30 g rista pinjekjerner
30 g rørsukker
Rist pinjekjernane på ei tørr steikepanne. Ha dei i ein liten blender i lag med basilikum og rørsukker. Køyr blandinga til alle ei jamn røre. Om du ikkje har ein liten blender, kan du godt bruke stavmiksar. Den søte pestoen er no klar til bruk!
Ta isen ut av frysaren og anrett i porsjonsskåler. Heimelaga is er noko av det beste du får og fortener verkeleg å verte servert på skikkeleg vis! Ha over litt rørt bringebærsylte eller mosa bringebær og dryss over den søte pestoen til slutt.
Du kjem garntert til å verte overraska av den søte, nøtteaktige smaken av pestoen. Gjestane dine vil verte sitjande å lure på kva i alle dagar det er du har hatt over isen! Pestosmaken komplimenterer fint den søte vaniljeisen med bringebær. Dette er ein fantastisk dessert som passar like godt til nytelse ein varm sommarkveld i lag med eit godt glas Cava, eller som avslutning på eit godt måltid med gode vener.
PS! Om du ikkje har ismaskin eller ikkje orkar å lage isen sjølv, så er den søte pestoen god på kjøpeis òg!