Stroganoffgryte – ti gongar betre enn Toro!

18 Flares Twitter 0 Facebook 18 Pin It Share 0 Filament.io 18 Flares ×
Print Friendly

I går valfarta vi ymse fotballstadion i rundt om i distriktet på både miniturneringar og vanlege fotballkampar. Slike dagar går tida veldig fort og ein har knapt tid til å tenkje på å ta til seg føde. Meir eller mindre i hèlsvoltne kom vi heim og lurte på kva vi skulle lage oss til mat. Både pizza, lasagne, pasta bolognese og taco vart nedstemt, ungane ville ha noko skikkeleg å ete. Butikken hadde mør og god biff, så då vart det til at vi laga stroganoffgryte. Det kan kanskje vere fort gjort å ty til ein Toro-pose når ein skal lage noko godt i ein viss fart, men om du 10-15 minutt ekstra, så kan du like godt lage stroganoff frå botnen av.

Dette treng du:

ca 600-800 g biff eller biffstrimlar

6 store sjalottløk

1 stor paprika

3-4 store sjampinjongar

2 ss god kjøtkraft (bruk gjerne fond frå storfe)

1 lite glas tomatpurè

1 kartong fløte

2 dl vatn

salt

pepar

 

Slik gjer du det:

Skjær løken i store bitar, paprikaen i passe bitar og soppen i små båtar. Steik dei i godt smør, kvar for seg på steikepanna. Legg over i ei gryte etterkvart som du har steikt ferdig. Steik kjøtet til slutt. Pass på at det har vorte romtemperert.

Ha fond, tomatpurè, vatn, fløte, salt og pepar i gryta i lag med resten av ingrediensane. Bland alt godt og la alt koke til det har tjukna litt, om lag 20-30 minutt. Då er gryta ferdig.

Medan gryta putrar i veg lagar du til tilbehøret. Ta det du likar best; vi brukar jasminris og al dente grønsaker (blomkål, brokkoli og gulrot), men du kan heilt sikkert vere meir kreativ enn det!

Dette er ein utruleg enkel stroganoff-variant som Toro på ingen måte kan måle seg med! «Mamma, dette er ti gongar betre enn Toro», ropte eldstemann med glede i stemma! Og han har sjølvsagt heilt rett i det.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , , , | 4 Kommentarer

4 Responses to Stroganoffgryte – ti gongar betre enn Toro!

  1. siljek_88@hotmail.com sier:

    Hei!

    Denne oppskriften skal jeg prøve ut – men til hvor mange personer er den ? 🙂

    • Tove sier:

      Hei Silje!

      Takk for at du minner meg på at eg gløymer å skrive kor mange personar oppskriftene er til!!! Denne stroganoffgryta er nok til seks personar. Vi er to vaksne, to store ungar og ein lita ei. Vi åt oss gode og mette i tillegg til at der vart litt til overs. Lykke til!

  2. Arne sier:

    Dette var bra!
    Vi brukte gris istedet for biffkjøtt og meget bra resultat

  3. Lisa sier:

    Det smakte Helt nydelig! Tusen takk for oppskrift og inspirerende bilder 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *