Bolognese med potetlokk

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er søndag og fri for dei fleste. Kanskje har du byrja på ferie eller berre nyt ein avslappande fridag. Vi har hatt nokre nydlege dagar på Sunnmøre, med jonsokafta som det desidert beste høgdepunktet med sol og høge temperaturar. Slike dagar er det ikkje sikkert ein har lyst til å stå ved kjøkkenbenken å lage mat. Kanskje vil du heller vere her;

Badestranda på Rjåneset, Liadal. Foto: Eldar Halse. Dette er den lokale badestranda vår. Garden eg bur på ser du i bakkanten på biletet (om lag midt på biletet), tett under fjella, høgt oppe der du ser grøne, frodige markar.

…enn å stå på kjøkkenet og pønske ut middagsidéar og sveitte over grytene. Oppskrifta eg deler med dykk i dag er raus, smakfull og italiensk. Bolognese er rett og slett ein kjøttsaus som kan nyttast på ulike måtar. Dette er kanskje den mest populære og kjende italienske sausen. Spaghetti alla bolognese er opprinneleg laga av malt kjøt av svin og okse, samt gulrot og tomat.

Kokk og stylist Ann Kristin Wang har brukt den herlege kjøttsausen og laga sin variant med bolognese, nemleg bolognese med potetlokk.  Dette er ein rett som er super å tilberede dagen i førevegen, sette kaldt til neste dag og så kan du putte den i omnen når du kjem heim etter ein lat dag på stranda. Då slepp du å bruke av solskinstimane til å stå på kjøkkenet.

Sausen blir betre dess lenger den får koke, så om ein vil førebu denne retten til neste dag, så er dette ein fin aktivitet å styre med om kvelden når ungane har gått til ro og mor eller far har kjøkkenet for seg sjølv.

Dette treng du for å lage ekte, italiensk bolognese:

4-6 ss olivenolje

3 gulrøter, fint hakka/terningar

2 store løk, fint hakka

3 stilkar stangselleri

4 store fedd kvitløk

200 g bacon i terningar eller italiensk panchetta

1 kilo karbonadedeig

1/2 ts malt muskat

3 dl buljong, gjerne kalve- eller kyllingbuljong (kjøp god fond på butikken)

4 ss tomatpuré

2 dl kvitvin (kan sløyfast)

2 ts provencekrydder

4 boksar hermetiske tomat, grovhakka

salt og pepar

Riven jarlsbergost til å strø over retten før du set den i omnen.

Slik gjer du det:

Ha olje i ei panne og surr alle grønsakene til dei blir blanke, om lag fem minutt. Hell grønsakene over i ei stor og romsleg panne.

Steik så karbonadedeigen og panchetta/bacon kvar for seg. Ha det i kasserolla i lag med alle grønsakene.

Tilsett kvitvin og krydder, kok inn i nokre minutt og ha så i tomatpuré, buljong og tomatane. Dersom du ikkje brukar kvitvin, er det berre å ha tomatpuré, krydder, buljong og tomatar i gryta og starte kokinga med ein gong.

Så må bolognesen få koke på svak varme i minst 1 1/2 time. Du kan gjerne la den koke i inntil 2 1/2 time om du har tid til det.

Medan bolognesen putrar i veg, kan du kose deg med ei god bok, ein god film, rusle tur med hunden eller drøyme deg vekk til den italienske landsbygda!

Til potetlokket treng må du lage potetstappe. Du kan gjerne bruke oppskrifta under, eller lage din eigen variant (men for all del; ikkje bruk desse posane med tørre potetflak som berre skal svelle i vatn og smør… Det blir ikkje det same!):

1 kg mjølne poteter, skrella

2 ss smør

salt og pepar

2 dl mjølk

1 ts muskat

Skjær potetene i mindre bitar og kok dei i vatn med litt salt til dei er møre. Varm opp mjølk, smør og muskat i ei anna panne. Slå vatnet av potetene og mos dei godt. Slå over den varme væska og visp til mosen blir luftig og lett. Dersom potetstappa vert for tjukk, sper du med meir mjølk. Smak til med salt og pepar.

«Det beste et menneske kan gjøre, er å spise og drikke og unne seg gode dager midt i alt sitt strev».

Når bolognesen og potetstappa er ferdige, slår du sausen i ei eldfast form og har potetmosen på toppen. Då dette er ein raus porsjon bolognese, vil du heilt sikkert sjå at du ikkje har plass til all bolognesen i forma di. Resten set du til kjøling, har den i ei boks med tett lokk og frys ned. Dette er supert å ta opp ein annan dag det er finevér og koke litt pasta til.

Strø riven ost over potetstappa og dekk godt med plastfolie eller aluminiumsfolie. Set i kjøleskapet til neste dag. Då er det berre å ta den fram når du kjem heim frå stranda eller fjellturen, og la den steikje i ovnen medan du dusjar og ordnar deg. Steik på 200 grader i 20-30 minutt, til osten er gyllen og alt er gjennomvarmt. 

Server med ein god sommarsalat, ta gjerne det du har i kjøleskapet. Eg brukte ein pose ferdig salatblanding som basis, så tilsette eg paprika, tomat, løk, blomkål og agurk. Til dressing laga eg ei blanding av Dijon-sennep, olivenolje, solsikkeolje, litt salt og pepar, ei klype sukker. Dressingen slo eg over rett før servering. Det som vart til overs av dressing sette eg i kjøleskapet slik at eg har til salaten ein annan dag!

Du kan sjølvsagt bruke bolognesesausen til å lage andre rettar òg, men om du ikkje vil lage varianten med potetlokk så er kanskje pasta det mest naturlege tilbehøret. Om du er så heldig at du har ei diger bålpanne kan du godt lage denne retten over bål i fjøresteinane eller på høgfjellet. Då må du ta med ferdig bolognese og kald, kokt pasta. Når det så er middagstid, slår du berre alt i bålpanna, blandar det og rører til det er varmt nok. Tenk så deilig å nyte alle desse gode smakane medan bølgene skvulpar eller fjellvinden ruskar deg i håret!

…eller du tek med deg maten ut på terrassen og kosar deg med den medan solbrune ungar skravlar i veg om alt dei har opplevde i dagen som har gått! Det er rart, dette, kor mykje betre maten smakar om ein et ute!

Oppskrifta har eg henta frå boka «Rundt bordet – god mat for hele familien». Det er kokk og stylist Ann Kristin Wang og fotografane Nina Dreyer Hensley og Jim Hensley som har gitt ut denne boka på Versal forlag. Boka er ei blanding av gode basisoppskrifter, mange med sommarleg preg, og vakre, stemningsfulle bilete. Det dyktige trekløveret har også ein blogg som du kan besøkje, rundtbordet.com. 

Dette seier Libris om boka; «Rundt bordet er en moderne og leken kokebok som hjelper deg å planlegge ukens måltider, og gir deg tid til å dyrke fellesskapet. Rundt bordet er en moderne og leken kokebok som hjelper deg å planlegge ukens måltider, og gir deg tid til å dyrke fellesskapet. Boken minner oss på gleden ved å samle familien rundt et godt måltid, enten man spiser ved middagsbordet eller tar med maten ut på tur. Boken er inndelt etter ukedagene, og hver dag har sitt tema. Her er det fullt av gode råd til travle foreldre, og tips om hvordan du kan få barna til å spise sunt. Nina Dreyer Hensley og Jim Hensley er fotografer og kjent for sine mange vakre kokebøker. Nå har de også fått med seg matentusiast og stylist Ann Kristin Wang. Både Nina, Jim og Ann Kristin er selv småbarnsforeldre.»

Boka kan du bestille på haugenbok.no. Då får du boka på døra før du får sukk for deg! Klikk her om du vil sjekke ut boka eller bestille den.

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Pasta, Sommarmat | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Bolognese med potetlokk

  1. karna sier:

    Så koselig oppskrift med bilder du har laget, og en sånn rett er bare kjempegod. Jeg har brukt utg.pkt i Shepherds Pai og tatt restekjøtt fra f.eks streik el lign med potetmos (Kerrs Pink er favoritten til potetstappe) toppen. Skal prøve den italienske tugaven også.

  2. Siv sier:

    Handleliste er herved skrevet; dette blir dagens middag. Gleder meg!:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *