Rosa kakedraum

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Minikokken har nettopp hatt 5-årsbursdag og det vart sjølvsagt feira stort i to dagar til ende! Ho hadde planlagt menyen i lang tid og det aller viktigaste var bursdagskaka. «Eg vil ha rosa kake, mamma!», var bestillinga! Så rosa kake vart det! Denne gongen kjøpte eg ferdig kakebotn (har funne meg ein favoritt), for eg hadde verken tid eller nok egg til å fikse ein heimelaga botn! Av og til må det rett og slett gå fort – sånn er det berre med den saken!

5-åringen ville ha alle favorittingrediensane på kaka si: rosa krem, vaniljekrem, jordbær, marsipan og pikekyss. Om du snart skal arrangere jenteselskap og vil lage ei liknande kake, treng du desse ingrediensane:

  • ein kakebotn, sukkerbrød
  • 2-3 pakkar fløyte
  • sukker til kremen
  • rosa sukkerpasta (for farge)
  • vaniljekrem
  • 1/2 marsipanpølse
  • jordbærsylte
  • mjølk til å dynke kakebotnen med
  • to pakkar pikekyss

Slik gjer du det om du eller ungane vil lage ei søt og rosa kake til ein jentebursdag eller for å leite fram sola ein regnvèrsdag (ps! det går raskt å lage denne kaka…):

  • Tøm to kartongar med fløte i ein bakebolle, tilsett 1 dl sukker og 1/2 dl sukkerpasta. Pisk til krem. Tilsett meir sukkerpasta om du vil ha sterkare farge.
  • Del kakebotnen i tre og dynk kvar del med mjølk. Bruk ei skei og fordel mjølk utover botnen.
  • Legg eine botnen på eit kakefat og smør godt på med jordbærsylte. Klipp eit hol i kartongen med vaniljekrem (ja, eg sa at kaka var rask å lage, ikkje sant? Då rekk ein ikkje å lage heimelaga vaniljekrem…), knip ut vaniljekrem og legg eit lag over jordbærsylta.
  • Legg over eit godt lag med rosa krem.
  • Legg på kakebotn nr. 2 og smør med jordbærsylte.
  • Dekk så sylta med marsipanskiver før du har over eit lag med rosa krem.
  • Legg på kakebotn nr. 3, altså det aller øverste laget. Smør resten av den rosa kremen på toppen av kaka. Ver gjerne raus!
  • Pisk så den siste kartongen med fløte (jepp, vi er no på tredje kartongen – dette er ei kakebombe!), ha i litt sukker (2-3 ss).
  • Ha den piska kremen i ein sprøytepose for å lage fine border opp på sida av kaka.

  • Pynt med pikekyss p åtoppen av kaka, sprinkle litt sukkerkuler eller anna kakepynt mellom pikekyssa.
  • Kaka smaker best om ho får stå nokre timar i kjøleskapet før du serverer den.

Variasjon

Om du vil variere smaken på kaka, kan du godt bruke banan i skiver i lag med jordbærsylta, du kan bruke fersk jordbær i staden for sylte, du kan dynke med lake frå fruktblanding, du kan dynke med juice/nektar, du kan legge eit band med marsipan rundt kaka i staden for krem m.m.

Det vil heilt sikkert smake godt med Troika i bitar mellom laga, eller annan raspa sjokolade. Kanskje litt heimelaga krokan?

Poenget mitt er at du kan lage kaka akkurat som du vil, med dei smakane du likar aller best! Både minikokken og gjestane var svært nøgde med kaka, som vart veldig saftig og god. Og den skiva marsipanen var ein suksess!

Eg meiner ikkje at ein skal ete kake til kvardags, men av og til er det nokon som treng ei oppmuntring, eller så er der noko som kan feirast, eller så er ein rett og slett litt søthungrig og lysten på ei kake som kan toppe dagen! Vi kan alltids finne noko å feire i kvardagen!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Rosa kakedraum

  1. Synnøve sier:

    Såg meget god ut…
    Men må pröve å ta vekk litt av kremmen ellers kan ikke gubben spise…Men skal jammen det pröve å lage den :))

  2. Linda sier:

    Takk! Det var akkurat det jeg trengte! 5-åringen kommer til å bli superglad!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *