Dagens middagstips: Pannekakefavoritt!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg har eigentleg aldri vore særleg glad i pannekaker. Det kan ha noko å gjere med at det kjennest feil å ete ein middag som ein strør sukker og/eller sylte på, eller det faktum at å steikje pannekaker er uendeleg kjedeleg…. I alle fall når vi er mange til bords. Men ungane elskar det, så eg må sjølvsagt ha pannekaker med jamne mellomrom. Eg prøver meg likevel fram med litt ulike variantar.

Pannekakevarianten i dag er vel ikkje verken utradisjonell eller kulinarisk spennande, men det går i alle fall ned på høgkant i heimen! Og så er det super sommarmat!

Pannekaker med fyll er spennande, fordi du kan variere fyllet og ta akkurat det du likar best. Denne gongen laga eg eit kjøttfyll basert på restar vi hadde kjøleskapet.

Dette treng du:

Steik pannekaker, bruk oppskrifta du alltid har brukt, eller varier med litt grovare mjøl (bruk berre pittelitt sukker). Bruk gjerne litt soltørka tomat eller ulike krydder.

Lag så fyllet. Eg brukte ein pakke kjøtdeig og restar av pølser. Surr kjøttet, ha i ei lita boks hermetisk tomat, krydre med det du likar best. Det går også heilt fint å bruke berre salt og pepar.

Legg fyllet på pannekakene og rull dei samen. Legg dei i ei eldfast form og strø over ost.

Eit lite tips når det gjeld osterestar: Vi har som regel alltid små osterestar i kjøleskapet. Gjer det til vane å raspe dei små ostebitane, putte dei i ei boks eller ein pose og frys ned. Neste gong du har ein osterest berre fyller du på i lag med det du allereie har. Slik ost er super å bruke både til pizza, omelettar, ostesmørbrød, lasagne og mykje, mykje meir! 

           

Steik dei fylte pannekakene i omnen på 225 grader til osten er gyllen og fin, om lag 25 minutt.

Medan pannekakene steikjer lagar du tilbehør. Den viktigaste «side dish`en» her er ein god og fargerik salat. Eg brukar ulike sortar salatblad, cherrytomatar, nøtteblanding for salat og god olivenolje. Dekorer salaten rundt fatet, slik at det blir plass til den fylte pannekaka i midten.

Det er supergodt å dyppe pannekakene i ein god rømmedressing. Eg gjer det på enkelt vis; du treng eit beger lettrømme (gjerne økologisk), 3 kvitløksfedd, litt Maldonsalt og grovkverna pepar. Finhakk kvitløken og bland i lag med salt og pepar i rømmen. La den stå på benken til du skal servere.


         

Om ungane likar dette???? JA, det gjer dei! Dei elskar både pannekakene og tilbehøret. Konklusjonen er difor at pannekaker er godt, uansett kva ein puttar i dei! Då har eg meir sans for pannekaker på denne måten, i staden for pannekaker med sukker og syltetøy. Dersom du vil ha ein supersunn variant droppar du sukkeret fullstendig, brukar grovt mjøl og fyller pannekakene med grønsaker, bønner etc. Salat er alltid korrekt tilbehør! Og om du ikkje vil stå og stekje pannekaker heile ettermiddagen, kan du sjølvsagt bytte ut pannekaker med tortilla.

E   N   J   O   Y            Y   O   U   R          M   E   A   L   !


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Middag - kjøt, Smårettar, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *