Heimelaga is – rein nytelse!

1 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 1 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

logoSunnmøringane går ei varm veke i møte, så kva smakar vel då betre enn god, heimelaga is! Denne oppskrifta er frå arkivet og vart fyrste gong publisert for eitt år sidan. Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no. Meir om dette samarbeidet kan du lese om her.     

OK – så vart eg hekta. Ein gong prøvde vi den, og vi vart absolutt hekta! Eg kjøpte meg nemleg ismaskin i går og har kosa meg med Eyvind Hellstrøm si bok; «Iskremfabrikken» i dag. Etter å ha lese litt att og fram fann vi ut at vi skulle prøve å lage ein heilt «vanleg» is. Ungane ville laga både det eine og det andre, men vi enda opp med å lage Hellstrøm sin vaniljeiskrem.

Det går sikkert an å lage denne isen utan ismaskin, men det er meir tungvint. Og så går det heilt sikkert an å bytte ut sukkeret med anna søtingsmiddel (folk med diabetes er også glade i is!).

Dette treng du:

5 dl heilmjølk

2,5 dl kremfløte

200 g sukker

6 eggeplommar

1 eller 2 vaniljestenger

Slik gjer du det:

Del vaniljestengene på langs og skrap ut alle frøa. Kok opp mjølk, fløte, vaniljestengene og frøa. Ta kjelen til side med ein gong det har kokt opp, sett på lokk og la det trekke i 20 minutt.

Pisk egg og sukker til eggedosis. Tilsett mjølk- og vaniljeblandinga i eggedosisen under omrøring. Ta denne blandinga over i ein kasserolle og varm opp til ca 80 grader under omrøring til det har tjukna litt. Dersom du ikkje har termometer, så er er det 80 grader rett før den fyrste kokebobla kjem. Ta den av plata når du ser små krusningar i overflata. Blandinga må ikkje koke.

Sil blandinga over i ein bolle og avkjøl. Isblandinga må vere heilt kald før du har den i ismaskina.

Når ismassen er kald, slår du den rett i ismaskinen. Nokre maskiner kontrollerer når isen er ferdig, viss ikkje så står maskinen og går til du får den konsistensen du vil ha. Min is stod i om lag 40-50 minutt og så fekk den stivne litt ekstra ei lita stund i frysaren.

heimelaga is

Visste du dette?

På 1920-talet fekk immigrantane på Ellis Island i New York servert vaniljeiskrem som ein del av eit «Welcome to America»-måltid. Mange trudde det var smør og prøvde å smøre iskremen på brødet!

Slik såg det forresten ut «bak kulissene» då eg tok bilete av isen i kveld. Eg tok med meg ein Ikea-krakk, ein duk, ein spegel (for å fange litt meir lys), nokre blomar, kamera og sjølvsagt; isen! Vi har ein gammal fjøs på tunet og krakken vart plassert inntil favorittdøra mi. Den er gammal og maling flassar av, men så full av minner om ei tid som var. Eg er så glad i den duse grønfargen!

Fjøsdøra var ein gong mykje i bruk. Dei hadde sauer på garden her. Og sau. Og oksar. No er det tomt i fjøsen, men draumen er å nok ein gong kunne fylle fjøsen med liv og røre! I løpet av sommaren skal døra slipast ned og malast på nytt.

Boka «Iskremfabrikken» er skriven av Eyvind Hellstrøm og Jan Hellstrøm. Dei to er brør og har vakse opp med ein onkel som hadde isfabrikk i Moss; » Frisk-O-Go». I barndomen og ungdomen vart mesteparten av fritida tilbragt på fabrikken hos onkelen, der dei både fekk hjelpe til i produksjonen og med levering. «Vi var alltid bleke og luktet vanilje», har Eyvind Hellstrøm sagt om oppveksten sin.

Anten du har ismaskin eller ikkje; denne boka treng du i samlinga di! Du får kjøpt på haugenbok.no . Klikk på denne lenkja for å kome direkte til boka.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Sommarmat, Søt dessert, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , | 6 Kommentarer

6 Responses to Heimelaga is – rein nytelse!

  1. Renate sier:

    Hei 🙂 Tusen takk for innlegget til vaniljeis- oppskriften av Helstrøm 🙂 Kjøpte ismaskin i går og det endte med vaniljeis som førstevalg og har nå laget den ferdig 🙂 Smaker kjempegodt og det kan ikke sammenlignes med vanlig vaniljeis fra butikken 🙂

    • Tove sier:

      Du har heilt rett! Heimelaga is smakar rett og slett berre fantastisk! No er det ulike typar sorbet som vert testa!

      • Renate sier:

        Oi.. Såpass ja 🙂 Det høres bra ut 🙂 Har du en link på den testen? Hvis det står på netttet da naturligvis 🙂 Flotte bilder du har tatt også forresten 🙂

  2. Tilbaketråkk: Vaniljeis med bringebær og søt pesto | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  3. Lykke sier:

    Bra blogg!
    Lurer på kva iskremmaskin du har, og om du er nøygd? Eg har tenkt å kjøpe meg ei, og lir valgets kvaler akkurat no 🙂

    • Tove sier:

      Hei «Lykkelivet»!

      Tusen takk for tilbakemelding på bloggen min! Eg har ei Krups ismaskin og er godt nøgd med den. Den er av typen der sjølve bollen må stå i frysaren heile tida. Når du då skal lage is er den djupfrosen og det går fort å lage is. Dersom du går veldig mykje opp i pris får du ei ismaskin der du ikkje treng å fryse bollen på førehand. Der er alt integrert og maskinen kjøler sjølv ned isen.

      Det eg likar godt med Krups-maskina mi er at den rommar mykje is. Dersom du brukar isoppskriftene i boka til Eyvind Hellstrøm, så er det rause og gode oppskrifter. Ei mindre ismaskin ville ikkje hatt kapasitet til å lage så mykje. Ein annan ting eg likar er at det er ei maskin som tek liten plass. Bollen står heile tida i frysaren og då er det berre eit lokk, ein ring og sjølve motoren på toppen som treng skapplass – superpraktisk! Ei større ismaskin med eige kjøle/fryse-system er ganske stor og tek mykje plass.

      Eg vil seie at dette er ei super nybyrjarmaskin, men som likevel har god kvalitet og kapasitet. Eg kjøpte mi på Elkjøp. Dei har den til kr. 749 som utsalspris, men eg sjekka prisen hos Lefdal og der var den mykje billegare. Eg sa til Elkjøp at eg ville handle hos dei, så då slo den kjekke Elkjøp-karen av på prisen slik at eg fekk den til Lefdal sin pris. Sparte kr 250,-! Sjå på denne lenkja: http://www.elkjop.no/product/hjem-og-pleie/kjokkenapparater/GVS141/krups-iskremmaskin?scid=12531&gclid=CJni1MaS-LACFW4umAodTDwnOQ

      For alt eg veit kan det hende du er ein røynd iskrem-makar, men viss ikkje så vil eg gjerne få anbefale Hellstrøm si bok «Iskremfabrikken». Akkurat no er den på kjempegodt tilbok hos haugenbok.no. Den kostar eigentleg kr. 449,-, men no får du den til kr. 289,-. Boka er full av gode historier og fantastiske oppskrifter på is, sorbèt, dessertar med is etc. Lekre bilete og svært enkelt forklart. Dersom du går direkte på denne lenkja får du den til tilbodspris: http://www.haugenbok.no/pix.cfm?pid=140&n=9788203239007

      Eit lite tips når det gjeld is: eg set den i frysaren etter at den er ferdig i ismaskinen, slik at den vert litt fastare.

      Håper du fekk noko klokt ut av svaret mitt!

      Med helsing ToveHD

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *