Hylleblomstsaft – video til inspirasjon

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Blomane er så lyse og lette. Som store paraplyar breier dei seg over heile hylletreet. Du visste vel at du kan lage saft av desse blomane? Smaken er sommarleg og forfriskande. Safta er enkel å lage og om du lagrar den på flasker eller frys den ned, kan du smake på sommaren langt utover hausten og vinteren!

Lone Landmand har laga ein nydeleg video som eg vil dele med dykk i dag!

Dette skjønne biletet har eg lånt frå sida «Boy en Girl».

Lone Landmand si heimeside, «Beretninger fra et autentisk landbrug» finn du her. Der ser du også ei lenkje til videoen og ei lenkje til oppskrifta på hylleblomstsaft. Om du vil gå rett til den stemningsfulle videoen finn du den her.

Og hugs; om du vil smake på hylleblomst-lukka, så må du gjere det fort!

Kanskje blømer hyllen berre ei veke til!

I juli er det for seint!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *