God, gammaldags rabarbrasuppe.

3 Flares Twitter 0 Facebook 3 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly


Eg blir aldri lei av rabarbra, så her kjem endå ei oppskrift som smakar sommar! 

Denne suppa er akkurat slik mormor brukte å lage den. Det er vel ikkje sikkert at ho flotta seg med vaniljesukker og stjerneanis, men det er heilt klart ingrediensar som vil vere med å heve denne suppa. Den kan etast varm på ein kjølig sommardag, eller kald på ein varm sommardag. Og du må gjerne legge ei kule vaniljeis i skåla før du serverer den!

Mormors rabarbrasuppe

250 g rabarbra

1 liter vatn

200 g sukker

1 1/2 ss potetmjøl

Om du vil kan du putte i ein stjerneanis og ei ts vaniljesukker. Stjerneanisen tek du ut før du serverer. 

Vask og skrell rabarbraen. Skjær den i bitar og putt den i ei gryte i lag med vatn og sukker. Kok til rabarbraen er mør og går litt i frå kvarandre, om lag 7-10 minutt.

Rør ut potetmjøl i kaldt vatn til ein jamn og litt tjukk graut. Hell det i den ferdigkokte rabarbrasuppa i ein tynn stråle medan du rører godt. Gi suppa eit raskt oppkok. Om du skal serverer suppa kald må du raskt sette den til kjøling. Om den skal serverast varm, er det berre å ha suppa i tallerkenar og servere med ein gong!

Enklare blir det altså ikkje! Om du har rabarbra i hagen må du for all del ikkje la den gå til spille! Er du ikkje så glad i rabarbra sjølv, så er det heilt sikkert ein nabo eller ein god ven som misunner deg rabarbraen din!

Lær ungane dine å like rabarbra og bruk den til å lage både dessertar, sylter og saft! Eller gi dei ein rabarbrastilk og ein liten kopp med sukker – du vil garantert gi dei opplevingar som i deira vaksne liv vil verte plukka fram som gode barndomsminner!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Sommarmat, Supper, Søt dessert | Tagged , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to God, gammaldags rabarbrasuppe.

  1. Synnøve sier:

    Vi kallar det for rabarberkräm på svensk… Gjett om eg hadde problemer först når nabon her sa dem skulle koke rabarbrasuppe….
    Men det er so godt så eg skal ta och koke litt idag 🙂 Ska ha litt vaniljesukker og en stjerneanis oppi når eg koker.. må ju berre bli nydelig smak på :))
    Klem Synnöve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *