Kylling med bacon og brie

12 Flares Twitter 0 Facebook 12 Pin It Share 0 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

Å fylle ein kyllingfilèt med ost kan gi ei heilt ny smaksoppleving. Og om filèten vert rulla i saftig og godt bacon blir opplevinga endå større! Med å bruke ulike sortar ost kan smakane varierast i mange retningar. Denne gongen valgte eg å fylle med økologisk brie og det gir ein litt kittaktig smak til kyllingen.

Dette treng du:

Kyllingfilèt (ein per person er nok)

1 brie

Bacon (ei skive per filèt)

Salt, pepar og anna krydder som du måtte like

Godt tilbehør:

Til denne retten passar det best med poteter eller ris. Eg brukar ovnsbakte poteter (småpoteteter i ei form med olivenolje, Maldonsalt, grovkverna pepar, kvitløksbåtar og rosmarin – steik på 225 grader (gjerne varmluft), vend potetene av og til, sjekk om dei er ferdige – treng om lag 30 minutt).

Ein fargerik salat må ein sjølvsagt ha! Bruk gjerne ulike sortar salatblad, småtomatar, raud løk, agurk, mais etc. Ta det du har eller det du likar best! Vend salaten i olivenolje og litt balsamicoeddikk før servering.

Slik gjer du det:

Skjær ei lomme i kyllingfilèten som du skal putte brien i. Pass på at du ikkje skjær heilt gjennom til motsett side. Skjær avlange bitar av brien og putt i lomma. Ta baconskiva og surr rundt filèten. Pass på at enden på baconet vert liggande under filèten. Legg kyllingen i ei eldfast form.

Steik kyllingen på 225 grader i omlag 20-25 minutt. Eg alltid tatt steikinga litt på ein slump, men det blir som regel alltid bra om eg tek filètane ut når baconet har fått ein gyllen og fin brunfarge.

Når kyllingen er ferdig serverer du med varme poteter og salat. Dei ovnssteikte potetene kan du lage ferdige før du steikjer kyllingen. Dekk berre forma med folie og potetene har «heilt klart til å ete»-temperatur når kyllingen er ferdig. Om du vil kan du frese dei opp i omnen medan kyllingen kvilar seg litt etter steikinga.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Salat | Tagged , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Kylling med bacon og brie

  1. Tilbaketråkk: Ny 3-retters på familieverden.no | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *