Jordbærsorbet

1 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 1 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Jordbær er kanskje den aller beste sommarsmaken! Når ein så kombinerer jordbær, pittelitt blåbær og litt bringebær og lagar sorbet, ja då er ein så nær sommarlukke som ein kan kome!

Eg har brukt ei av Eyvind Hellstrøm sine oppskrifter frå boka «Iskremfabrikken» som utgangspunkt og så modererte eg den alt ut i frå kva eg hadde i kjøleskapet.  Eg brukte mest jordbær, og så putta eg i litt blåbær og bringebær til slutt.

Dette treng du:

700 g jordbær

200 g bringebær

100 g blåbær

(eller du tar berre jordbær eller bringebær)

200 g sukker

1 dl vatn

2ss lys sirup

safta av ein sitron

Sånn gjer du det:

Lag ein puré av bær, sukker, sirup og sitronsafta. Bruk stavmiksar eller hurtigmiksar. Sil blandinga og køyr den i iskremmaskinen til den er tjukk og glatt.

Gode tips:

Du kan bruke kva som helst slags bær du vil når du lagar sorbet – prøv deg fram! Når det gjeld sukkermengda i denne oppskrifta, så skal eg bruke litt mindre neste gong. Det blir søtt nok likevel…. Dersom du ikkje har iskremmaskin, så må du anten kjøpe deg ei eller så har du sorbetblandinga i ei skål i frysaren og så rører du kvart 10 minutt. 

Ha gjerne sorbeten over i ei boks med tett lokk og set litt i frysaren før du serverer (den set seg litt meir då, blir fastare). Lag fine kuler eller ta det som det passar. Server gjerne med frisk frukt. Eg har lagt min elsk på fersk aprikos og meiner at det passar til kva som helst!

HUGS; når du serverer mat til gjestar, så et vi litt med augene óg! Pynt gjerne fatet eller skåla med det du måtte ha! Når det er sommar og hagane er fulle av  blomar, så er det berre å plukke med seg inn og dekorere maten!

Dersom du vil kjøpe Eyvind Hellstrøm si bok «Iskremfabrikken», så har dei den på tilbod på haugenbok.no! Klikk på denne lenkja så kjem du direkte til boka på haugenbok.no sine sider!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Sommarmat, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *