Pølseutfordring med fin premie!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Alle som har born i skulen og born som er med på fritidsaktivitetar veit akkurat korleis dei komande vekene vert; det er avslutningar, avslutningar og avslutningar. Og på alle lappane i alle ranslane står det ofte «ta med grillpølser». Så når vi kjem til jonsokaftan er vi så leie av grilla pølser at vi nesten ikkje orkar synet av dei. Eg har ikkje tal på kor mange pakkar med pølser som går med i ein A4-familie desse junivekene.

I år har eg tenkt å vere litt meir budd og kreativ, men ikkje så ytterleggåande at ungane ikkje vil ete det eg lagar til eller at andre sine ungar rynkar på nasen når dei ser kva min ungar må ha med seg på tur og avslutning.

Eg veit at eg har mange med meg når eg seier at eg vil ha eit alternativ til dei «vanlege» grillpølsene. Kan vi klare å gi ungane våre ei litt meir spennande matoppleving med pølser? Sjølv om dei berre skal på ein pitteliten piknikk med klassen eller på sommaravslutning med fotballaget? Så difor kjem eg med ei aldri så lita og uhøgtidleg utfordring på bloggen min i dag:

HAR DU EI OPPSKRIFT ELLER EIT TIPS PÅ GOD PØLSEMAT SOM KAN VERE EIT ALTERNATIV TIL  PØLSE MED BRØD? 

Kriterie

Alle utfordringar må ha visse kriterie å gå etter, slik at deltakarane veit kva som krevst.  I denne uhøgtidlege utfordringa har eg kome fram til fylgjande kriterie:

  • det må gå relativt kjapt å lage maten
  • det må ikkje vere for dyre råvarer eller for avansert tilbereding
  • maten må tole sykkelturar, skogsturar, ventetid i sol og regn, klatring i tre, nysgjerrige maur og misunnelege blikk frå klassekameratar eller vener
  • ungane må vere i stand til sjølve å kunne ordne med maten etter at dei er komne fram til leirplassen – det må gå raskt frå maten kjem opp av sekken til den er klart til å ete
  • ingrediensane må vere barnevennlege, men med høve for å avansere til meir vaksne smakar

Bilete: www.storkjokken.nortura.no

Matprat.no har fleire gode alternativ til den ordinære grillpølsa med brød, ketchup og sennep. Her kjem eit knippe oppskrifter som kan vere greie å prøve (alle bilete og oppskrifter er henta frå matprat.no. Klikk på dei markerte lenkjene under bileta for å kome til oppskrifta).

Kanskje kan fylte grillpølser verte ein favoritt kring bålet? Lag dei kvelden før, pakk dei i folie og så er dei klare til å legge på bålet neste dag. Fyll dei med noko ungane likar godt! Om du rullar ei skive bacon rundt og pakkar pølsa i folie, vil baconet verte steikt inne i folien medan pølse ligg på glørne i bålet. Send med ungane ei stor klype til å løfte pølsene ut av glørne med.

Pølser innbakt i butterdeig og ost smakar like godt kaldt som varmt. Du kan skjære pølsene i mindre bitar eller pakke dei inn i butterdei g så lange som dei er! Legg dei i folie og så kan ungane raskt legge dei på bålet for å varme dei om dei vil (…og har tid!).

Pølsespyd er alltid populært! Det er kanskje ikkje særleg trygt å sende med ungane  lange, spisse spyd i tursekken, men dersom du trer på ingrediensane og knekk spyda i begge endar så er det ingen skumle saker som stikk utanfor. Du kan fint pakke dei i ein foliepakke som kan leggasat på bålet. Dersom det går an å grille på rist, kan du putte dei «amputerte» spyda i ei matboks og legge dei rett på grillen. Send med ungane ei pølseklype slik at dei enkelt kan snu på spyda sine.

Dette var nok tips frå mi side – eg har trass alt annonsert ei u t f o r d r i n g ! No vil eg sette stor pris på om du har «superalternataive»-pølseidéar å bidra med! 

PS! DU MÅ GJERNE BRUKE ANDRE PØLSER ENN DEI «VANLEGE» GRILLPØLSENE! Og kanskje har du gode idèar til «ta med på tur»-mat og «avslutningar på alt mogleg»-mat som IKKJE handlar om pølser???

Slik gjer du for å delta:

  • legg att oppskrifta di eller lenkje til blogginnlegget ditt i kommantarfeltet til dette innlegget
  • spre ordet om utfordringa, legg gjerne ein link på bloggen din eller på facebook – trur det er mange som har gode tips der ute!

Ein pølseglad jury (mellom 2 og 13 år) vil uttale seg om oppskriftene og evt smake på smaksprøver, slik at vi kan kåre ein favoritt i den uformelle utfordringa mi!

Det blir sjølvsagt ein premie til den som vert kåra som favoritt! Kan røpe så mykje som at premien vert ei matbok som kan inspirere deg til nydeleg mat i heile sommar! Matbøkene mine handlar eg på haugenbok.no.

Frist for å levere inn ditt bidrag: TYSDAG 12. JUNI. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Smårettar, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , , | 11 Kommentarer

11 Responses to Pølseutfordring med fin premie!

  1. Synnøve sier:

    Hörtes ut som ei god ide.
    Man blir fort lei pölser.

    Nabogutten spurte meg for en tid tilbake om eg visste hvad som var hovedingrediensen i lompe….
    Eg tenkte meg nöye om så sa et potet…
    Han begynte å haukflire så ser han på meg og svarer… PÖLSE :))

    Ha ei fin aften nå.
    Synnöve.

  2. Gunnhild sier:

    Heisann, Tove! Har ikkje pølseoppskrift, men oppskrift på eit knakande godt pølsebrød har eg. Desse lagar eg monge av og fryser ned. Vi brukar oppskrifta også til hamburger. Hugsar ikkje kvar eg har den frå, men med litt modifikasjonar går det vel an å sende vidare.

    600 g kveitemjøl
    1 pk tørrgjær
    1 ts gurkemeie
    1 raudlauk (hehe… må slå til med litt nynorsk)
    1 paprika
    2 egg (kan sløyfast veit du for dei som ikkje skal ha det)
    3 dl vatn
    4 ss olivenolje
    sesamfrø og evt egg til pensling

    Finhakk løk og paprika. Lag vanleg gjærdeig og bland alt i.

    Stor suksess i heimen her 🙂

  3. sukkerfeen sier:

    Hei! Pølser er en hit her i huset hver gang det, sønnen vår går aldri lei hehe. Hva med Pølse i vaffel? Det er nemlig tradisjon i noen av østfoldbyene 🙂 Det er faktisk veldig godt!

  4. Cathrinolini sier:

    Ikke egen ide, ei heller egnet for grill, men en veldig kul pølseting å gjøre for å glede barna:
    Fra bloggen Barnetoppen, her kommer HÅRETE PØLSER!
    http://barnetoppen.blogg.no/1304276371_tips_hrete_plser.html

  5. Tilbaketråkk: Pølsesesongen « Lammelårtanker

  6. Lammelåret sier:

    Jeg synes du har mange gode tips, jeg!
    Ble inspirert av bloggposten din og skrev om pølser på spyd, som du kan lese om her:
    http://lammelaartanker.wordpress.com/2012/06/06/polsesesongen/

    Det er også godt med innbakte pølser i vanlig pizzadeig, f.eks surre en stripe deig slik at litt av pølsen stikker fram, men det krever stekeovn.

  7. Moccamamma sier:

    På vei inn i uka med avslutninger og sommerfester med varm grill prøver jeg å vri hjernen.
    Jeg kommer til å teste pølse med pastasalat. Tenker at jeg sender med en boks med salat med kokt fullkornsmakaroni, tomatterninger, agurkterninger og mais. Her kan man jo gå for kun makaroni og evt ketchup, eller mer avansert salat ut fra hva barnet liker av dressing og tilbehør. Det enkle er at det er i en boks, og ikke trenger varmes. Pølsa/pølsene snittes slik at de blir lette å dele i biter etter at de er blitt grillet, sånn de gjør på gatekjøkken 🙂 Da trengs kun en gaffel til å dele pølsa og spise den med salaten.

    Pakker med potet og gulrot i terninger, litt smør, salt og pepper etter smak er lett å legge på grillen, og blir fort ferdig, og egentlig kan jo bare pølsa skjæres i biter og ligge i aluminiumsfolien sammen med grønnsakene. Blir muligens veldig godt med litt krydret pølse?

    Dette er altså upløyd mark, men takk for utfordringen som kanskje gjør grillfestene litt mer spennende i matveien 🙂

    Moccamamma

    • Moccamamma sier:

      Da er variant med kald salat med varm pølse utprøvd, og det gikk ned hos både liten og stor. Krainer pølser fra Gilde var en god variant, som ungene også likte godt. Å snitte pølsene var en hit:) Jeg kjente at grillmåltidet ble kjekkere med litt annen vri – alt i boks i bagen, og ungene spiste fra matbokser med lokk som er enkle å få med hjem uten å grise. Det kom jo noe bra ut av å bli utfordret til å tenke litt annet enn pølse og brød.

  8. Turid Otterlei sier:

    Forslag til «pølsemat på tur !

    Pølse i foliepakke

    Forslag 1
    Ringdal sin grillmår eller god middagspølse
    Små poteter
    Purre eller sopp etter kva barnet likar
    olje «raps»
    Steik «pølsebita» i litt olje «raps»
    Kok småpotetene slik dei «knapt» er ferdig kokt
    Legg dette på dobbel folie
    Dryss over bitar med purre/sopp og litt urter.Om du bruker tørre er «pizzaurter» eller «provence» gode alternativ
    Rull sammen folien over maten og i begge endane ! Legg pakken i en tett boks og «voila» ferdig grillmat til neste dag !!!
    Pakken kan varmast på rist,i utkanten av bålet eller leggast på varm stein over grue ! Pakk opp og nyt med gaffel eller fingrane !

    Forslag 2
    Grillpølser
    Paprika/kål/løk
    olje
    teriaky eller soyasaus
    ev ris

    Skjær grønsakene i strimlar ,og del pølsene i bitar . «Wook» dette raskt på panne .Tøm på dobbel folie ,legg ev på kokt ris og pakk sammen som forslag 1 !

    Forslag 3

    Gulrot
    pølse som barnet lika
    olje / demararasukker eller lønnesirup
    bittelitt salt ev maldon
    hakka purre/vårløk eller pressa kvitløk

    Vask og skrell gulrøttene ,om dei er store ,del dei på langs. Sjær dei i bitar på ca 1 1/2 sm . Kok dei so vidt møre og tøm i ei sikt over vasken . Sett panna tilbake på ovnen,tilsett olje og varm opp .Tøm i gulrot og dryss over sukker/ev sirup !Surr raskt i panna og tøm på dobbel folie Dryss over bittelitt salt,skjær pølsene i bitar og dryss over hakka purre eller pressa kvitløk og ev hakka persille eller timian . Om barnet er glad i tomat ,so legg i nokre sherrytomat og pakk som forslag 1.Og NB!!! dette smakar mykje bedre enn du trur !

    GRØNSAKER MED SPEKEPØLSE !

    Er barnet ditt glad i grønsaker kan dette være et alternativ ! Kok blomkål/brokkoli/sellerirot i bitar knapt møre over damprist. Sil og avkjøl . Legg på folie,dryss over salami/mår eller anna spekepølse i bitar. Tilsett hakka løk/kvitløk eller urter og lag foliepakke som forslag 1 !

    TOAST /STEIKTE BRØDSKIVER MED PØLSE

    Første skritt er alltid en god urteolje !! Denne kan godt stå kjølig over tid ,så går det fort å lage til en god «bålpakke»

    rapsolje
    timian
    rosmarin
    oregano
    basilikum
    merian……… eller «provence krydder»
    ev kvitløk,malt cajennepepper,paprika eller gurkemeie for litt smak og farge ! Vær forsiktig med mengdene her !

    Brød som barnet likar (gjerne halvgrovt)
    kvitost i skiver
    middagspølse eller salami eller anna pølse
    ev paprika !

    Om du brukar midddagspølse so steik desse på panne først . riv av en passe bit grill-folie . Pensle ei skive me urteolje og legg denne med den smurte sida ned på folien . Legg på ost,pølse.ev tynne ringa me paprika ,ei til brødskive og pensl me urteolje. Pakk sammen til «tett» pakke . Leggg gjerne pakken i boks ,slik den tåle turen betre !

    TIPPS !!!!!!!!!!

    Om ein penslar ei brødskive på begge sider, og pakkar den i folie er dette godt til tilbehør til pølser osv !

    SMÅGODT TIL «SPIDDEPINNE»

    Pølse i bitar
    paprikabitar
    «knapt kokte» småpoteter
    maiskolbe i bitar (lett dampa)
    løkbåtar
    minimais
    mini plommetomat eller sherrytomat
    mår i bitar

    Legg i en boks og send ev med en liten boks urteolje og en rimelig matpensel ! Så kan flinke barn ordne grilling uten å skjære sej 😉

    Håper du finn noko brukbart i mine tips 🙂
    mår i bitar

  9. Katrine sier:

    Hei. Litt forsinket, så jeg regner ikke med å komme med i konkurransen. Men siden jeg er veldig fonøyd med disse PØLSEKULENE deler jeg som tips allikevel 🙂 http://frasjeltilmage.matprat.no/2011/10/23/innbakte-polsekuler/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *