Torsk med urtelokk

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Etter fleire dagar med avslutningar her og der, kjende vi behovet for ein god fiskemiddag. Eg kjøpte inn Strøm Torsk back loin og komponerte ei oppskrift med mange gode smakar og fargar;

Ovnsbakt torsk med urtelokk, jordskokkpurè, juliennegrønsaker, karamellisert løk og amadinepoteter.

Dette treng du til seks personar:

Til fisken:

To stk filètar med Strøm Torsk back loin, om lag 500 gram

To planter med basilikum

Ein plante kruspersille

God parmesan

1-2 dl olivenolje

Brødsmular

Til jordskokkpurèen:

Om lag 500 g jordskokk (du finn det i velassorterte daglegvarebutikkar)

1-2 dl fløte

Salt

Pepar

Ein liten klatt smør

Til den karamelliserte løken: 

4 løk

Vatn

Usalta smør

Pepar

Til  julienne-grønsakene

Gulrot

Sellerirot

Squash

Til potetene (forvarm ovnen til 225 grader):

Så mange poteter som du trur du treng

Olivenolje

Kvitløk

Maldonsalt

Nykverna pepar

Tørka rosmarin

Til anretting til slutt:

Ruccolasalat

Det aller fyrste du byrjar med er å legge fiskefilètane på kjøkkenbenken så dei får temperere seg. Deretter går du laus på grønsakene:

  • fyll ein romsleg bolle med iskaldt vatn som du har grønsakene i etterkvart som du har skrella dei
  • skrell gulrøter, jordskokk og sellerirot
  • vask amadinepotetene (bruk andre småpoteter om du ikkje får tak i anna)

Skjær gulrot, sellerirot og squash i tynne, firkanta stenger (det er dette som er grønsaker julienne). La dei ligge i det iskalde vatnet til dei skal kokast. Dersom du har andre grønsaker du vil bruke, så gjer du sjølvsagt det!

Legg potetene i ei eldfast form.

Vend dei i olivenolje – ver raus!

Strø over maldonsalt, nykverna pepar og tørka rosmarin

Ta 4-5 kvitløksbåtar, ikkje ta av skalet.

Legg kvitløksbåtane mellom potetene.

Set potetene i forvarma ovn og steik dei i ca 30 minutt. Snu på dei med jamne

mellomrom. Legg alufolie over når du tek dei ut av omnen.

Medan potetene steikjer lagar du resten av tilbehøret og gjer klar

fisken. Du skal altså lage klar den karamelliserte løken, jordskokkpurèen og

julienne-grønsakene.

 

 

 

 

 

Slik lagar du karamellisert løk:

Skrell fire løk, del dei i to og skjær tynne skiver. Ha ein raus klatt usalta smør i steikjepanna og ha i løken når smøret har smelta. La løken steikje i ti minutt, rør av og til. Etter ti minutt slår du over 2-3 ss kaldt vatn og la løken steikje i ti nye minutt. Gjer same øvelsen to gongar til (dvs 2 ss vatn – steik 10 minutt – 2 ss vatn – steik 10 minutt). Då skal løken vere karamellisert og fin. Om du vil ha den endå brunare og mjukare er det berre og ta ein gong til med vatn+steiking.

Slik lagar du jordskokkpurè:

Skjær jordskokkane i mindre bitar og la dei koke til dei er møre. Tilsett varm fløte og mos med ein stavmiksar til du får ein fin og kremig konsistens på purèen. Smak til med salt og pepar. La purèen stå til du skal anrette maten. Du må varme den kjapt opp før du legg den på tallerken. Dersom du vil ha ein tynnare konsistens er det berre å tilsette litt meir fløte.

Slik lagar du urtelokket til fisken:

Knip av blada på basilikumplanten og ha dei i ein blender. Tilsett ein god bunt med kruspersille, litt olivenolje, riven parmesan og ein neve brød (ta ein neve av innhaldet i eit brød). Slå på blenderen og lag ein fin purè av urtene, juster evt. med olje for å få rett konsistens. Purèen skal vere litt fast.

 

Skjær fisken i porsjonsstykker og legg dei i ei eldfast form. Strø salt og pepar over og fordel så over urteblandinga. Når potetene har stått i ca 30 minutt (ta ut ei potet og del i to for å sjekke om dei er ferdige), så skrur du ned temperaturen til 200 grader og set inn fisken. Den skal steike i ca 12 minutt. Etter 12 minutt deler du eine fiskestykket med ein kniv for å sjå om den er ferdig.

 

Rett før fisken er ferdig har du litt vatn og ein klump smør i ei panne til å koke julienne-grønsakene i . Du må ikkje mykje vatn. Grønsakene treng ikkje koke meir enn to-tre minutt før dei er ferdige. Når fisken er ferdig tek du den ut av omnen og let den kvile med litt alufolie over seg.

No må du anrette herlegheitene! Lag ei seng av ruccolasalat på ein tallerken som du legg potetene på. Legg så jordskokkpurè ved sidan av, legg eit fiskestykke på toppen. Til slutt legg du på julienne-grønsakene og den karamelliserte løken. Pynt med litt grønt.

Du  kan lese meir om Strøm Torsk her!

Om du bur i nærleiken av meg, kan du kjøpe Strøm Torsk på EuroSpar i Ørsta!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *